Du er her

Sosial rettferd

Publisert
5. juli 2009

Kjell Underlid, denne månedens kronikkforfatter, er dr.philos. og professor ved Høgskolen i Bergen. Sammen med Ingunn Skre, Guri Vindegg, Peder Kjøs, Magne Raundalen og Karen Kollien Nygaard er han invitert av Tidsskriftet som fast kronikør. Neste gang: Ingunn Skre.

Ordet rettferd er på alle sine lepper. Politikarar av alle fargar tek det i sin munn meir eller mindre dagleg. Faglege tillitsmenn/-kvinner bruker ordet flittig. Femåringen i barnehagen ropar ut at noko er urettferdig. Akademikaren, som kanskje hevdar at ordet ikkje har noko reelt meiningsinnhald, reagerer med rettferdig harme over resultata av det lokale lønsoppgjeret eller innstillinga frå den sakkunnige komitéen. Rettferd har vore det mest hylla politiske idealet ved sida av fridom. Det var eit av slagorda frå den franske revolusjonen.

Millionvis av menneske har falle på slagmarkene i strid for det dei har oppfatta som rettferd, og endå fleire har via livet sitt til kamp for eit meir rettferdig samfunn. Vi ser såleis at rettferdsideen har ei veldig kjenslemessig og moralsk kraft og stort mobiliseringspotensial.

Dagleg vert vi minte om at rettferd er noko som rører oss – på ein djupt moralsk, kjenslemessig, sosial og politisk måte

Men samstundes skimtar vi eit anna element her: Rettferdstanken og -kjensla kan manipulerast med og bli til forførande retorikk for rettferdsdemagogar som kanskje har ikkje-moralske agendaer. Friedrich Engels skreiv ein stad at rettferd er som ei hore som kan brukast av kven som helst til dei mest ulike føremål.

I eit forskingsprosjekt som eg har sysla med ei tid, har eg prøvt å nøste opp i trådar frå tenkinga om rettferd – og særleg sosial rettferd – og har freista å analysere sosioøkonomiske skilnader mellom fattige og rike i det moderne Noreg ut frå eit slikt perspektiv. Den sosiale rettferdsideen vert kraftlaus dersom han får leve sitt eige liv som abstrakt idé; rettferdsprinsippa må analyserast i forhold til levande, nær og konkret samfunnsmessig røyndom. Det gjeld om å ta rettferd på alvor!

Men kva er rettferd? Ut frå eit positivistisk-empiristisk vitskapsideal er utsegner om rettferd kognitivt meiningslause påstandar; slikt kan vi ikkje vite noko sikkert om. Positivismen/empirismen, som har feira store triumfar, særleg i naturvitskapen, har ein lei tendens til å sky store og viktige spørsmål, og paradigmet manglar etisk inspirasjon. Ved å vise til at slikt ikkje er forskbart, vert desse spørsmåla overlatne til politikarar, teologar, filosofar, skjønnlitterære forfattarar og andre «spekulantar». Men dagleg vert vi minte om at rettferd er noko som rører oss – på ein djupt moralsk, kjenslemessig, sosial og politisk måte. Vi tykkjer ikkje at palestinarane vert behandla rettferdig på Gaza-stripa, vi synest ikkje det er rettferdig at ein liten, rik elite i verda tek for seg av rettane på matfatet utan magemål medan andre svelt, eller at vi overlèt jordkloden som ein stad der det er uråd å leve for kommande generasjonar. Likevel konsentrerer vi oss om våre eigne faglege knappenålshovud, og prøver å ikkje bli distraherte av slike «store og farlege» tankar, for slikt er det ikkje råd å vinne fagleg innsikt i, og det er lite vi kan gjere med dette – vert det hevda.

