Du er her

Sementerer utdaterte modellar Sidsel Kreyberg | ME – en sykdom i tiden Eget forlag, 2008. 172 sider

Deler av denne boka av lege og patolog Sidsel Kreyberg gir oversikt over ein del historiske fakta når det gjeld utvikling av diagnosar og klassifikasjon av langvarige og uforklarlege utmattingstilstandar. Den skildrar ulike epidemiar av utmatting, utvikling av diagnosane nevrasteni, postviralt utmattingsssyndrom, ME, kronisk utmattingsssyndrom (CFS), og refererer også ein del av diskusjonane og kontroversane som slike tilstandar har skapt gjennom 140 år. Utover dette er denne boka i hovudsak eit polemisk innlegg i denne striden om CFS/ME, og det faglege utbyttet er magert.

Eg skulle gjerne ha omtalt denne boka meir positivt, for det er trong for meir og balansert kunnskap om CFS/ME

Likevel, på mange måtar oppsummerer boka synspunkt frå pasientforeiningar og støttegrupper for ME. Boka er såleis representativ, men etter mi vurdering ikkje for forskingsbasert kunnskap om kronisk utmatting og endå mindre når det gjeld behandling og behandlingseffekt ved CFS/ME.

Eg skulle gjerne ha omtalt denne boka meir positivt, for det er trong for meir og balansert kunnskap om CFS/ME, både hos helsepersonell, hos folk med utmattingsplager og pasientar med definert ME-diagnose og hos folk flest. Det er noko forstemmande med boka ved at den sementerer utdaterte modellar om oppdeling av mennesket i psykisk og fysisk, og av helse som «organisk medisin» i motsetnad til psykologisk medisin. Det som kloke menneske og klinikarar alltid har visst, og som moderne forsking har stadfesta i kunnskapsfelt som stressmedisin og psykoneuroendokrinoimmunologi, at kropp og nervesystem utgjer ein heilskap som ikkje kan delast opp i psykisk og fysisk: det er eit ikkje-tema i denne boka. I staden er dei fleste avsnitt – som også kan innehalde gode fakta og skildringar av kliniske syndrom og subjektive helseplager – prega av polemiske utfall mot «psykosomatikken», som er ME sin verste fiende. Mange avsnitt er direkte argumentasjon mot kva legar og forskarar har uttalt om CFS, mange gode pasienthistorier referert blir brukt som sanningsgrunnlag for å devaluere kompetanse hos helsepersonell, og det er i det heile liten eller ingen heiderleg omtale av nokon som forstår eller kan behandle CFS/ME adekvat. Hovudbodskapen er at ME er ein eigen sjukdom, med definert «organisk» årsak, forskjellig frå CFS og nevrasteni, og at folk som «innsykner» med ME, alltid må ha ro og avlasting, vere fri frå krav og store forventningar, finne sin måte og si tid for å bli friske. Det er noko sant i dette, men like fullt blir det ein type kunnskap som ser bakover, og dermed går glipp av at god kunnskap kan endre seg. Eg trur og veit at ein i dag kan forstå og behandle pasientar med kronisk utmatting, inklusive ME, godt, empatisk og effektivt.

Boka er eit kampskrift for ME. Den formidlar sympati med ME-sjuke, men etter mi meining eit betrevitande generalisert overengasjement meir enn empati. Nyare norsk forsking og behandlingsresultat gir grunnlag både for å hevde at heilskapleg forståing av CSF/ME finst i norsk helsevesen, og at det finst behandling basert på psykologisk medisinsk grunnlag som faktisk kan bringe pasientar ut av invaliditet og uføre.

Boka er eigna for dei som vil styrke sine synspunkt om korleis ME er misoppfatta og pasientar avvist. Det er nok grunnlag for å hevde dette. Like sikkert er det at mange pasientar også blir møtt, utfordra og opplever endring og bedring. Det er ei anna historie som denne boka ikkje formidlar noko om.

Meldt av Bjarte Stubhaug

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 3, 2010, side

Kommenter denne artikkelen