Du er her

Kor går psykologien?

Globalisering, grenselaus teknologi, økologiske utfordringar og ei galopperande kunnskapsutvikling. Verda er i endring – men følgjer psykologien med?

Publisert
5. november 2009

– Vi lever i ei tid med eksponentiell vokster.

På podiet står ein velstelt, velvaksen og velmodulert amerikanar og snakkar om psykologien si framtid. Vi er i Oslo Kongressenter under den europeiske psykologikongressen ECP2009.

Lita interesse

«Vi utdannar i dag dei unge til jobbar som ikkje finst, der dei skal bruka teknologi som endå ikkje er oppfunnen, til å løysa framleis uoppdaga problem,» står det på youtube-videoen som James H. Bray spelar av for oss 20 som sit spreidde ut over den store forelesingssalen. Det kjennest litt rart: Her står presidenten i verdas desidert største psykologorganisasjon. Han har reist over ein tredel av jordkloden, frå Houston, Texas til Oslo, for å presentera eit amerikansk blikk på dei globale utfordringane faget står overfor, og så kjem det bare eit snes tilhøyrarar. Er det temaet som ikkje fengjer? Blir vi apatiske i møte med ei verd som endrar seg med eksponentiell fart? Bray siterer tidlegare utdanningsminister i USA Richard Riley, som meiner dei ti viktigaste jobbane i 2010 ikkje ein gong eksisterte i 2004. Det krev sterk rygg å bera slike tider, og det krev stor endringskompetanse.

For samfunnsendringane er ikkje gradvise. Dei veks eksponentielt, som når ein bakteriekultur blir dyrka fram i ei petriskål. Tenk på ein harddisk på ein terabyte (som kven som helst i dag kan kan få på Elkjøp eller Expert for rundt ein tusenlapp). Den har plass til like mykje tekst som eit høg-skulebibliotek, eller rundt ein million bøker. Mange av oss har allereie ein slik boks ståande på skrivebordet. Og det er ikkje lenge sidan vi syntes det var stas med pc-ar med lagringskapasitet på 512 megabyte, noko som tilsvarar ei litt romsleg bokhylle.

Om ein tek på alvor det framtidsforskinga fortel – om utviklinga av ein supercomputer i 2013 som overgår reknekapasiteten til den menneskelege hjernen, og at ein computer som overgår heile menneskeheita si samla rekneevne, vil kosta 6000 kroner i 2049 – bør ein slik tendens få konsekvensar for korleis vi tenkjer og handlar i dag.

Finanskrisa som ressurs

Psykologien står ved eit viktig skilje og er i endring og utvikling for å møta det 21. århundret sine nye krav til utdanning, utøving og vitskap, hevdar James S. Bray i foredraget sitt.

– Framsteg innanfor nevrovitskap, genetikk og tverrfaglege helsetenester gjer psykologien meir relevant enn nokon gong. Men framstega krev at vi endrar tradisjonelle handlingsmåtar og metodar for å utnytta dei nye moglegheitene i samfunnet.

Vi møter presidenten til intervju etter foredraget.

– Finanskrisa har gjeve oss ein sjanse til å prøva nye ting. Den opnar opp nye felt som psykologar kan gå inn i, og den har rokka litt ved dei vedtekne sanningane, hevdar Bray. Han snakkar om korleis positiv psykologi kan brukast for å motverka ein stor nasjonal depresjon som den USA opplevde på 1930-talet.

– Vi kan hjelpa folk til å takla usikkerheita i tida vår, seier han, og viser til korleis folk i dag skiftar jobb mykje oftare enn før i tida, og korleis den teknologiske utviklinga stiller krav til stadig fornying og endring. Eit anna område i samtida som skapar utfordringar, er den moderne folkevandringa. Bray presenterte i foredraget sitt tal som viste at 52 prosent av innbyggarane i Toronto er fødde utanfor Canada.

– I ein slik situasjon er det heilt avgjerande at vi lærer om andre kulturar og tilpassar tenestene etter kven vi møter, understrekar Bray.

Endringskompetanse

Vi lever i ei tid der både Bjarne Håkon Hanssen, Angela Merkel og Barack Obama freistar å setta i verk store helsereformar. Ifølgje Bray har psykologar ei viktig rolle å spela i kampen mot galopperande helsebudsjett. Han meiner framtida ligg i å utvida helseomgrepet til òg å inkludera den psykiske helsa. Dette vil gjera psykiske lidingar mindre stigmatiserande, og kunna hjelpa til at det psykologiske perspektivet blir teke med i alle helsespørsmål.

