Gjer undersøkingar om psykolograpport
Øystein Helmikstøl
-
Øystein Helmikstøl
journalist
Gjenopptakingskommisjonen har starta arbeidet med å handsame ei ny oppmoding om gjenopning av Prestesaka. Sentralt i undersøkinga står ein omdiskutert psykolograpport.
– Saken er nå til utredning i kommisjonen, og det vil bli gjort undersøkelser knyttet til den psykolograpporten som domfelte har innvendinger mot.
Det skriv leiar Siv Hallgren i Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker i ein e-post til Psykologtidsskriftet, som svar på spørsmål om kva status er på . Dette er andre gongen domfelte prøver å få saka si opna på nytt.
PRESTESAKA
Ein prest i Den norske kyrkja vart i 2008 dømt i Eidsivating lagmannsrett til åtte år i fengsel for vald og seksuelle overgrep mot stedottera. Presten måtte i tillegg betale 575 000 kroner i erstatning. Kvinna fikk seinare valdsoffererstatning på 640 000 kroner.
Ei oppmoding om gjenopning av saka vart avslått i 2013.
I ein i februar i fjor om det Psykologtidsskriftet omtalar som Prestesaka, kom ei rekke fagpersonar med sterk kritikk mot ein psykolograpport i saka. Dokumentaren vart seinare i Pressens Faglige Utvalg, på punkta 3.2 og 4.1 i Vær Varsom-plakaten. Saka var ifølgje PFU for einsidig og utelot sentrale opplysningar, skreiv i etterkant av handsaminga i PFU.
No skal altså Gjenopptakingskommisjonen gjere undersøkingar i saka.
UTGREIINGA
Gjenopptakingskommisjonen fekk oppmodinga frå domfelte i februar, og har motteke ytterlegare dokument frå domfelte sin advokat fram mot september i år.
– Det er for tidlig å si noe nærmere om hvilke øvrige utredningsskritt som eventuelt vil bli foretatt. Resultatet av kommisjonens utredning vil på vanlig måte bli forelagt partene og fornærmede for uttalelse. Det er følgelig vanskelig å si noe nærmere om når det kan forventes å foreligge en avgjørelse, skriv Hallgren.
Utgreiinga blir ifølgje kommisjonsleiar Hallgren gjort av saksbehandlarar i sekretariatet. Når utgreiinga er ferdig, vil saka bli lagt fram for ein samla kommisjon for drøfting. Dersom kommisjonen ikkje ser behov for ytterlegare utgreiing, vil saka bli avgjort på grunnlag av det materialet som ligg føre. Avgjerda frå kommisjonen vil bli gjort tilgjengeleg for pressa i sin heilskap, og vil bli publisert på Lovdata i anonymisert form.
Hallgren opplyser at hennar tidlegare tilknyting til advokatfirmaet Elden gjer at det er nestleiaren i kommisjonen, advokat Sven Ole Fagernæs, som handterer denne saka. Advokat John Christian Elden representerte domfelte i sist runde i Gjenopptakingskommisjonen, og har også ei rolle no.
Fagernæs har ifølgje Gjenopptakelse.no vært ved regjeringsadvokatembetet i 39 år til han gjekk av med pensjon i 2015. Fagernæs opplyser at kommisjonen er i gang med undersøkingane.
– Vi har startet med å gjøre undersøkelser vi mener er nødvendige, skriv han i ein e-post til Psykologtidsskriftet.
– UFORSTÅELEG
Det har ikkje lukkast å få ein kommentar til saka frå den rettsoppnemnte sakkyndige psykologspesialisten som skreiv rapporten. Via advokat Hanne Lilleby skreiv psykologspesialisten dette til Psykologtidsskriftet i februar 2017:
– Det er uforståelig at denne saken igjen skal skrives om, og det er med beklagelse at dette igjen blir en ny tilleggsbelastning for fornærmede, som forsøker å legge denne saken bak seg.
