Du er her
Grundig fagleg handverk Grete Andrup, Harald Janson og Bente Gjærum | NUBU 4–16 Nevromotorisk undersøkelse for barn og ungdom fra 4 til 16 år .
Nye testar, og oppgraderingar av gamle velkjende testar og testbatteri, dukkar opp i eitt køyr. Kva er det då som gjer at NUBU 4–16 kan vere eit testbatteri som det kan vere aktuelt å sjå nærare på?
Først litt om kva testbatteriet NUBU 4–16 er. Dette er eit testbatteri som er bygd opp av tre deler:
- Test av nevrologiske soft signs
- Test av motoriske ferdigheiter
- Nevrologisk undersøking
Dette er ei vidarutvikling av Gjærum sitt arbeid med testmanualen «Nevromotorisk undersøkelse for barn og ungdom», der den første publikasjonen kom i 1989; seinare er det komme mange arbeid og publikasjonar av dei ulike forfattarane. NUBU 4–16 er såleis ikkje nokon nykommar, men eit produkt som har vore igjennom ei lang produktutvikling.
Systematisk testing
Forfattarane syner til at det i løpet av 1990-åra vart ei aukande interesse for nevrobiologiske aspekt ved psykiske vanskar og lærevanskar. Samstundes er psykometriske testar tekne meir og meir i bruk, først av psykologar, sidan av fysioterapeutar og pedagogar og etter kvart også av legar. Dei legg vekt på studiar som syner at motorisk utvikling er viktig når barn og ungdom skal ta del i det sosiale fellesskapet.
Klinikk og forsking syner også at det er meir vanleg med motoriske vanskar hos barn og ungdom med psykiske vanskar eller lærevanskar, enn det ein finn hos andre barn og ungdomar. Ut frå dette konkluderer forfattarane med at det nevromotoriske apparatet difor bør testast systematisk når det er mistanke om dysfunksjonelle tilhøve. Resultat frå slik testing kan vere til hjelp i tverrfagleg utgreiing og diagnostisering, inkludert der ein treng å avklare om psykiske vanskar og lærevanskar har eit nevrobiologisk grunnlag. Forfattarane legg også vekt på at kartlegginga kan vere til hjelp når ein utarbeider ulike tiltak for å betre motorisk og generell utvikling.
I den delen av NUBU 4–16 som omhandlar test av nevrologiske soft signs, vert det gitt ei grundig innføring i kva nevrologiske soft signs er for noko, og kvifor dette kan vere aktuelt å undersøke hos barn og ungdom. Måten dette vert gjort på, er karakteristisk for det som er hovudinntrykket av heile testbatteriet, ved at det bygger på grundige faglege vurderingar og god kunnskap på feltet. Forfattarane er også opptekne av å formidle kunnskapen på ein slik måte at brukarane av testbatteriet både skal forstå kva dei testar, kvifor dei gjer det, og korleis dei skal gjere det. Nevrologiske soft signs blir undersøkt ved hjelp av 12 ulike deltestar.
Litt rart utval
Motoriske ferdigheiter blir undersøkt ved hjelp av deloppgåver som dekker ulike område: A: Generell statisk koordinasjon, B: Hendenes dynamiske koordinasjon, C: Generell dynamisk koordinasjon, D: Hurtighet og E: Simultane bevegelser. Det er detaljerte instruksjonar som omfattar alt frå kva som er minimumsstorleik og utforming av testrommet, til korleis ein gjennomfører og scorar dei ulike testane.
Den tredje delen av NUBU 4–16 vert omtala som klassisk nevrologisk undersøking. Det vert lagt vekt på at denne som regel vert utført av lege, av og til av fysioterapeutar i samarbeid med lege. I testmanualen er det ei punktvis presentering av den barnenevrologiske undersøkinga. For meg verkar det litt søkt at denne er teken med i testbatteriet, ettersom dette er noko som forfattarane er tydelege på at ein ikkje får kompetanse på ved hjelp av innhaldet i testkofferten. Den nevrologiske undersøkinga går heller ikkje inn i standardiseringsarbeidet i lag med testinga av nevrologiske soft signs og motoriske ferdigheiter. Eg kunne difor tenkt meg at ein berre hadde referert til barnenevrologisk undersøking, og eventuelt skrive noko om at ein reknar at dette er noko som bør gå inn i den tverrfaglege undersøkinga av barn og ungdom. Det kunne vore like naturleg, eller unaturleg, å ha nemnt testing av kognitiv fungering som ein tredje del av NUBU 4–16, og så synt til at dette krev anna utstyr og ikkje minst annan kompetanse.
