Du er her

Eit endra menneske

Fire år som psykolog ved FNs domstol for det tidlegare Jugoslavia har sett varige spor. – Eg kjem tilbake til Noreg som eit endra menneske, seiar Anthony Hawke (46).

Publisert
5. desember 2009

Han har møtt sjarmerande krigsforbrytarar og skamfarne overlevande etter massakrar, henta ut leivningar frå massegraver og høyrt vitnemål om vald og vondskap. Han er blitt utfordra på det djupaste i seg sjølv – har møtt grunnfjellet i tilværet – og kjem ut av det med ei personleg tru på Gud og menneska. Eit paradoks?

– Gjennom heile denne opplevinga er det to ting som står veldig sterkt i meg. Det første er at krig løyser ingenting. Det er veldig rart at vi så fort tek til krig. Eg er ikkje pasifist, men har vanskeleg for å forstå det. Krig løyser ikkje konflikt. Samstundes, når eg såg det som hadde skjedd av forferdelege ting – som då eg sto ved massegravene … å sjå på desse gravene og kjenne på stilla i meg sjølv, det er ei slags stille rundt desse gravene, ei spenning i lufta – så blir eg slått av det store i at folk har evne til å gå vidare. Menneskets vondskap får òg fram styrken. Det er ein veldig grunnleggande kamp mellom det gode og det vonde, det primitive. Eg ser at det har gått føre seg ein massakre, og så ser eg at både menneske og nasjonar har kome seg vidare utan å halda fram i same spor. Frå fødelandet mitt Sør-Afrika ser vi det same ved sanningskommisjonen, i mirakelet som heiter tilgjeving og forsoning.

Under eid

Hawke leia avdelinga som har ansvar for oppfølging av vitna ved The United Nations International Criminal Tribunal for the Former Yugoslavia (ICTY). Domstolen blei vedteken etablert av FN sitt tryggingsråd 25. mai 1993. Mandatet er straffeforfølging av krigsforbrytarar frå konflikten i det tidlegare Jugoslavia i 1991–1992.

– Vi er ein nøytral seksjon, fortel Hawke, og vekslar litt mellom presens- og preteritumsformer når han snakkar om arbeidet ved domstolen i Haag i Nederland. Vi snakkar med han halvannan månad etter at han slutta 17. september.

– Eg fekk ein dag til å pakka, tok flyet til Trondheim, som har vore heimbyen min dei siste åra, var der i cirka 10 dagar og drog så til Stavanger. Her er eg begynt i ny jobb som leiar ved familievernkontoret, og har hamna midt i smørauga, med ein fantastisk stab med masse erfaring, og mildt klima, seiar han. Han har visst fått tid til å kjøpa hus òg.

Dei drog frå bygd til bygd, samla kvinner og born i eit hus, forskansa dører og vindaugo og tente på

Men tilbake til Haag. At ICTY er nøytral, inneber at dei tek seg av vitna til både aktoratet og forsvaret, og dei tiltalte.

– Du er under eid, fortel Anthony Hawke. – Juridisk sett betyr det at du ikkje kan snakka med andre medan du vitnar, heller ikkje advokatane, bare domarane, og til desse er det ein enorm avstand. Når dei skulle vitna, så var det altså bare oss dei kunne snakka med.

For dei tiltalte kunne perioden under eid vara i fleire veker. For vitna alt frå ein halv dag til ei veke.

For psykologen blei det ein fantastisk sjanse til å forhalda seg til ulike menneske, frå dei som var analfabetar, aldri hadde sett verda eller vore på eit fly og aldri sett rulletrapper, via FN-soldatar, til statsministrar, presidentar og ambassadørar. Kort sagt alle som var knytte til Jugoslavia under krigen.

Utfordringar i systemet

Hawke hadde 15 personar under seg. Av desse var tre tolkar, og tre var terapeutar som jobba i venteromma (sosionomar, Anthony var den einaste psykologen i organisasjonen). Resten var terapeutar som jobba med vitna utanfor retten, på hotellromma, på dei to utestasjonane i det tidlegare Jugoslavia, og på reisene mellom Haag og heimlandet.

