Du er her

Distansert om born

Carolina Øverlien, Mona-Iren Hauge, Jon-Håkon Schultz (red.), Barn, vold og traumer. Møter med unge i utsatte livssituasjoner Universitetsforlaget, 2016. 312 sider

Målgruppa er for utydeleg, og språket manglar nærleik til opplevingane. Boka treffer meg ikkje.

Publisert
5. oktober 2017

DETTE ER EI BOK der eit heilt kompetansemiljø på Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) foreinar krefter og tek sats, med sikte på å spenne opp heile himmelkvelven over landskapet born og traume.

Gjennom fire delar og 18 kapittel dekker dei eit svært bredt spekter av perspektiv og problemstillingar, som spenner frå reaksjonar og etterverknader av katastrofar og terror, via implikasjonane av å vekse opp med vald og korleis ein kan møte det utsette barnet på ulike arenaer, til meir metodologiske problemstillingar og moglege rammer for forståing. I eit felt som dels er prega av fragmentering, posisjonering og konkurrerande rammer for forståing, representerer boka eit viktig forsøk på å samle ulike perspektiv, og skissere korleis foreldre, lærarar, barnevern og helsearbeidarar alle har viktige, men ulike roller i å sjå og ivareta born og unge i utsette livssituasjonar. Boka dokumenterer solid kunnskap om bredda av traumefeltet og inneheld mykje kunnskap som det er viktig når ut til dei som møter traumeutsette born.

Det blir tindrande stjerner, langt der oppe på himmelkvelven, og ikkje levande bilete av born

Som lesar blir eg likevel ikkje overtydd. Dette skuldast delvis at eg aldri føler at boka vender seg direkte til meg som lesar. Den treff meg ikkje, og klarer berre unntaksvis å vekke engasjementet mitt, trass i at eg brenn for traumefeltet. Kva handlar dette om? For meg to ting: språkforma og mangel på tydeleg målgruppe.

Forfattarane av boka har gitt seg sjølve ei stor utfordring. Når ein spenner så vidt som boka gjer, krev det mykje for at eit så bredt spekter av lesarar skal finne boka relevant. På side 12 skriv redaktørane at boka har som formål å bidra med det siste av forsking for å skape større medvit og kunnskap. Men kven skal få større medvit og kunnskap? Er det lærarane? Er det helsearbeidarane? Skal eg som psykolog lære meir om kva rolle barnevernet og skulen har for det traumeutsette barnet? Som lesar vert ein sittande utan tydelege svar på dette. Det gjer noko med lesaropplevinga.

I tillegg har forfattarane den krevjande oppgåva å skulle formidle forsking og korleis denne kan omsetjast til praksis. Å finne si språklege form i området mellom vitskapleg og populærvitskapleg framstilling er krevjande. Forfattarane prøver å levandegjere og bryte opp med vignettar. Dette er hjelpsamt, men fungerer berre delvis. For meg blir språket i for stor del av tida for distansert med lite nærleik til opplevingane og tidvis normativt. Det blir tindrande stjerner, langt der oppe på himmelkvelven, og ikkje levande bilete av born – med sine styrker, behov og utfordringar.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 54, nummer 10, 2017, side 1027

Kommenter denne artikkelen