Du er her
Ser fram til meir Jarle Eknes, Trine Lise Bakken, Jon Arne Løkke og Ivar Mæhle (red.) Utredning og diagnostisering Utviklingshemning, psykiske lidelser og atferdsvansker Universitetsforlaget, 2008. 304 sider
Boka er ei av fleire i ein serie som er ei storsatsing, og inneheld i alt 20 kapittel. Desse tar for seg hovudområde som diagnostisering av utviklingshemning hos barn og vaksne, autisme, psykiske lidingar, og somatikk som er særleg aktuell ved atferdsvanskar og mulege psykiatriske symptom. Ikkje minst er det eigne kapittel om dei fleste viktigaste gruppene av psykiske lidingar, inkludert demens og spiseforstyrringar. Litt av ei mønstring, som seier mykje om eit rikt fagmiljø i eit lite land.
Kapitla er gjennomgåande innhaldsrike, informative og ikkje minst godt strukturerte og skrivne. Her har både forfattarar, redaktørar og forlag gjort grundig arbeid. Alt i alt er det ei imponerande brei framstilling av fagfeltet. Den som les denne boka, vil få med seg svært mykje av det som faktisk kan og bør seiast. Boka etterlèt sjeldan eller aldri tvil om at bidragsytarane er kompetente, og at framstillinga er oppdatert. Ein skulle kanskje tru at ein lang serie av kapittel som tar for seg kvar sin diagnose, blir litt kjedeleg i lengda. Det er faktisk ikkje tilfellet – kvart kapittel framstår som unikt, nytt og spennande. Dette kan skuldast at «forbruket» av forfattarar er stort, og at dette gir ein naturleg variasjon i framstillinga. Dermed held interessa seg gjennom heile boka. Dette er eit svært positivt trekk ved boka og ein prestasjon av dei som har sydd boka saman. Elles er kvaliteten så jamn at det har lite for seg å trekka fram enkelte kapittel som særleg lesverdige. Det aller meste har verdi.
Ingen malurt? Boka inneheld det meste av diagnoseinstrument som finst på markaden. Det kan innvendast at kva som er nyttig og nødvendig, kjem litt lite fram nokre stader. Det same gjeld forholdet mellom diagnosekriterium, sjekklister og instrument som blir brukt relativt direkte i diagnostikk. Eit litt meir praktisk fokus kunne altså ha vore ønskeleg nokre stader. «Nybegynnarar» kan trenga litt meir guiding i jungelen. Det finst diskusjonar om kva psykiske psykiske lidingar eigentleg er, og om nytten av å diagnostisera dei. Dette kunne det ha vore litt meir av. Eg saknar meir stoff om Tourette, som ser ut til å vera lite dekt. Mykje av det som blir oppfatta som tvang, er nok snarare Tourette.
Men alt i alt er dette ei nyttig og god bok som står på trygg fagleg grunn og som eg like trygt kan tilrå. Eg ser fram til dei neste bøkene i serien.
Meldt av Børge Holden
Kommenter denne artikkelen