Ifølgje Hawke var det ein ganske uryddig organisasjon som møtte han då han kom til Nederland for tre år sidan.

– Eg måtte ganske umiddelbart ta tak i personalet. Ein av dei første oppgåvene mine blei å sparka fem av dei 15 som dels var uprofesjonelle, dels ikkje passa til jobbane. Det var veldig vanskeleg, men handla om å ta vare på personalet. Det er FN ikkje spesielt vant til.

Sjukmeldingar ved ICTY har vore oppe i 12 prosent. Dei lid av «compassion fatigue» – omsorgsslitasje.

– Mange har jobba der i 13 år. Ikkje skjønar eg korleis dei maktar det. Det var svære helseplager og psykologiske problem blant personalet som eg prioriterte høgt å jobba med, fortel Anthony Hawke, som tidleg prioriterte ned sitt eige kliniske arbeid med vitna.

– Etter kvart tok eg bare dei vanskelegaste og mest dramatiske sakene sjølv. Elles støtta eg resten av personalet. Eg starta mellom anna rettleiingsgruppe, noko som var uhøyrt i FN. Organisasjonen gje sitt beste og får til utruleg mykje, men stiller ikkje nok opp for personalet sitt. Men dei er opptekne av testar før du startar, for å forvissa seg om at du er hardfør.

Forteljingar i rettssalen

– Massakrar, drap, vald og massevaldtekt, kannibalisme … Eg har aldri sett meg inn i eller skjøna kva menneske er i stand til å gjera mot andre i krig. Det var tøft å høyra om alt dette. Forteljingar om tortur og seksuelle overgrep var veldig fysiske.

Om vitna ikkje kjem frivillig, blir dei stemna, så mange av dei som måtte ta turen til Haag, var ganske sjuke. Ikkje få trengte hjelp frå akutt psykisk helsevern medan dei var der. For Anthony Hawke og dei andre terapeutane blei noko av det viktigaste å kunna hjelpa dei vidare. Å grava fram dei vonde minna i vitneboksen innebar for mange ei retraumatisering. Ifølgje Hawke var det avgjerande korleis dei definerte denne opplevinga.

– Det viste seg å vera viktig å omdefinera det til noko anna, noko som dei kunne få noko positivt ut av og ta med seg vidare. Sidan eg har jobba i familievernet, er narrativ psykologi min ståstad og mi tilnærming. Vitna fortel ei historie om seg sjølv, og oftast om ting som hende som dei ikkje sjølv hadde ansvar for, seiar Hawke.

– Om eit menneske klarar å skapa meining i det dei gjennomgår, så blir det lettare. «Dette gjer eg ikkje bare for meg sjølv, men som talsperson for borna mine og den døde mannen min, for dei kan ikkje fortelja.» Eller dei kunne finna meining i at det handlar om rettferd eller lov og orden. Om dei derimot ser på det å vitna som noko dei rett og slett må fordi andre vil, så er det vanskeleg, fordi dei kjem inn i ei passiv rolle i si eiga historie. Dei blir offer også i forhold til domstolen. Å sjå seg sjølv som ein handlande part i eiga historie gjev òg styringsevne. Dette er noko eg tok med frå krisearbeidet i Trondheim.

Lindring gjennom forteljing

Ei anna innsikt Hawke tok med seg Trondheim, var innsikta i kor viktig det kan vera å ein gong få fortelja og snakka om traumatiske opplevingar utan å bli avbroten.

Folk frå det tidlegare Jugoslavia har ikkje fått gjort dette, anten fordi folk ikkje tåler å høyra det dei har å fortelja, eller fordi samfunnet er så gjennomsyra av traume. Eller landet oppfordrar folk til å legge ting bak seg fordi nasjonen skal byggast opp igjen. Så kjem dei til retten og opplever at heller ikkje der får dei fortelja, fordi dei heile tida blir avbrotne og får beskjed om bare å svara på spørsmålet. Dess viktigare var det at dei fekk tid med oss til å fortelja heile historia si utan avbrot. Det var mykje helsebot og lindring i det.

