Du er her

Makta hjå sakkunnige

Gjennom rettsteiknar Ane Hems fortelling blir me vitne til kor stor vekt ei sakkunnigvurdering blir tillagt i ei barnevernsnemnd.

Publisert
3. juni 2020
Et spørsmål om skyld. Rettstegnerens fortelling av Ane Hem, 2020, Aschehoug, 360 sider

Ane Hem jobba fleire år som avisteiknar. Ho var med under fleire rettssaker og teikna frå desse. Slik kom ho tett på det norske rettsvesenet og menneske som sat på kvar si side av bordet i rettssakene. Særleg vart ho opptatt av kva betyding sakene i ettertid fekk for tiltalte, og ikkje minst for dei pårørande. Ho bestemte seg for å skrive bok om nokre av desse sakene.

Boka er godt skrive. Kan hende er det teiknaren i Hem som styrer måten ho skildrar personar, stemningar og samtaler på? Det er iallfall svært sanseleg, og uvante detaljer kjem fram. I tillegg veit ho korleis ho dramaturgisk skal bygge opp ein tekst slik at lesaren blir dratt mot neste side, nærast som ein krimforfattar. Berre til skilnad at dette ikkje er fiksjon, det er levd liv.

Sakene ho går inn i, er ikkje milde. Til tider er det detaljert lesing om grov vald og overgrep. Eg kjenner både kvalme, avsky og forundring når eg les. Det er lett å fylgje med, og eg kjenner alle sakene frå media.

Fleire av sakene handlar om vurderinga av om tiltalte er tilrekneleg eller ikkje, det vil seie om han eller ho kan bli dømt for handlinga eller ikkje. Hem viser kor avgjerande og prinsipielt viktig dette spørsmålet er for behandlinga av ei sak, og ikkje minst kva det kan bety for dei involverte, det vere seg tiltalte, utsette og pårørande. Ho skriv på ein lettfatteleg og opplysande måte.

Rebekka si historie

Ei sak brukar forfattaren lang tid på. Det speglar antakeleg kor lang tid ho har følgt saka – over år. Hem legg i denne saka tidleg merke til kona til tiltalte. Ektemannen er tiltalt for overgrep mot fleire jenter. Han er tiltalt for å ha lasta ned overgrepsbilde og for produksjon av det same. Han er tiltalt for valdtekt på ei 18 år gamal kvinne, og for eitt overgrep mot si eldste dotter då ho var spedbarn. Medan pressen og rettsvesenet er opptatt av den tiltalte, så har bildet av kona festa seg hjå Hem. Ho undrar seg over korleis dei som er pårørande i ei slik sak, kjenner det, og kva type hjelp dei får. Hem avtaler to samtalar med kvinna, men det blir mange fleire.

Hem kunne ha jakta på fleire svar

Samtalane med kvinna (kalla Rebekka i boka) blir starten på lange drøftingar. Mest som ein detektiv søkjer Hem å finne svar på korleis hjelpeapparatet, med barnevernet i spissen, vurderer åtferd og utsegn hjå Rebekka og dei to jentene hennar, og korleis dette leiar den hjelpa dei gir. Som lesar er det ikkje til å unngå å tenkje at vurderingane og hjelpehandlingane kan skape sjølvoppfyllande profetiar. Eitt døme er når barnevernet skuldar mor for å ikkje gi barna tryggleik nok til å snakke om det vonde. Det endar opp med at barnevernet invaderer barna med informasjon som gjer dei veldig uttrygge, noko som igjen gjer at mor blir skulda for dårleg omsorg. For ganske raskt dreier det seg om barnevernet skal ta over omsorga for barna eller ikkje. Sentralt i dette arbeidet står ein sakkunnig psykolog. Sjokkerande nok skjønar ikkje mor at det er sakkunnigarbeid psykologen gjer.

Gjennom denne fortellinga blir me vitne til kor stor vekt ei sakkunnigvurdering blir tillagt i ei barnevernsnemnd. Hem undrar seg også over om nemndene sine lukka system kan vere med på å svekke rettssystemet. Ho opplever at mange av utsegnene deira får stå uimotsagt, som om nemnda har ein felles kultur og eit felles språk som alle er innforstått med. Eitt døme er korleis protestar frå mor eller far blir sett på som nekting eller hysteri. Hem skriv om seg sjølv: «Det var vanskelig å godta sakkyndiges usplittede historie, den som innebar at pappa var farlig og at jentene var tryggest hvis de lærte å tenke som alle andre.»

I saka om Rebekka snakkar ikkje Hem med sakkunnig. Her synest eg at Hem kunne ha jakta på fleire svar. Ho kunne ha intervjua ein annan sakkunnig om hjelp til å forstå nemndssystemet. Ho kunne ha drøfta meir om kva som gjer ei vurdering god eller ikkje, kva kriterier som bør liggje til grunn, og funne ut om desse var følgt i Rebekka sitt tilfelle, utover at denne er godkjent av barnesakkyndig kommisjon. Men dette hadde ikkje gjort fortellinga om Rebekka og døtrene til lettare lesing. For det er til tider vondt å lese. Så vondt at eg meiner at denne boka bør vere obligatorisk for dei som er eller ynskjer å bli sakkunnige.

Nyansert

Fortellingane boka presenterer, må bli drøfta i største alvor. Det inneber at mange kanskje blir nøydt til å undertrykke ein automatisk respons om å forsvare eigen profesjon. For det er ingen grunn til å sitje på sin høge hest. Hem har eit skarpt blikk og engasjement for dei ho skriv om. Til tross for dette så opplever eg at boka er nyansert. Hem er ute etter å forstå, ikkje å ta nokon eller å dele inn i skurk og helt. Forfattaren legg til rette for ein debatt om viktige fagetiske dilemma. Ho forenklar ikkje, og utviser stor respekt både for rettsvesenet, sakkunnige og barnevernet, men mest av alt prøver ho å forstå kven som er dei svake partane i sakene. Det er i møte med desse at læringa vår kan skje.

 

Kommenter denne artikkelen