Du er her

Robotlogikk

Publisert
5. juli 2009

Eg har svaret. Eg veit kvifor evidensbasert praksis skapar så mykje debatt. Hadde dette vore eit fagbidrag i Tidsskriftet, kunne eg kanskje skrive at ei kvalitativ undersøking med ein informant viser ein korrelasjon mellom graden av debatt innføringa av prinsipperklæringa om evidensbasert praksis vekker, og mine spekulasjonar rundt det same. Men fordi dette er eit subjektivt skråblikk, kan eg seia det som det er: Eg veit det. Det er enkelt. Det er fordi forsking er unaturleg.

Vitskapleg innsikt må vera råd å måla, etterprøva og samanlikna. Men korleis skal det gå føre seg når alle er sentrum i si eiga verd, og opplever den på ein måte som ingen andre nokon gong kan sjå?

Verda stig fram for kvar og ein av oss som noko som faldar seg ut av vår eigen navle. Vi er aksen tilværet sviv rundt

Verda stig fram for kvar og ein av oss som noko som faldar seg ut av vår eigen navle. Vi er aksen tilværet sviv rundt. Vi lærer oss sjølvsagt å mentalisera og problematisera denne opplevinga rasjonelt. Vi kan tenka at alle er sentrum, eller at Barack Obama eller Jesus eller Alexander Rybak eller dei svoltne borna i Afrika er sentrum. Men kvar og ein av oss må tenka slike tankar inni oss sjølve, og då er vi like langt. Verda finst fordi den blir fokusert i brennpunkta som er oss. Slik finst verda no, og slik fanst verda då jomfruelege sanseinntrykk stimulerte dei første famlande koplingane i fosterhjernane våre.

Den naturlege metoden for erkjenning er altså den induktive, å slutta frå ein til mange. Den kan ikkje etterprøvast, ikkje samanliknast rasjonelt og opererer per i dag med rundt 6,7 milliardar ulike målestokkar.

Robotforskaren Hans Moravec er ein som har tenkt mykje på forskjellen mellom den menneskelege måten å oppleva verda på og den matematiske, maskinelle, ordna og fornuftige måten, som mellom anna ligg bak den stormande teknologiske utviklinga. I eit intervju med Charles Platt i Wired sa den austerrikske professoren i 1995 dette om mennesket sin føresetnad for å tenka vitskapleg:

Tenk på den menneskelege livsforma. Det er opplagt at den ikkje passar til å vera forskar. Den mentale kapasiteten din er ekstremt avgrensa. For at hjernen din skal bli bare halvvegs i stand til å utføre slikt arbeid, må du igjennom all slags unaturleg opplæring […] Du lever så vidt lenge nok til å byrja å forstå ting før hjernen forfell. Så døyr du. (Wired 3.10, mi omsetting)

Kravet om evidensbasert praksis skapar altså debatt fordi det baserer seg på ein måte å tenka på som er unaturleg. Det er ikkje slik vi menneske verkar. Det randomiserte og kontrollerte er unaturleg. Det er robotlogikk. Denne innsikta betyr noko for korleis vi formidlar kunnskapen som er tileigna gjennom slike metodar. For det finst ein rekke måtar å gjera dette på. Om vi meiner den forskingsbaserte kunnskapen har verdi, er det sjølvsagt viktig å dela den med omverda. Men dette kan altså gjerast på mange vis, og ikkje alle er like kloke eller tar nok omsyn til at denne kunnskapen er unaturleg, om den er aldri så sann.

Den autoritære måten var den Dagfinn Høybråten tok i bruk då han innførte røykelova. Som helseminister hadde han makt til å gjera det som var rasjonelt – og gjorde det. Alle som kunne lesa statistikk, forsto inst inne at røykelova ville redda tusenvis av liv og spara samfunnet for milliardar av helsekroner. Likevel møtte røykelova massiv motstand. Den gjekk på tvers av det vi hadde lyst til, og opplevdes difor unaturleg. Men den gjorde susen. Den autoritære formidlingsmetoden kan faktisk vera ein veldig god metode – især på det sosialmedisinske feltet. Bare tenk på speleautomatane, og på kva vi hadde kunna oppnå om vi fekk ein helseminister med mot til å laga ei drikkelov som hadde som mål å minska lidinga i samfunnet, og ikkje å auka den personlege fridomen til å handla naturleg og stikk i strid med kva som er fornuftig.

Den mjuke måten blir praktisert i terapirommet, ved familierådgjevingskontor og ved avrusingsinstituasjonar. Den viser seg i form av ein kunnskap som tek deg inn i famnen når du treng det. Den pressar seg ikkje på, men er der når den ytre motivasjonen er så sterk (i form av ein depresjon, ei samlivskrise eller utmatta kropp og sinn) at du kryp vekk frå eigne erfaringar og bort mot den forskingsbaserte kunnskapen til terapeuten.

Den påståelege måten å formidla kunnskapar på er den til kunnskapsterroristen vi alle kjenner, han som sjølvbeden fortel sjokoladeetarar kor mange kaloriar dei får i seg og røykarar kor mykje kortare livet blir for kvart drag.

Den arrogante måten er den som ligg bak biletet av forskaren i elfenbeinstårnet, han som bare ein sjeldan gong stig ned til massane for å dela si ekstraordinære innsikt. Dette er ei skildring som treffer spikaren på hovudet rett som det er, men som ingen i egalitære Noreg likar å ta innover seg. Men det er òg eit bilete som rommar kunnskapssnobben som ikkje vil nedverdiga seg til å ta på alvor eller respektera ei meining som ikkje er tufta på tal frå minst ein internasjonal metastudie.

Den verdsvande måten er den til han (for det er som oftast ein mann) som har ein fagleg anekdote i kvar ein situasjon. Desse er dei ideelle festtalarane, til dømes på eit landsmøte i regi av Psykologforeningen.

Den sjenerte måten er den til ho (for det er ofte ei kvinne) som ikkje tar den plassen ho kunne teke som ekspert og kunnskapsarbeidar. Alle er tente med at ho deler av det ho har tileigna seg, men ho gjer det likevel ikkje. Generelt sett er det sjølvsagt riktig å halda munn i mange situasjonar (jamfør den påståelege måten, for ikkje å snakka om den verdsvande – etter tre timar), men nokon er det òg som tek altfor liten plass i verda.

Den kloke måten er den til fagpersonen som veit at det er grenser for kva vitskapen kan uttala seg om, og for korleis den bør gjera det. Det er metoden til dei som veit at menneske aldri kan bli maskiner, at robotforskaren som seier at kunstig intelligens kjem til å tangera den menneskelege om 30 år, tek feil fordi det finst meir i verda enn det som sit mellom øyra våre. Den som veit at same kor mange randomiserte og kontrollerte studiar som blir laga, så er dei enkelte menneska som skal nyttiggjera seg kunnskapen, alle noko for seg sjølv. Og djupast sett veit dei at vitskapen tileignar seg kunnskap på unaturleg vis. Fordi det naturlege er å vera deg og meg i møte med verda og kvarandre.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 46, nummer 7, 2009, side 684-685

Kommenter denne artikkelen