Han opplevde at dei psykologiske teknikkane var nyttige i møte med alle, sjølv om folk kom frå ulike kulturar og sosiale lag.

– Eg brukte det same på alle. Det var interessant å møta ulike fagfolk, diplomatar og folkevalde som ikkje hadde vore med i ei rettssak før. Nokre av desse rekna med at det ikkje skulle vera vanskeleg. «Psykolog?» spør dei, og så flirer dei. «Det treng eg ikkje.» Men så går dei inn, og det er beintøft. Dei blir skikkeleg overrumpla fordi dei ikkje er førebudde på det psykologiske og menneskelege presset. Ein skildra det som å vera i ein boksering der du slost mot andre og blir bombardert med verbale slag. Spørsmål som vekker minne og kjensler, men ikkje bare det. Ein må heile tida vera eitt skritt framom aktoratet, for eitt spørsmål fører til det neste.

Mordbrann

– Forteljingane og møta med menneske gjorde så utruleg sterkt inntrykk, seiar Anthony Hawke.

Han hugsar ei sak der ein onkel og ein ung nevø frå det austlege Bosnia, Luki og Luki, sto tiltala. Dei hadde vakse opp med muslimar som naboar og var sjølv bosniske serbarar. Men etter at krigen starta, blei dei aktivt med i forfølging og drap av muslimar. Dei oppretta ei halvmilitær gruppe som spesialiserte seg på husbrenning. Teknikken var enkel og effektiv. Dei drog frå bygd til bygd, samla kvinner og born i eit hus, forskansa dører og vindaugo og tente på.

– Det var så synleg då dei overlevande kom i vitneboksen, for dei hadde så alvorlege brannskadar. Eg hugsar spesielt godt ei av kvinnene som kom til Haag. Ho var heilt skamfaren, sjølv etter godt over 150 plastiske operasjonar.

I rettssalen møtte ho dei to overgriparane andlet til andlet. Ho var så rak i ryggen. Dei skulle ikkje få trakka på henne.

– Det blei veldig avgjerande å få møta dei to som hadde øydelagd så mykje. Det er dette som er det positive i arbeidet, å sjå styrken og stoltheita som kjem fram. Mange har opplevd enorme tragediar, både psykisk og fysisk skade og fornedring gjennom seksuelt misbruk, også menn. Likevel har dei ein sjølvrespekt og verdi som ingen har klart å ta frå dei.

– Ein blir så utfordra at det ikkje hjelper med utdanning, teori eller statsborgarskap. Ein blir kledd naken som menneske

– Eg opplever det som noko som høyrer oss menneske til. Det heng saman med verdiane og haldningane våre. Dette har eg sett mange stader i verda, òg i Sør-Afrika, der dei svarte er blitt så fornedra. Men apartheidregimet klarte aldri å ta sjølvrespekten frå dei. Det same såg ein i Ungarn og Polen under kommunismen. Det er noko som ligg i oss menneske. Ei moglegheit.

Den skambrende kvinna i vitneboksen var ei av dei som måtte flykta ut av Bosnia for aldri å venda attende. Men historia hennar har ein lukkeleg utgang. Ho og plastikkirurgen blei glade i kvarandre og bur no som mann og kone i eit anna land.

– Dei lever så godt, fortel Hawke. – Styrken og hennar og evna til å vera målretta lærte meg mykje.

Massegravene

Massakren i Srebrenica er velkjend. I juli 1995 blei rundt 8500 muslimske bosnjakar drepne av serbarar i løpet av nokre få dagar. Her og andre stader i det tidlegare Jugoslavia er det funne massegraver som vitnar om ugjerningane.

– Det er ein heil vitskap bak dette – både frå dei som har gjennomført ugjerningane, og frå domstolen som skal forsøka å finna ut kva som skjedde. Dei drepne blei først lagde i primærgraver. Seinare blei dei gravne opp att med gravemaskin, mosa opp og flytta til ei sekundær grav, i eit forsøk på å skjula det som hadde skjedd, men òg for å gjera identifiseringsarbeidet vanskeleg.