Mistanken er likevel vekt om at rettferd rører ved noko reelt. Alle språk som eg har kjennskap til, har ord for rettferd. Omgrep om det rettferdige oppstår alt på eit tidleg tidspunkt i barn si utvikling. Idéar om rettferd finst i alle dei store verdsreligionane, og filosofar har sysla med rettferdstenking frå antikken for 2500 år sidan og fram til i dag. Temaet har vore eit fast innslag i kunst, særleg skjønnlitteratur. Mennesket har også særskilde moralske kjensler som vert aktiverte ved opplevd urettferd; jamfør (rettferdig) harme. Somme har til og med påstått at det finst eit grunnleggjande rettferdsmotiv. Kan hende kan rettferd sjåast på som noko som har vakse fram i evolusjonsprosessen som følgje av menneskeleg arbeidsverksemd og bufellesskap – rettferd kan ha hatt overlevingsverdi.

Men det er ikkje lett å gje noko sikkert svar på kva rettferd er. Formelt handlar det vel om å behandle alle menneske som høyrer til same kategori likt, men substansielle sider ved rettferdsomgrepet rører ved verdiar – det normative. I dag vil mange meine at kongevegen til innsikt i slike normativt ladde spørsmål går gjennom opplyst samtale, men at vi må stille visse krav til korleis slike samtalar skal gå føre seg for at vi skal kunne rekne slutningane som gyldige (diskursetikk). I slike samanhengar kjem ein ikkje utanom omgrepsanalyse og god, gammaldags fornuft og moralsk intuisjon. Men rettferd refererer også til noko utanfor seg sjølv; rettferd handlar alltid om noko. Rettferd er både i mennesket og i samfunnet, som Sokrates sa.

Rettferd rører ved dygder, kjensler, handlingar, praksis, sosiale situasjonar og samfunnsmessige ordningar, og det har både ei innhaldsmessig og ei formmessig (prosedural) side. Det gjeld tilhøve på alle nivå – frå familien til storsamfunnet. Det er både ein idé og ein verdi. Somme vil no vise til overskrifta, der det står sosial rettferd, og vil rette ei bøn til forfattaren om å halde seg til saka. Sosial rettferd er ein nyare idé, som helst oppsto med industrisamfunnet, men det er uråd å forstå sosial rettferd utan å forankre omtalen til det langt breiare og mykje eldre rettferdsomgrepet.

Sosial rettferd er ein distributiv idé; vi talar om fordelingsrettferd. Den fordelande instansen er samfunnet og samfunnet sine grunninstitusjonar. Det som vert fordelt, er knappe gode og bører, som i prinsippet er overførbare og avhendelege (fordelinga kunne ha vore annleis). Goda kan gjelde eigedomsforhold, materielle levekår eller ressursar, makt, ære, fridom og mykje anna.

Kva for prinsipp kan det vere rimeleg å leggje til grunn for sosial rettferd? Ei saumfaring av faglitteraturen om emnet gjev følgjande svar: a) Til einkvar etter hans eller hennar rettar. b) Til einkvar etter hans eller hennar forteneste. c) Til einkvar etter hans eller hennar behov. Dette er ulike rettferdsprinsipp som er utvikla ut frå ulike idétradisjonar, som i varierande grad høver på ulike livsdomene, og som til dels har motstridande handlingsimplikasjonar.

Rettferd er ikkje det einaste prinsippet som vert brukt i velferdspolitiske diskusjonar. Den fremste konkurrenten er nyttelæra (utilitarismen) – mest mogeleg lukke eller velvære til flest mogeleg. Men tilhengarar av nyttelæra bryr seg lite med fordeling – her er det storleiken på «kaka» som tel, til dømes målt ut frå brutto nasjonalprodukt. Men rettferdsidéen vert då som ein nærgåande klegg ein varm sommardag, som sirklar kring det ubehagelege spørsmålet: Korleis vert velstanden fordelt?

No veit vi alle at fordeling av gode og bører i dagens samfunn ikkje føregår på ein ideell måte; det er vel snarare slik at det er marknaden som råder, og reine interesse- og maktforhold. Men det vil likevel vere fruktbart å analysere fordelingsforhold ut frå rettferdstenking, mellom anna av di dette kan gje eit kritisk korrektiv til gjeldande fordeling. For rettferd bør vel ikkje berre vere eit honnørord, men noko som skulle takast på alvor?

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 7, 2009, side 698–699

Kommenter denne artikkelen