Fagetisk refleksjon – eller ein tur i mørkeret?
Nina Dalen og Knut Dalen
- Nina Dalen
- Knut Dalen
Fagetisk råd gav ikkje Grøndahl hjelp til å identifisere relevante etiske tema og problemstillingar.
Grøndahl sin kronikk startar med følgjande ingress: Fagetisk råd presset frem fagetisk refleksjon uten at det var klart hvilken fagetisk retningslinje som var brutt. Han opplevde det som frustrerande og svært lite lærerikt å skulle reflektere over noko der han ikkje visste kva han skulle reflektere over.
Etiske prinsipp i mørkeret
I boka vår Profesjonsetikk for psykologar (s. 118) skriv vi mellom anna: Fagetisk råd vurderer først klagen, og ser kva profesjonsetiske prinsipp som ser ut til å vere dei mest sentrale i saka. Den innklaga psykologen blir beden om å drøfte klagen i lys av desse prinsippa. Slik Grøndahl framstiller det, vart det ikkje opplyst noko om kva profesjonsetiske prinsipp som var relevante. Dette kunne Fagetisk råd (FER) gjort, utan å ta stilling til om prinsippa var brote. I mørkeret utstyrer vi oss med refleks for å gå trygt. Refleksen lyser ikkje opp og reflekterer lys før nokon lyser på han. Da har refleksen noko å reflektere. Slik Grøndahl framstiller det, ser det ikkje ut til at han heller vart opplyst på nokon måte, og at det som skulle vere ein fagetisk refleksjon, vart ei trøystelaus vandring i mørkeret.
Leiar i FER, Mette E. Garmannslund, har overskrifta Fagetisk refleksjon er en plikt. Ingressen er slik: Målet med Fagetisk råds klagebehandling er å fremme refleksjon og læring. Psykologers medvirkning i prosessen er både en forpliktelse og et medlemsgode. Vi kan ikkje sjå at Garmannslund kommenterer det som Grøndahl etterlyser. Det står ikkje noko om at FER innleier prosessen med å nemne kva fagetiske prinsipp som ser ut til å vere relevant.
Ut med badevatnet
Da dei fagetiske prinsippa vart revidert i 2022, ser det ut til at landsmøtet «kasta ungen ut med badevatnet». Den etiske beslutningsprosessen som var med i Etiske prinsipper for nordiske psykologer er ikkje med i Etiske retningslinjer for nordiske psykologer. Den etiske beslutningsprosessen vart i si tid utvikla av Jean Pettifor, og vart henta frå retningslinene til den kanadiske psykologforeininga. Prosessen inneheld desse trinna, og er nemnt i boka vår side 97:
Identifisering av etisk relevante temaer og problemstillinger
Utvikling av alternative fremgangsmåter
Vurdering av kortsiktige og langsiktige fordeler og ulemper ved hver av framgangsmåtene i forhold til alle som er involvert eller kan bli berørt
Valg av framgangsmåte etter grundig vurdering ut fra verdier, prinsipper og retningslinjer
Handling, med forpliktelse til å ta ansvar for konsekvensene av handlingen
Evaluering av resultatet av framgangsmåten
Psykologen retter opp eventuelle negative konsekvenser, eller gjenopptar beslutningsprosessen hvis det viser seg at det etiske spørsmålet ikke er løst
Vi har begge hatt nytte av Den etiske beslutningsprosessen både i undervisning og når kolleger ber om råd i fagetiske spørsmål. Det er synd at denne ikkje er med i dei reviderte fagetiske retningslinene. Grøndahl etterlyser hjelp til å handtere det første kulepunktet, ved at han ikkje fekk hjelp til å identifisere relevante etiske tema og problemstillingar. Leiar i FER har ikkje svara på denne delen av kritikken. Fagetisk råd vil nok ha god nytte av at Den etiske beslutningsprosessen kjem fram i dagslyset att, slik at den etiske refleksjonen vert mindre smertefull og meir opplysande for den innklaga psykologen.
Merknad. Begge har vore leiarar av FER. Knut har også vore leiar i Ankeutvalget for Fagetiske klagesaker (AFEK). Nina har vore medlem i Board of Ethics i EFPA. Da Nina gjekk ut av Board of Ethics, gjekk Mette E. Garmannslund inn som representant for NPF.