– Vi er dei som veit mest om å endra menneskeleg handling, seier Bray, med adresse til dei store utfordringane knytte til livsstilsproblem som diabetes og overvekt.

Bray snakkar om korleis psykologien allereie har vist seg å kunna løysa store sosiale problem, og dreg fram eit aktuelt døme: Parent Management Training-modellen er ein opplærings- og behandlingsmetode retta mot familiar som har born med alvorlege åtferdsvanskar. I Noreg er metoden via eit eige program innført på nasjonalt nivå av styresmaktene. Intervensjonen blir gjennomført i samarbeid med amerikanske forskarar frå Universitetet i Oregon, som har utvikla metoden. Både samarbeidet og resultata har vore gode.

Avgjerande forskingsbasis

Bray fortel at det i fjor blei brukt rundt 30 milliardar dollar på forsking rundt klimavenleg teknologi i USA. Til samanlikning gjekk cirka 30 millionar til psykologisk forsking på endring av åtferd.

– Samstundes veit vi at endring av åtferd vil ha ein større effekt enn dei teknologiske nyvinningane, seier han, og nemner dei små lappane på hotellbaderomma som ber gjestene tenka seg om to gongar før dei kastar handkle til vask.

– Ein må basera seg på forsking, både grunnforsking og anvendt. Vi må visa at faget vårt er til å stola på, elles vil andre gjera den jobben vi kunne gjort betre, seier Bray.

Han er òg oppteken av all den psykologiske kunnskapen som psykologien ikkje blir kreditert for. Som simulatorteknologien i samband med flygetrening.

– Eg er sjølv pilot, fortel texanaren. – For bare 12 år sidan måtte treninga skje i lufta, medan ein i dag kan øva på realistiske risikosituasjonar i simulator, og med betre utbytte. Dette er i stor grad eit resultat av psykologisk forsking. Når du set deg på eit fly, så er det altså trygt på grunn av innsatsen til psykologar, seier presidenten.

Det riv og slit

– Både sentrifugalkrefter og sentripetalkrefter verkar på psykologien, seier Bruce Overmier. Den tidlegare presidenten i International Union of Psychological Science (IUPsyS) er komen til ECP2009 med ein bodskap om perspektivisme: Om ein synest psykologien ser ut til å rakna i saumane eller knytast stadig sterkare saman som fag, kjem an på kva for perspektiv ein har på utviklinga.

For å gjera det litt klarare: Psykologien har ifølgje Overmier ei rekke ulike potensielle faglege kjerneområde. Eitt av desse er eksperimentell psykologi, med studiar av persepsjon, motivasjon og læring og grunnleggarar som Wilhelm Wundt og Gustav Theodor Fechner. Andre vil gripa tilbake til Pierre Janet og Lightner Witmer og der finna grunnlaget for den kliniske psykologien. Andre igjen vil meina at Francis Galton og Alfred Binet sitt arbeid med intelligens og assessment gjorde susen. Det finst sjølvsagt mange fleire. Poenget til Overmier er at psykologien aldri har vore ein ting, og heller aldri vil bli det. Og i ei tid der kunnskapsmengda tvingar fram smalare og smalare spesialiseringar, kan det vera mykje riktig i påstanden om at psykologien blir utsett for sentrifugalkrefter som gjer at den trugar med å fly frå kvarandre.

– Spesialisering er sjølvforsterkande. Snart kan ikkje to psykologar snakka saman, spissformulerer han.

Tverrfagleg forsking utfordrar

Forsking går i stadig større grad føre seg på tvers av tradisjonelle fagskilje, noko som har resultert i eigne grenseprofesjonar som nevrovitskap, psykonevroøkonomi, psykofarmakologi og psykolingvistikk. Denne utviklinga kan vera ei utfordring for psykologifaget. Også forskar, psykolog og tidlegare president i Latvia Vaira Vike-Freiberga var oppteken av dette i opningsforedraget under psykologikongressen.

– Faget psykologi står i vegkrysset mellom vitskaplege disiplinar, hevda ho, og understreka kor viktig det er at psykologar er forankra i sitt eige fag.

Då vi spør James Bray om utfordringar rundt interdisiplinære studium, luftar han ein frustrasjon.

– Det bekymrar meg at ein del psykologar ikkje held fast på identiteten sin.

Han nemner konkret dei som tek del i nevrologiske studium og byrjar å kalla seg nevrovitskapsfolk (neuroscientist) i staden for psykologar.

– Ein biolog som utfører nevrovitskap, seier framleis at han er biolog!

