Du er her

Sprell levande om disseksjon og død Espen Stueland | Gjennom Kjøttet Disseksjonen og kroppens kulturhistorie, Oktober. 777 sider

Å lese denne boka minner meg om dei aller artigaste fisketurane heime, der ein får mengder med fisk. Nokon fantastiske, og nokon heilt ukjende som eg kvir meg for å ta i.

Av dei bøkene eg har lese dei siste åra, er dette kunnskapsreiseboka eg har hatt størst glede både av å lese i og å reflektere over. Eg tenkte tidleg på at nokon må skrive ei bokmelding til Tidsskrift for Norsk Psykologforening for å hjelpe fleire psykologar til å oppdage denne skatten. Og eg ville det skulle vere ei bokmelding som kunne matche kunnskapsnivået og formspråket i boka som vert omtala. Derfor tok eg kontakt med fire av mine faglege heltar som eg tenkte kunne skrive godt, klokt og inspirerande om dette.. Av fleire av dei fekk eg inspirerte mailar som viste stor entusiasme over boka. Kva gode grunnar heltane mine hadde for ikkje å skrive bokmelding, kjem eg ikkje på. Men det er ikkje gjort, og eg synest framleis det er viktig og skal gjerast. Så derfor skriv eg sjølv.

Kunnskap og språkleik

Å skrive ei bokmelding som speglar boka sitt innhald og språkform (ei mimetisk bokmelding trur eg Stueland ville ha sagt, og eg måtte ha slått opp i ordboka eller spurt nokon om kva ordet mimetisk tyder), har eg ikkje mulegheit til. Eg kjenner at eg manglar både tilstrekkeleg kompetanse til å plukke opp og skilje mellom nyansar reint kunnskapsmessig, og denne virile, leikne ordbruken som Stueland brukar. Men det er meir viktig at boka vert kjend for fleire, og at fleire kan få denne glede av å oppdage boka enn at bokmeldinga er imponerande.

Han skriv slik at eg kjenner lukta slå imot meg, eg vil vri meg vekk frå boka og samstundes lese vidare, og eg tok meg sjølv i å ville dusje etter å ha lese det kapittelet

For eg er imponert. Dette er ei kunnskapsbok Trond Berg Eriksen brukte tre sider i Morgenbladet til å lovprise, og som folk med kunnskapstørst får stjerner i augo av å kunne dele litt av. For dei som ikkje har plassert Stueland på litteraturkartet: Han har gitt ut fleire diktsamlingar og essays, fekk Kritikerpris frå Kritikerlaget i 2005 og, litt sladder for dei som måtte finne interesse av slikt: god venn av ein annan, no meir kjend forfattar, Knausgård. Når Karl Ove skriv om sin venn Espen frå studietida, han som er så sprenglærd i møte med Olav H. Hauge, er det denne Espen.

Dyslektisk møte med døden

Tema i boka er disseksjon. Forfattaren skildrar korleis disseksjon har gått føre seg, og korleis kulturen har forhalde seg til disseksjon sidan starten av 1300-talet til i dag. Historiene Stueland har leita fram og fortel oss, og analysane hans av kva dette kan fortelje oss om kulturendringar og haldningane til kropp, død og til livet, får meg stadig til å stoppe opp, humre, tenkje meg om, og lure litt.

Forfattaren har grave fram så uendeleg mykje kunnskap frå ulike område: medisin, psykologi, historie, sosialantropologi, kunsthistorie, rettsmedisin, kriminologi, litteraturhistorie og vitskapshistorie. Med ein imponerande fridom og mot til å sette element frå dei ulike vitskapane saman, deler han med lesaren det han sjølv oppdagar gjennom leiting og skriving. Vi får vere med han til det anatomiske teater, og les om både da han oppdaga det og om nyfikenheita hans frå då han først høyrde om det medan han var student i Bergen. Vi blir tatt med til bygging av anatomiske teater fleire stader rundt om i Europa på 1500-talet, til måleri og forteljingar som fortel om dei anatomiske teatera frå dei vart bygde og til moderne tid – og også når han ein dag, truleg våren 2009, er gjest hjå patologane på Gades i Bergen, og fortel oss om sine tankar kring det å vere med på disseksjon av ei dame. Han skriv slik at eg kjenner lukta slå imot meg, eg vil vri meg vekk frå boka og samstundes lese vidare, og eg tok meg sjølv i å ville dusje etter å ha lese det kapittelet.

Stueland skriv om forskriftene kring obduksjon, og om rettsmedisin. Gjennom å formidle korleis Leonardo da Vinci, Rembrandt, Lars von Trier, Hamlet, Jakob Sande, James Joyce og Robbie Williams forheld seg til død, fortel han korleis kulturen kring oss er med på å forme haldningane våre til døden og livet. «Vi har sørget for å regulere døden og dempe det uutholdelige, slik at vi personlig slipper å ta hånd om det. Noe som gjør at talemåtene smittes, og vi blir mer dyslektiske i møte med døden,» skriv Stueland, og det at han skriv og tenkjer så fritt om temaet, gjer at eg får hjelp til å gjere litt av det same.

Absurd og morosam

Boka gir meg også innspel til å bruke Internett og finne fram til litt meir av det som vert skildra. Til dømes skriv Stueland om samtidskunstnaren Orlan: «Orlans prosjekt er tøft og sinnssykt.» Han diskuterer hennar sjølvportrettskunst, der ho med eigen kropp som materiale «gjør kroppen til et metamorfosisk krysningsfelt mellom kunst og medisin», og viser bilete av noko av det ho har gjort med seg sjølv og stilt ut. Eg blir nyfiken, og finn hennar kunstverk lett tilgjengelege på nettet. I timar vert eg sitjande på virtuell kunstutstilling som fylgje av dette. Tatoveringar er heller ikkje det same for meg, etter Stueland sine analysar av fenomenet.

Ofte, akkurat idet eg får raudtankar som «uff, kva er det med meg som finn dette avskylelege så fascinerande», eller «her finst meir i livet enn kunnskap!», og skal til å legge ifrå meg boka, så fyller Stueland plassen med absurditetar, rare historier og humor. Eg har sjeldan ledd så godt åleine som etter å ha lese analysen av «Rock DJ» med Robbie Williams og leita fram og sett denne på YouTube.

Eg har vakse opp på ei øy, med havet som spiskammers utanfor. Boka gir meg kjensle av noko eg kjenner heimanifrå: Det å kunne dra på fisketur og få mengder og massar med fisk, nokon kjempestore, ein lurer på om ein har botn, men så er det fisk, det er tungt å dra opp, ein er redd for å miste suggen, men så vert det rop og glede i båten når ein har fått han opp! Det å få ulike sortar, nokon heilt ukjende som eg ikkje veit om eg vil ha inn i båten og som eg iallfall kvir meg for å ta i. Og det å oppdage sortar som er fantastiske, trass i at eg ikkje har sett dei før. Stundom finn eg ut at eg vil til lands att, for det er måte på kor mykje fisk ein vil stelle på ein dag, og boka må leggjast på hylla nokre dagar. Boka er som dei aller artigaste fisketurane. Om døden og livet. Les!

Anmeldt av Solfrid Raknes BUP, Voss sjukehus

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 10, 2010, side

Kommenter denne artikkelen