Du er her

Forskningsetikk. Beskyttelse av enkeltpersoner og samfunn

Publisert
1. juli 2005

Knut W. Ruyter (red.) | Forskningsetikk. Beskyttelse av enkeltpersoner og samfunn | Gyldendal Akademisk, 2003 Kr. 348. 349 sider. ISBN 82-05-30813-8

Det er mykje som er paradoksalt i forskingsetikken. Nyleg har det vore 60- årsmarkering av at fangane i den tyske konsentrasjonsleiren Auschwitz vart sett fri. Alle er vi samde om at forskinga som gjekk føre seg i dei tyske konsen- trasjonsleirane var bestialsk og svært uetisk. Dette var noko som aldri skulle gjerast opp att. Samstundes har vi ikkje skruplar for å gjere oss nytte av resultat frå denne forskinga, til dømes når vi utstyrer barna våre med redningsvestar som har krage.

Dette er berre eitt døme på uetisk forsking, med tilhøyrande dobbeltmoral, som ein kan lese om i denne boka. Dette kapitlet syns eg er det mest spanande og tankevekkande i heile boka. Før ein kjem så langt, har ein lese gjennom over 300 sider av svært ujamn kvalitet. Boka inne- held til dømes eit interessant og relevant kapittel om etiske sider ved psykologisk forsking, og om etisk vurdering av fors- king på andre område ut frå ein psykologisk ståstad. Innhaldsmessig er det mykje interessant lesestoff i boka.

På forfattarlista er det fleire filosofar, teologar, fysikarar, statsvitarar, psykolog, lege, sosiolog og journalist. På denne måten dekkjer boka svært mange ulike sider av forskingsetikken, til dømes når det gjeld vinkling av etikken eller kva arena forskinga går føre seg på. Dette er på mange måtar både ein styrke og ein svakheit. Det er ei utfordring å redigere ei slik bok for at ho skal bli lesar- og bruksvennleg. Slik boka har vorte, er det for mange repetisjonar av faktiske tilhøve, noko som ikkje tilfører ny infor- masjon eller synspunkt. Boka hadde tent på ei strammare redigering, for å unngå overlapping mellom innhaldet i fleire av kapitla. Det ville også vore ein fordel om referansane hadde vore sett opp etter same standard i alle kapitla. Slik boka no framstår, blir ho ein slags mellomting mellom ei redigert bok og ei artikkelsamling. Boka er laga med tanke på at ho skal fungere som ein res- surs i undervisning i forskingsetikk ved universiteta og høgskulane. Ho hadde vorte meir brukarvennleg, og meir ten- leg til dette føremålet, om ho hadde vore utstyrt med stikkordregister. Då kunne dette vorte ei bok som ein kunne ha ståande i bokhylla og slå opp i når ein trengte det.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 42, nummer 7, 2005, side

Kommenter denne artikkelen