Overmier er einig.

– Påverkinga går alle vegar, seier han.

Arbeid på tvers av fag kan veksa ut av at psykologar inviterer personar frå andre fag inn fordi dei treng kunnskapen desse sit inne med, eller det kan vera psykologar som blir inviterte. Uansett skapar det nye felt der psykologien kan brukast, gjev psykologien innsikt i nye reiskapar og gjer at ein oppdagar nye samarbeidsarenaer.

Krefter som samlar

Men ifølgje Bruce Overmier finst det altså òg sentripetalkrefter, krefter som samlar alle som jobbar med psykologi.

– Oppgåva med å løysa stadig meir omfattande samfunnsutfordringar skapar behov for at vi samlar all den kunnskapen vi har, seier han, og nemner utfordringar i fleng: fred i verda, stress, traume, katastrofar og krig, fattigdom, berekraftig utvikling, aldring og alzheimer og inkluderande arbeidsliv.

Den tidlegare presidenten i IUPsyS er òg svært oppteken av den samlande funksjonen til nasjonale og internasjonale profesjonsforeiningar. I forlenginga av dette meiner Overmier noko overraskande at det at psykologar er meir mobile og skifter jobb oftare, faktisk er ei av dei sterkaste samlande kreftene.

På same måte som alle fysikarar kjenner Newtons lovar og Kirchhoffs reglar, finst det psykologiske kjernekunnskapar som, om dei blir internasjonalt anerkjente, vil gjera psykologi til eit internasjonalt fag. Overmier snakkar varmt om standardar som EuroPsy og APA sitt Trilateral Forum, der fagfolk frå Mexico, Canada og USA jobbar med å finna fram til felles standardar.

«Look to Norway»

Både James H. Bray og Bruce Overmier sit sentralt i APA, så dei to har ikkje så veldig ulikt utgangspunkt for profetiane sine. Det merkest mellom anna på måten dei snakkar om Noreg på. Bray hevdar at amerikansk psykologi har mykje å læra av Europa. Overmier er endå tydelegare:

– Noreg er leiande i utdanning av psykologar, seier han. – Her er psykologar veldig godt trente. Om alle gjorde som dykk, hadde det ikkje vore noko problem å få anerkjent faget.

For faget har ikkje den statusen det burde hatt i ein del miljø. Internasjonalt er faget si sterke binding til empirisk forsking ukjent for mange, også politikarar og andre med makt.

– Folk tenkjer framleis Freud og ordassosiasjonar. Dette må vi koma vekk frå! understrekar Overmier.

Det verkar ikkje som dei to ser noko problem med den sterke bindinga norsk psykologi har fått til klinisk praksis.

– Det viktigaste er at all psykologisk praksis er forskingsbasert, seier Bruce Overmier, og fortel at ein overnasjonal organisasjon som International Council of Science framleis ikkje verkar heilt overtydde om at psykologien er ein vitskap.

– Samstundes seier fysikarar at dei veit kva som skal til for å skapa ei berekraftig utvikling, men ikkje korleis vi skal få folk til å gjera det. Her trengst psykologar sin kunnskap, understrekar han.

Og for å oppnå fagleg identitet og gjennomslag er det altså ifølgje Overmier avgjerande at ein maktar å skapa ein internasjonalt anerkjent psykologisk kjernekompetanse.

Psykologien har ein felles kjerne i den vitskaplege treninga og utdanninga. Og psykologar er fire gongar billigare enn legar, men har politikarane skjøna dette? spør han retorisk.

J. Bruce Overmier

  • Professor i psykologi ved University of Minnesota og tidlegare president i International Union of Psychological Science
  • Forsking innanfor læring, minne, stress og psykosomatiske lidingar
  • Oppdaginga hans av fenomenet «innlært hjelpeløyse» har vore viktig for studium av depresjon, stress og kognisjon
  • Professor II ved Universitetet i Bergen 1992–2006. Æresdoktor frå 2008

Kjelde: På høyden

JAMES H. BRAY

  • President i American Psychological Association
  • Leiar ved Family Counseling Clinic og professor i familie- og samfunnsmedisin ved Baylor College of Medicine, Houston, Texas
  • Forsking på skilsmisser, gjengifte, rusmiddelmisbruk blant unge, anvendt metode og samarbeid mellom medisinarar og psykologar
  • Klinisk praksis med hovudvekt på arbeid med born og familiar

Kjelde: Monitor on psychology

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 11, 2009, side 1078-1081

Kommenter denne artikkelen