Utan identifisering er det nemleg problematisk å koma med bevis i retten. Her er det avgjerande å kunna spora tilbake til vitne som kan stadfesta at dei saknar den og den. For å gjera det må ein kunna identifisera dei døde.

– Raude Kross og FN har DNA-testa så å seia heile det tidlegare Jugoslavia. Då er det veldig enkelt å DNA-testa restane av lik og spora tilbake, fortel Hawke, som sjølv har vitja massegravene ved fleire høve.

– Når du er ved desse gravene, skjønar du kvar krigens galskap ender. Det gjev ein spesiell følelse av tragedien.

MASSEGRAVER: – Når du står ved desse gravene skjønar du kor krigens galskap endar. Å vera der gjev ei spesiell kjensle av tragedien, seier Anthony Hawke. Han var sjølv med på å henta ut leivningar frå massegraver i det tidlegare Jugoslavia. Foto: ICTY

Henta ut lik

Psykologen oppsøkte sjølv massegravene for å bera ut restane av slektningane eller borna til familiar han møtte i Haag.

– Nokre gonger måtte vi dra folk ut av Jugoslavia fordi dei er truga som vitne. Det skjedde fort og dramatisk. På nokre få timar måtte dei pakka og forlata heimlandet sitt for aldri å kunna venda tilbake. Dei fekk ikkje ta farvel. Eg syntest det var viktig å kunna formidla til familien at eg hadde vore ved staden der deira kjære ligg, og at eg hadde bore lika ut sjølv for å kunna garantera at dei blei gravlagde etter muslimske skikkar.

Dette var ikkje noko han gjorde ofte. Det var heller ingen andre i teamet som gjorde det. Eigentleg var det etterforskarane sin jobb. Dei blei litt forundra over psykologen sin innsats, men, som Hawke sjølv seier det, dei som er etterforskarar og legar, skjøner at det er viktig å ha ei tilknyting når ein skal arbeida med sorga. Men kva gjorde desse opplevingane med han?

– Eg er ikkje særleg religiøs, men har ei slags tru. Slike opplevingar er så utfordrande – dei utfordrar deg heilt på botnen. I dette blei det viktig for meg å ha ei tru på Gud. Ei barnetru når eg ikkje har nokon annan stad å henta trøyst. Personleg så snudde eg meg til Gud i ein situasjon der eg var så fortvila og overvelda av det eg såg. Eg fann ei veldig trøyst i det, og i forståinga for noko godt i mennesket som eg liker å tenkja kanskje kjem frå Gud. Eg vet ikkje. Men det er ei veldig trøyst for meg å kunna snu meg til ein entitet. Det handlar òg om at det var ingen andre å henta trøyst frå.

Styrke

Anthony Hawke har ikkje ungar og ingen partnar. Men sakna han å ha nokon å dela inntrykka med?

Det er litt vanskeleg å svara på. Spørsmålet tilbake er: Hadde eg kunna snakka med partnaren min om det? Og hadde han kunna forstå? Eg trur ikkje det. Det er difor det er så innmari vanskeleg. Men eg hadde verdas beste kollegaer. Dei banda som blir knytte i ein slik jobb, er utruleg sterke. Eg har fått vener som kunne dødd for meg, og eg kunne dødd for dei òg. Men i dette arbeidet blir ein så utfordra som menneske at det ikkje hjelper med utdanning, teori eller statsborgarskap. Ein blir kledd naken som menneske. Heilt avkledd. Då kan ein ikkje tenka kva utdanninga som psykolog eller erfaringa har å seia. Då tyr du til deg sjølv. Eg lærte mykje om meg sjølv og styrken eg har i meg. Og det er spanande fordi det er den same styrken ein ser i dei som har opplevd krigen og klart seg. Å gong på gong oppleva tortur og valdtekter, grufulle valdtekter, og likevel bevara sjølvrespekt og stoltheit – og ha ein styrke som det blir veldig viktig å visa fram i retten når tiltalte sit der. Slik får dei fram ein underliggande bodskap: Du har ikkje klart å knekka eller knusa meg.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 12, 2009, side 1200-1204

Kommenter denne artikkelen