Du er her

Behandlingsleiar TFCO Bergen

Barne-, ungdoms- og familieetaten - Region vest - Adferd høy

Om Bufetat

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.

Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Vil du leia eit team med psykologar?
Er du ein person som ynskjer å gjere ein skilnad for sårbar ungdom?
Er du oppteken av å jobbe evidensbasert, systematisk og fleksibelt?
 

Bufetat, region vest har ledig ei fast 100 % stilling som behandlingsleiar for nyoppretta TFCO-team i Bergen. Stillinga inneber ei unik mogelegheit til å arbeide etter ei familiebasert behandlingsmodell som har vist gode resultat for ungdom med åtferdsvanskar. Den gir også moglegheit til å vere med å byggje opp eit behandlingstilbod i Noreg for ei spesielt sårbar målgruppe.

Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest har etablert eit nytt behandlingstilbod for ungdom og deira familiar. Treatment Foster Care Oregon (TFCO), er ein evidensbasert, tidsavgrensa og familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Metoden er utvikla som eit alternativ til institusjons- eller anna gruppebasert behandling. Ungdomen flytt midlertidig inn i ei behandlingsheim som mottek tett oppfølging frå behandlingsteamet.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet inneber samarbeid med familie og andre relevante samarbeidspartar rundt ungdomen. Behandlingsteamet består av behandlingsleiar, familieterapeut, individualterapeut for ungdomen, ferdigheitstrenar for ungdomen og behandlingsheimkonsulent.

Som behandlingsleiar i TFCO vil du leie det kliniske arbeidet og koordinere all behandling i tett samarbeid med resten av teamet. 

Stillinga omfatter følgjande: 

  • Utforme vekentlege behandlingsplanar og mål for ungdommane.
  • Koordinere all behandlingsaktivitet i tett samarbeid med resten av teamet.
  • Rettleie behandlingsheim, psykologane i teamet samt ferdighetstrenarane.
  • Følgje opp og avgjere behandling.
  • Ansvar for at TFCO sine kvalitetssikringsrutinar vert følgde.
  • Ansvar for dokumentasjon av teamet si aktivitet og etterleving av regelverk.
  • Ansvar for systemarbeid internt i organisasjonen og i høve til samarbeidsinstansar.
  • Utføre andre løpande arbeidsoppgåver.

Tilgjengelegheit på telefon utover normalarbeidstid inngår som ei del av stillinga og noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Du vil vere ansvarleg for teamet sitt arbeid, resultat og utvikling. Behandlingsleiar vil rapportere til einingsleiar for Behandling av ungdom i Region vest, og vil inngå i eininga sitt leiarteam.

Tilsetjingsprosessen skjer i samarbeid mellom Bufetat og Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU).


Kvalifikasjonar

  • Profesjonsstudiet i psykologi, norsk autorisasjon.
  • Det vert kravd grundig kjennskap til metoden sitt teoretiske fundament, dvs. systemteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
  • Erfaring frå arbeid etter metoden, eller erfaring frå leiing av andre evidensbaserte tiltak vert vektlagt.
  • Søkjar må ha sertifikat klasse B og gjerne kunne disponere bil i tenesta.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn/ungdom med åtferdsvanskar, og arbeid med familiar.
  • Erfaring frå leiing er ynskjeleg, men ikkje avgjerande.
  • Fordel med erfaring frå barnevernsinstitusjonar.

Relevant IKT kunnskap vert også vektlagt.


Personlege eigenskapar

  • Du må ha evne til å arbeide som ein del av eit behandlingsteam, og vere ein tydeleg og samtidig fleksibel leiar.
  • Du må vere målretta, systematisk, god på å integrere informasjon frå ulike instansar, og ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Den riktige kandidaten trivst med å treffe krevjande avgjersler i ein travel kvardag.
  • Ein føresetnad for arbeidet er ynskje om, og moglegheit til, å kunne arbeide fleksibelt.
  • Det vil bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner.


Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i metoden. Kursopplæringa gis av NUBU i Oslo.
  • Rettleiing i det kliniske arbeidet. 
  • Fagleg oppfølging og utvikling i regi NUBU og Bufetat.
  • Moglegheit til å bli del av eit team som brenn for å hjelpa ungdom. 
  • Moglegheit for spesialisering, eller vedlikehald av spesialitet.

Stillinga inneber ei unik moglegheit for grundig opplæring i ein behandlingsmodell som har vist gode resultat for ungdom med åtferdsvanskar. Den gir også moglegheit til å vere med å byggje opp eit behandlingstilbod i Noreg for ei krevjande målgruppe. TFCO-teama mottek tett oppfølging og kvalitetssikring frå NUBU. Behandlinga foregår både poliklinisk og i heimen. Behandlingsleiar samarbeidar tett med resten av behandlingsteam og andre instansar for å koordinere og målrette behandlinga. 

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 615 000 – 790 100 pr. år (ltr. 66 - 78). 
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • For spesielt godt kvalifisert søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Kompensasjonstillegg for tilgjengelegheit, beredskap og ubekvem arbeidstid kjem i tillegg. Dette utgjer ca. kr 300 000,- pr. år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, jf. lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til gunstig rente, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Dessutan kan vi tilby: Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen. Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit endå betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.


Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til Enhet Atferd høg avdeling,  TFCO Bergen.
  • Politiattest må fremleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern §12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik skal takast med ved eit eventuelt intervju eller leggast ved elektronisk.


Kontaktinformasjon: Fredrik Melander, telefon: 466 18 976


Lenke til annonsen

Søk på stillingen

 

Søknadsfrist
10. april 2023