Hugsar SMS-språk best
Publisert: 03.12.2007 | Utgave: 12
Tenåringar som skriv mange tekstmeldignar, hugsar sms-språk betre enn ordentlege ord.
![](https://www.psykologtidsskriftet.no/element/1240/image/article/2007/12/Hugsar-SMS-sprak-best/2007-12-1506-01-b.jpg)
Dr. Beverly Plester frå Coventry University undersøkte 47 ungdomar sine evner til å hugsa alminnelege ord, ikkje-ord og sms-språk. Nokre av dei var aktive brukarar av tekstmeldingar, medan andre brukte det lite. Begge gruppene viste seg å hugsa sms-språk markert betre enn dei to andre ordtypane.
– Skulen kan kanskje bruka ungdomane sine erfaringar med tekstmeldingar som ein nøkkel til å skapa høgare medvit om ulike typar språk, og sørga for at born forstår kvar og når og kvifor dei skal nytta det passande språket, seier Plester til BPS Media Centre.