Du er her

3 stk. 100 % avtale­heimlar i klinisk psykologi i Bergens­området

Helse Vest RHF

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland. Helse Vest RHF eig seks helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest innkjøp HF, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har om lag 27 300 medarbeidarar, omfattar femti sjukehus og institusjonar, og yter helsetenester til 1,1 million innbyggjarar.

3 stk. 100 % avtaleheimlar for godkjende spesialistar i klinisk psykologi i Bergensområdet er ledig frå 01.08.21.  
 

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • Erfaring frå klinisk verksemd, herunder gruppeterapi
  • Kompetanse
  • Eigenskapar for heimelen
  • Planar for innretning av praksisen
  • Evne og vilje til samarbeid

 

Dersom to eller fleire søkjarar blir vurdert å vere like godt kvalifiserte vil søkjarar med erfaring frå gruppeterapi bli føretrekt.

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk Psykologforening.

Avtalespesialistane skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialistane foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.

Helse Vest RHF skal gjennom 2021 legge til rette for at helseføretaka etablerer ei ordning der alle tilvisingar av pasientar til  psykisk helsevern skal sendast til tilvisingsmottak ved helseføretaket (“ein-veg-inn”).

Avtalespesialistane skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Bergen HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp.

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
 

Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.


Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.

 

Søknadsfrist
27. mai 2021