Du er her

Placebodefekten

Tjomlid sitt bidrag til sortering av sant og falskt på helsefeltet er på mange vis imponerande. Men han avslører at han truleg er utdanna på Internett, vårt nye universitet.

Humanist Forlag, 2013. 454 sider

Nordmenn er blant dei friskaste i verda, men også blant dei som oftast gjer seg nytte både av helsetenester og alternativ behandling. I 2012 brukte vi 7 milliardar kroner på sistnemnde. Det meste er berre tull og tøys, ifølgje denne boka – om noko verkar, er det av heilt andre grunnar enn det «dei alternative» sjølv påstår.

Placebo eller ikkje, det handlar jo om å stimulere menneskets sjølvlækjande evner

Vi lèt oss lure, og kvinner oftare enn menn – sidan dei, og særleg om dei har høgare utdanning, er alternativbransjens viktigaste kundar. Det betyr ikkje nødvendigvis at dei er «alternative» av legning, dei fleste har samstundes også eit greitt tilhøve til «skulemedisinen».

Streng definisjon

Ser vi historisk på det, er det ikkje enkelt å definere kva som er «alternativt» eller ikkje, og boka har ein grundig diskusjon av omgrepet. Forfattaren sjølv føretrekker å skilje mellom dokumentert og ikkje-dokumentert medisin, men utan å reflektere over at skulle ein regulere praksis etter slike strenge normer, kunne halve psykisk helsevern og allmennmedisin avviklast. At noko ikkje er dokumentert, betyr ikkje at det er uverksamt.

Boka startar med eit besøk på ei «alternativmesse », deretter om forfattarens eiga oppleving av healing. Det sistnemnde går han inn for med liv og sjel, han vil så gjerne at det skal virke, og konkluderer nedslått når så ikkje skjer: «Jeg merket hvordan skuffelsen krøp mer og mer inn over meg.» Som lesar blir eg straks skeptisk, sidan forfattaren er ein aktiv skeptikar, og healinga var iscenesett nettopp av foreininga Skepsis, der Tjomlid er aktiv debattant og kjent bloggar. Denne foreininga, i beste oppsedingsånd, har påtatt seg å forvalte den kritiske og vitskaplege fornuft overfor falsk tale, kvakksalveri og lureri på mange områder.

Stablar med studiar

Og Tjomlid sitt bidrag til sortering av sant og falskt på helsefeltet er på mange vis imponerande. Heilt i samsvar med kravet om dokumentasjon rullar han ut stablar med studiar, og forklarer inngåande og pedagogisk kva vitskapleg dokumentasjon og «kontrollerte studiar» går ut på, og kvifor også «tunge» alternative tilnærmingar som akupunktur, homøopati og kiropraktikk ikkje lever opp til desse krava.

Her får eg eit problem. Kiropraktikk, som er godkjent i Norge, er det einaste av omtalte behandlingar eg har erfaring med. For ti år sidan, etter eit par års ryggplager, hamna eg på benken til ein slik praktikar. Ei behandling, og god rygg deretter. I boka får eg vite at det ikkje er vitskapleg dokumentasjon for dette – og då burde eg vel føle meg lurt?

Og grunnen til at vi lèt oss lure kan ha med dopamin å gjere, får vi vite. Men då er lureri farleg nær livet sjølv sidan det også heiter at: «Vi har et belønningssystem i hjernen som i bunn og grunn er årsaken til at vi eksisterer i dag» (s 329). Kanskje var eg berre «offer for placeboeffekten», slik forfattaren formulerer seg. I fleire kapittel gjer han greie for dette fenomenet, og arsenalet av illustrerande eksperiment og studiar er imponerande også her – likeeins tilvising til mange ulike psykologiske mekanismar som kan bidra til å skjøne fenomenet. Trass dette, det er i desse partia at forfattaren avslører at han truleg er utdanna ved vårt nye universitet: Internett. Boka er då også utstyrt med 436 referansar som alle byrjar med http://

Internett-universitetet

Om placebofenomenet vil ein i dette universitetet finne både overdrivingar, mistydingar og bagatellisering – og forfattarens eigen oppfatning svingar etter kva han legg fram. Eg lurte lenge på kva forfattaren meinte med placebodefekten, sidan det er tittelen på boka. Forklaringa kjem heilt til slutt, og handlar om legars tapte status, og dermed at dei blir svekt som potensielt placebo.

Sjølv om forfattaren på vitskapens vegne er ein puritanar, som vil alt lureri til livs, er han ikkje framand for at dei alternative steller betre med sine pasientar som menneske enn mange av dei skulerte – og, placebo eller ikkje, det handlar jo om å stimulere menneskets sjølvlækjande evner. Det er stort sett det psykologar driv med – og det er rimeleg godt dokumentert.

Meldt av Tor-Johan Ekeland, Professor, Høgskulen i Volda

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 5, 2014, side

Kommenter denne artikkelen