Du er her

Skuffende om åpenhet i Psykologtidsskriftet

Faksimile av artikkel
Faksimile fra maiutgaven 2023.

Det var med undring og skuffelse eg las artikkelen «Unges forståelse av åpenhet om psykiske problemer: en kvalitativ studie» i maiutgåva av Psykologtidsskriftet.

Publisert
31. mai 2023
Portrett av eldre mann med grått skjegg og briller
Knut Dalen, professor emeritus i klinisk nevropsykologi

På sidene før artikkelen er det intervju med to av forfattarane, og kommentarar frå kommunikasjonssjefen i Mental Helse Ungdom. Overskrifta er Frykter romantisering av psykisk uhelse. Her kjem det fram mange interessante synspunkt, teoriar og problemstillingar. Forventninga var difor stor til å lese artikkelen som hadde studert denne problematikken. Artikkelen, som er fagfellevurdert, går over ti sider.

Forfattarane syner til tidlegare norsk forsking på området, mellom anna ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionsforsking (NIBR) i 2012. Der vart det funne at personar i Oslo er mindre opne når det gjeld å fortelje kolleger om psykiske vanskar, enn folk i andre deler av landet. Dette burde få varsellampene til å lyse når det gjeld kven ein bør inkludere som informantar i ein studie om openheit kring psykisk uhelse hos ungdom. Her bør ein få tankar om at demografiske variabler kan ha noko å seie.

Forfattarane argumenterer for å bruke kvalitativ metode slik: «Kvalitativ metode anses som den mest egnede metoden for å undersøke hvordan mennesker forstår verden og fenomenene vi har lite forhåndskunnskap om». Utsagnet, som er underbygd med referansar, er gjerne rett. Likevel er ingen metode betre enn måten metoden blir brukt på. Utvalet som ein undersøkte med intervju i fokusgrupper og individuelt, var eit utval «som i hovedsak besto av unge jenter frå videregående skoler på vestkanten i Oslo», for å nytte deira eigne ord.

Dette burde få varsellampene til å lyse når det gjeld kven ein bør inkludere som informantar

Når ein ignorerer etablert kunnskap om demografiske skilnader i fenomenet som ein skal studere, svekker dette føresetnaden for å nytte kvalitativ metode. Innanfor forskingsetikken vert det rekna som dårleg forskingsetikk når ein nyttar ein god metode på ein dårleg måte.

Dette bringar oss over på det neste forskingsetiske problemet. Så tidleg som i 2001 publiserte De nasjonale forskingsetiske komiteene «Retningslinjer for inklusjon av kvinner i medisinsk forskning». Kjønn skulle inn som variabel i all medisinsk forsking. Det går fram av retningslinene at ein definerer medisinsk forsking så breitt at det også vil omfatte studie av fenomen som Rolandsgard et al. har studert. Det er heilt rett at prosjektet ikkje trengte godkjenning av REK ettersom helsa til informantane ikkje var i fokus. Prosjektet vart godkjend av NSD. Det er likevel ikkje tilstrekkeleg at ein følgjer det forskingsetiske regelverket til punkt å prikke for å ta vare forskingsetikken. Forskaren må gjere sjølvstendige forskingsetiske vurderingar. Fenomena som vert studert her, er helse og uhelse, der ein i over 20 år har kjent til at kjønn er ein viktig variabel. Såleis har forfattarane også på dette området ignorert noko som ein har mykje førehandskunnskap om. Dette svekker undersøkinga og val av metode ytterlegare. 

Likevel er ingen metode betre enn måten metoden blir brukt på

Forfattarane nemner desse svakheitene i løpet av artikkelen, men generaliserer likevel ut frå sine funn som om dei var langt meir representative enn det dei faktisk er. På slutten av artikkelen går forfattarane gjennom implikasjonar av vidare forsking. Der glimrar både demografi og kjønn med sitt fråvær. Det er ikkje nemnt noko om at forfattarane planlegg å gjere noko med desse forskingsetiske manglane i framtidig forsking på dette viktige feltet. Det var ein opptur å lese synspunkta som vart presentert og drøfta under overskrifta «Frykter romantisering av psykisk uhelse». Å lese «Unges forståelser av åpenhet om psykiske problemer: en kvalitativ studie» var ein nedtur. Undersøkinga som er gjennomført, har ikkje teke omsyn til kunnskap som ein alt har på feltet, og difor bidrege minimalt med ny kunnskap.

 

Merknad. Ingen oppgitte interessekonflikter

 

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 60, nummer 6, 2023, side 388-389

Kommenter denne artikkelen

Den nasjonale forskningsetiske komite (2001). Retningslinjer for inklusjon av kvinner i medisinsk forskning. https://www.forskningsetikk.no/retningslinjer/med-helse/inklusjon-av-kvi...