Du er her
Evolusjonspsykologi. En innføring i menneskets natur
Leif Edward Ottesen Kennair Evolusjonspsykologi. En innføring i menneskets natur Tapir Akademiske Forlag, 2004 208 sider. ISBN 82519-1965-7
Evolusjonspsykologi legg ein dimensjon til vårt program for studiet av menneskets psykologi. Til vanleg er vi i stor grad bundne av eit her og nå-perspektiv: vi søker kartlagt våre mentale eigenskapar og dei prosessar som ligg til grunn for desse i vår nåverande kultur og fysiske utrustning. Arv framstår som ein factor som nå eingong er der. Prosessane som har skapt den, tenkjer vi lite på. Denne vegen til forståing av oss sjølve stenges straks vi kjem til trekk med liten genetisk variasjon bak seg; sprokevnen, t.d. I slik samanheng, kva gjer vi med våre fem tær og fingre, vår hjernes volum og organisering, vår oppreiste gange og stabile åtferdstrekk på tvers av tid og kulturvariasjon? Skal vi forså oss sjølve, må vi ikkje berre ha innsikt i korleis maskineriet fungerer her og nå, vi må også søke å forstå vår tilkomst og dei prosessane som har skapt oss.
Kennair gjev eit bidrag i denne retning. Hans arbeid er den første bok på norsk som spesifikt tek for seg evolusjonspsykologi som teortisk tema. Han har ein forgjenger i Iver Mysterud Mennesket og moderne evolusjonsteori (2003), men det er ei bok som einast i liten grad handlar om psykologi.
Kennair skriv for studentar som får undervisning i evolusjonspsykologi, menneskets etiologi eller evolusjon, og for den jamne lesar av populervitenskap. Hans mål er å inspirere «til refleksjon om hvordan våre sinn ble til gjennom evolusjon, og hva slags sinn evolusjon kan forme». På dei godt 200 sidene omtalar han Darwins utvalsmekanismer, moderne evolusjonsteori og menneskets utvikling. Han framstiller tematiske grunntrekk ved denne delen av pykologien, «rasjonelle følelser og irrasjonelle tanker», utviklingspsykologi, læring, sosialpsykologi, personlegdoms-psykologi, sex og partnerval, krig og psykopatologi.
Kennair er vide lesen og har utan tvil eit godt teoretisk grep på dei emner han omtaler. Han har organisert stoffet vel og har eit fint grep om framstillinga av vår og andre arters tidleg-evolusjon, enda omtala forståeleg nok er grunn. For absolutt vert han stundom; t.d. der han seier «vi vet at hominidene kun reiste til fots» (s. 111). Koreleis «homo floresiensis» (ein homo erectus art mest truleg, nyleg funnen som fossil), kom seg til øya Flores i Indonesia blir dermed uforståeleg, sidan der inga landbru har vore nokon gong. Ofte ynskjer ein seg større bredde og dybde i framstilling og drøfting, t.d. i omtale av psykopatologi i evolusjons-samanheng.
Framstillinga er i stor grad knytt til visse forskerar og teoriar (især Buss, Cosmides og Tooby), og boka har dermed fått form av «lærebok» med stor grad av formalisering og klassifisering av temaene. Som kjelde til inspirasjon og refleksjon hadde boka tent på å ta utgangspunkt i sentrale trekk ved vår fysiske og mentale utrustning og påvise at seleksjon av desse etter overlevingsverdi kan hjelpe oss å til betre å forstå deira utviklinga, anten det nå er fobiar, altruisme eller aggresjon det gjeld. Påvising av «invariantar» over kulturar og fellestrekk mellom oss og andre primatar høyrer også heime her, men er ikkje med i boka.
Vi er i mangt det dyret vi eingong var, og vandring langs den veg som skapte oss er naudsynleg for vår forståing av oss sjølve. Kennair skal ha ros for dette løftet for evolusjonspsykologien.
Kommenter denne artikkelen