Flygeklar
Det går inn 272 barn og ungdomar i normeringsmaterialet. Desse er plukka ut for å vere så representative som mogleg etter prosedyrar som er grundig omtala i testmanualen. Dette gjer det mogleg for lesaren å sjå korleis normeringa er gjort, slik at ein sjølv kan gjere seg opp ei meining om sterke og svake sider ved utvalet. Normene gjeld barn og unge utan kjende utviklingsforstyrringar eller kjent hjelpebehov. Normene i NUBU 4–16 kan såleis seie noko om kva som er normal fungering, og normal variasjon, på ulike alderstrinn. Så står det att å dokumentere korleis testbatteriet fungerer i høve til å plukke opp vanskar i ulike relevante diagnosegrupper. Førebels har eg ikkje greidd å finne nokon internasjonale referansar i PubMed, Psych Info eller Google Scholar der det vert referert til NUBU 4–16, men eg reknar med at dette vil komme etter kvart.
NUBU 4–16 blir levert i ein låsbar koffert som det ifølgje brosjyren er lett å frakte. Slik han er utforma, vil eg ikkje rå til at ein sender kofferten med fly. Då får ein eit omfattande identifiserings- og ryddearbeid for å få innhaldet på rett plass att når kofferten har vore igjennom den vanlege bagasjetorturen. Når det er sagt, så ser testutstyret solid og tiltalande ut, alt frå sakser både for høgre- og venstrehendte, til det laminerte A4-arket med oversikt over innhaldet i kofferten og instruksjon på baksida om korleis ein brukar DVD-plata som høyrer med. Denne inneheld både ein instruksjonsfilm om testbatteriet, og scoringsprogram for NUBU 4–16. Instruksjonsfilmen syner testing av barn på høvesvis 6, 7.5 og 10.5 år. Ein får både ei god innføring i korleis dei ulike testane vert administrert, og illustrasjon av kor ulikt normale barn fungerer på ulike alderstrinn. Eg vil gi eit pluss til scoringsprogrammet, som er skikkeleg «plug-and-play» og ikkje «plug-and-pray» som vi ofte vert utsett for. Det er også teke omsyn til at mange av oss ikkje har administratorrettar, ved at ein kan køyre programmet direkte frå DVD-plata utan å trenge å installere programmet. Det fungerer utmerkt, til og med utskriftsfunksjonen.
På eige ansvar
Målgruppa for testbatteriet er fagpersonnar med generell testerfaring og fagkompetanse, slik som fysioterapeutar, legar, spesialpedagogar, ergoterapeutar og psykologar. Såleis er det ikkje eit testbatteri som rettar seg spesifikt mot psykologar, men er meint brukt i tverrfaglege utgreiingar av barn i ulike settingar der motorisk fungering er eitt av områda som ein ønskjer å kartleggje.
Det er ingen restriksjonar når det gjeld bruk og kjøp av testen. Ein føresetnad er at brukarane har tilstrekkeleg kjennskap til – og kunnskap om – så vel barn som ungdom si normale motoriske utvikling. Dette gjeld også kunnskap om anna normal utvikling og om utviklingsforstyrringar. Den einskilde brukaren må ut frå eigen kompetanse ta ansvar for om omtalen av funn og funksjonsnivå skal supplerast med tolking med tanke på årsaksforståing og/eller diagnostikk. Dette er eit utgangspunkt som går rett heim hos meg. Her stiller utviklarane av testen krav til fagleg og etisk standard hos brukarane. Dette er ein strategi som etter mi vurdering er langt betre enn å krevje sertifisering for bruk av testen. På denne måten tek utviklarane av NUBU 4–16 på alvor at det krevst tung fagleg kompetanse for å bruke testbatteriet på ein god måte, og at dette ikkje er noko som ein lærer på eit sertifiseringskurs. Det vert rådd til at ein deltek på kurs i testing, skåring og bruk av NUBU 4–16 i klinisk arbeid og forsking før ein tek til å bruke testen i arbeid med barn og ungdom.
Kva er det så NUBU 4–16 representerer av nyvinning? NUBU 4–16 er det første nevromotoriske testbatteriet som er normert for norske barn, og som både er standardisert i høve til undersøking av motoriske soft signs og motorisk utvikling. Eit generelt inntrykk av NUBU 4–16 er at dette ikkje er noko hastverksarbeid, men resultat av eit grundig fagleg handverk, som også stiller krav til høg fagleg kompetanse hos dei som skal bruke testbatteriet. Dette er eit testbatteri som såleis kan vere svært nyttig som reiskap når ein skal undersøke barn i ein tverrfagleg samanheng, t.d. innanfor barnehabilitering, der motorisk fungering er eitt av områda som ein skal undersøke. Psykologar er vel ikkje den mest aktuelle brukargruppa, men dersom ein ønskjer å kvalifisere seg innanfor nevromotorisk undersøking, kan NUBU 4–16 vere eit godt alternativ.
Meldt av Knut Dalen
Kommenter denne artikkelen