Tidsskrift for Norsk psykologforening
sjefredaktør
Katharine Cecilia Williams
katharine@psykologtidsskriftet.noUtgiver
Norsk psykologforening
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Det var med sorg og sjokk me fekk bodskap om Ingrids bråe død. Ein solrik vårdag først i juni 2012 snakka me på telefonen og planla glade møte utpå sommaren på Rauland. Midt i juli månad døydde ho, berre 64 år. Kreften i bukspyttkjertelen kom brått, hastig og aggressivt. Det var hennar kjære, Eivind Fagerlid, som måtte sende sørgjebod på telefonen.
Ingrid var blant dei stillfarne i landet. Med varmt hjarte og med skarpt blikk såg ho det som skulle sjåast, og gjorde det som måtte gjerast. Ingrid var ei kvinne av stort mot. Under sine barns oppvekst valde ho å vere heimeverande. Då hennar eldste son døydde ung av kreft, fylgde ho han frå han vart sjuk til han døydde heime. Seinare fylgde ho sine to andre barn og sju barnebarn i alle store og små ting når det trengdest.
Mange store og omfattande val førde henne vidare til psykologprofesjonen og til arbeid som psykolog – først i eigen landsdel i nord, seinare i traktene rundt Telemark. Barne- og ungdomspsykiatrien i nord, på Silsand, fekk hennar arbeidsinnsats straks etter avslutta studium i Tromsø. Deretter fór ho til Modum Bad i ca. fire år. Eg var så heldig å få fylgje henne som vegleiar begge desse stadene. Stor var hennar innsats for unge som hadde opplevd påkjenningar og traume i livet og som prøvde å finne nye vegar under opphald på Modum. Ho tenkte nytt og modig i dette arbeidet, og hadde alltid blikk for relasjonar, nettverk og dialog – både dei som hadde vore, dei som var, og dei som kunne bli skapt.
Då hennar Eivind flytta heim til Vrådal i Telemark, flytta ho etter. Ikkje kun fag og arbeid, men også kjærleik var kompass i hennar liv. I Telemark arbeidde ho først på Seljord DPS i om lag to år, deretter i Skien kommune på helsestasjon for ungdom i ca. 3 ½ år. Typisk nok såg ho verdien av å arbeide nær der folk levde sitt vanlege liv og å møte ungdomen nær deira eige. Her var ho heilt fram til sjukdomen kom. I Telemark fann ho også rom for sankarglede i skog og mark, og ikkje minst i samling av antikvitetar, som igjen ga grunnlag for planar og draumar om å starte kombinasjonsnæring mellom privat psykologpraksis og antikvitetshandel. Hennar liv var framovervendt. Planar og draumar var også det.
Det vistest ikkje ved første augnekast den kraft, seigheit og stå-på-vilje som Ingrid alltid hadde. Først når du kom i nærare kjennskap med denne stillfarne kvinna, kunne du sjå det: sjenerøs, fritalande, sterk, ofte personleg utan å vere privat, glad i det nære, blikk for det store. I så måte representerte ho eit godt føredøme for psykologprofesjonen: kvalitet i gjerning, fagleg openheit, samkjensle med medmennesket.
Psykologstanden har i henne mist ein fin ambassadør. I respekt og takksemd lyser me fred over hennar minne.
Anna Margrete Flåm
ISSN 0332-6470 (print)
ISSN 2703-9528 (web)
Kommenter denne artikkelen