Du er her

2 stk. 100 % avtale­heimlar i klinisk psykologi på Voss

Helse Vest RHF

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig seks helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest innkjøp HF, i tillegg til Helse Vest IKT AS. Helseføretaka har om lag 27 300 medarbeidarar, omfattar femti sjukehus og institusjonar, og yter helsetenester til 1,1 million innbyggjarar.

2 stk. 100 % avtaleheimlar for godkjende spesialistar i klinisk psykologi på Voss er ledig frå 01.09.2019, eller etter avtale.

Det er mogleg å overta tenlege kontorlokale, som også legg til rette for godt fagleg samarbeid. Sambandet med tog til Bergen er bra.

Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:

  • erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
  • eigenskapar for heimelen
  • innretning av praksis
  •  samarbeid med andre

Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Norsk psykologforening.

Avtalespesialisten skal bidra til at Helse Vest kan oppfylle «sørge for»-ansvaret. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten utfører undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.

Avtalespesialisten skal ha ein forpliktande samarbeidsavtale med Voss DPS NKS Bjørkeli. Avtalespesialisten skal samarbeide med Voss DPS NKS Bjørkeli om oppgåvedeling og for å sikre gode pasientløp. Avtalespesialisten skal også i et visst omfang kunne ta imot pasientar som er vurdert ved Voss DPS NKS Bjørkeli. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen og i samarbeidsavtalen.

Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar – før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.

Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 51 96 38 22.
Skriftleg søknad med relevante opplysningar, CV og sannkjende kopiar av attestar
og godkjenningar skal sendast til Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger.

Annonsen er fra Psykologtidsskriftets juni-utgave som utkommer 3. juni 2019
 

Søknadsfrist
Søknadsfrist er tre veker etter utlysing.