3,5 prosent homofile i USA
Av vaksne i USA oppgjer 3,5 prosent sjølve at dei er homofile. Dette kjem fram i ein studie publisert av The Williams Institute i Los Angeles.
Her er nokre fleire nøkkeltal frå undersøkinga:
0,3 % av vaksne i USA er transkjønna. Det vil seia at dei ikkje identifiserer seg med kjønnet dei er fødde med
Homofile, biseksuelle og transkjønna amerikanarar utgjer med dette rundt ni millionar personar
1,8 % av vaksne i USA ser seg sjølv som biseksuell
1,7 % ser seg sjølv som berre homofil (ikkje biseksuell)
Det er langt vanlegare for kvinner enn for menn å identifisera seg som biseksuell. Biseksuelle utgjer meir enn helvta av den totale populasjonen med lesbiske og biseksuelle kvinner i åtte av dei ni undersøkingane som ligg til grunn for studien. På den andre sida utgjer homofile menn langt meir enn helvta av den samla populasjonen med biseksuelle og homofile menn i sju av ni undersøkingar
Rundt 19 millionar amerikanarar (8,2 %) fortel at dei ein eller annan gong i livet har hatt sex med ein person av same kjønn
25,6 millionar (11 %) har kjent seg seksuelt tiltrekt av personar med same kjønn
Kjelde: Gary J. Gates (2011). How many people are lesbian, gay, bisexual, and transgender? The Williams Institute.