Notis
2,4% av verdas befolkning har bipolar liding.
Publisert: 04.04.2011 | Utgave: 4
Dette kjem fram i ein unik studie som baserer seg på data frå 61 392 vaksne i elleve land. I høginntektsland får 50,2 % behandling i psykisk helsevern, i land med middels inntekt 33,9 %, og i låginntektsland 25,2 %. Tre av fire med bipolar liding har òg ei anna psykisk liding. Med i studien var USA, Brasil, Columbia, Mexico, Bulgaria, Romania, Kina, India, Japan, Libanon og New Zealand.
Kjelde: Merikangas, K. (2011). Archives of General Psychiatry, 68, 241–251.