Forstyrrande blikkontakt
Publisert: 03.12.2007 | Utgave: 12
Born med ADHD kan måtta kikka bort frå andlet lenge for å få tenkt seg om.
Når det ser ut som om dei ikkje er merksame, kan forklaringa vera at desse borna finn det lettare å konsentrera seg når dei vender blikket bort.
Dr. Gwyneth Doherty-Sneddon frå University of Stirling ba born med og utan ADHD om å løysa matematiske oppgåver med ulik vanskegrad. Alle borna vendte blikket vekk frå andletet til personen dei snakka med når dei tenkte, men borna med ADHD trengte å sjå vekk langt meir enn snittet, melder BPS Media Centre.
– For born med ADHD er det ekstremt vanskeleg å sjå på andre sine andlet, så slik kontakt kan tenkast å forstyrre evna deira til å tenka, kommenterer Doherty-Sneddon.