– AVGJERANDE
Advokat John Chr. Elden, som har støtta domfelte i arbeidet med begge oppmodingane om gjenopning av saka, har ikkje svart på førespurnadene frå Psykologtidsskriftet. Advokat Hilde Mo var medforsvarar da straffesaka gjekk i lagmannsretten. Ho ønsker ikkje å uttale seg.
Advokat Kaja Goplen representerte domfelte i ein periode. Ho understreker at ho ikkje lenger representerer domfelte. Goplen opplyser at ho ikkje er kjent med innhaldet i oppmodinga som er levert kommisjonen, eller kva som elles er gjort av vidare utgreiing i arbeidet med saka.
Ho meiner at psykolograpporten har noko med skuldspørsmålet å gjere mellom anna fordi rapporten vart lagt til grunn av tingretten og gjengitt i fleire deler av dommen.
VAR ADVOKAT FOR DOMFELTE: Advokat Kaja Goplen forventar at Gjenopptakingskommisjonen ser på alle sider av Prestesaka. Foto: Recurso.no
– Juryen i lagmannsretten begrunner som kjent ikke sine beslutninger, så det er ikke mulig å si i hvor stor grad rapporten har vært avgjørende for deres vurdering. Det vi imidlertid vet, er at det også i lagmannsretten ble brukt betydelig med tid på denne rapporten, og juryen var inngående kjent med dens innhold. Likeså var det en del av rettsbelæringen til lagdommeren. Rapporten var også helt avgjørende i vurderingen av menerstatningsspørsmålet som ble avgjort i sammenheng med straffesaken. At rapporten har hatt betydning for skyldspørsmålet i lagmannsretten, når den har vært avgjørende for fellende dom i tingretten, er helt klart, skriv Goplen.
I eit i juli i fjor heldt tidlegare sjefredaktør Rolf Nordberg i avisa Glåmdalen fram at sakkyndigrapporten ikkje var hovudgrunnen til at presten vart dømd. Glåmdalen dekka saka da den gikk for retten for ti år sidan. I innlegget påpeikte han mellom anna at tingretten også la vekt på vitneforklaringar frå personar som fortalde at dei hadde sett skader på fornærma.
– BELYST I TO RETTSINSTANSAR
Psykologtidsskriftet har fleire gonger forsøkt å komme i kontakt med fornærma sin bistandsadvokat. Advokat Inger Marie Støen var bistandsadvokat då saka gjekk i retten, men opplyser at ho ikkje lenger er det. Støen har fått tilbod om å kommentere saka. Me har ikkje lukkast med å få kommentar frå advokat Maria Støen Thoresen, som representerte fornærma i siste gjenopningsrunde. Støen Thoresen har tidlegare opplyst at Gro Wildhagen er ny bistandsadvokat. Wildhagen har ikkje svart på Psykologtidsskriftet sine førespurnader.
Fornærma har mellom anna peika på dette :
– Denne straffesaken ble etterforsket av politiet i lang tid og grundig belyst i to rettsinstanser. Både tingretten og lagmannsretten fant etter en samlet bevisvurdering presten skyldig på samtlige tiltalepunkter, det vil si i å ha begått en rekke voldtekter og andre seksuelle overgrep, grov vold og mishandling over en periode på om lag 12 år.
Hedmark og Oppland statsadvokatembete har ikkje svart på Psykologtidsskriftet sine førespurnader om saka.
Riksadvokaten har ingen kommentar til begjæringa, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Mie Skarpaas ved Riksadvokatembetet.
Johan Martin Welhaven, leiar for Felles enhet for påtale i Innlandet politidistrikt, skriv dette i ein e-post:
– Ønsker Gjenopptakelseskommisjonen noe fra oss i Innlandet politidistrikt i den videre prosessen, vil vi selvfølgelig hjelpe til på best mulig måte for at de skal kunne foreta en riktig avgjørelse.