Du er her

Den kosmiske terapeuten

Psykologar er dei nye prestane. Prestane er blitt terapeutar. Skal me snart bli ferdige med denne tåpelege kjenslenes inkvisisjon?

Publisert
5. juli 2018

God don’t leave me

Ingrid Helene Håvik

God has left us anyway

Susanne Sundfør

Kva vil du svare eit homofilt par som kjem til deg for å få råd, og som vil høyre di meining om det er riktig å leve saman som homofile?

Teolog, forskar og forfattar Paul Leer-Salvesen intervjua 19 prestar i Agder og Oslo mellom anna om kva dei sjølve trur på. «Einar» var ein av dei 19, som vart introduserte for tenkte moralske dilemma. Intervjua vart til boka Moderne prester i 2005. Filosof og psykolog Ole Jacob Madsen trakk fram den boka då han vart intervjua om si eiga bok Den terapeutiske kultur i programmet Verdibørsen på NRK i mai i fjor. Innslaget med Madsen har NRK titulert «Psykologiens verdsherredømme». Boka til Madsen kom i fjor i ny utgåve, og Madsen sjølv vart av NRK-programleiaren introdusert som ein av våre mest spanande sakprosaforfattarar. Likevel: ikkje spanande nok til at psykolog- og kulturkritikken hans har blitt diskutert særleg mykje det siste året, i alle fall ikkje mellom psykologar her i deira eige tidsskrift.

«Einar» er ein konservativ prest. Han svarte nokolunde slik til det homofile paret: «Eg personleg meiner ikkje at det er rett, men viss de kjenner at det er rett, så synest eg at de skal leva saman.» Sa presten «Einar». Og sa vel eigentleg: Det som du sjølve kjenner er rett, gjer det, for då er det rett. For deg.

No er det individet sjølv som har all makt. Det heiter ikkje heteronomi no lenger, heretter heiter det autonomi. Prestane har ikkje forsvunne, for å vere relevante har dei berre tilpassa seg den terapeutiske kulturen.

«Religious man was born to be saved, psychological man is born to be pleased», skreiv den amerikanske religionssosiologen, kulturkritikaren og sitatmaskinen Philip Rieff. Me ønskjer trøyst og tilfredsstilling. Før av presten, som då var sjeledoktoren. No er det psykologen som tilbyr trøyst og tolkar sjela. Psykologien har, ifølgje NRK, fått verdsherredømme. Ole Jacob Madsen syner i boka si at psykologien har inntatt økonomien, idretten og kyrkja. Og i politikken er det ikkje fakta, men kjensler, som gjeld. Emokratiet lever. I andreutgåva av Den terapeutiske kultur har Madsen fått med seg Donald Trump. Nokre dagar etter valet prioriterte Bergens Tidende å bruke forsida på dette: «Psykolog: La ikkje Trump styra livet ditt». Politikk vert psykologisert. Den terapeutiske kulturen er ifølgje Madsen ein samfunnsdiagnose på det vestlege samfunn. Før hadde me moralske eller religiøse forklaringar på det meste. Kulturen sette oss inn i noko større enn oss sjølve, for å stagge egoisten i oss. No er Sjølvet i sentrum, og kjenslene vert det sentrale. Madsen siterte Rieff på Verdibørsen i fjor: «Ingen kultur har i lengda overlevd utan å ha ein høgare himmel over seg.» Sitatet syner at Rieff meir var ein dommedagsprofet enn ein gladkristen.

Det var dei amerikanske religionssosiologane Christian Smith og Melinda Lundquist Denton som først snakka om Gud som ei slags blanding av guddommeleg hovmeister og kosmisk terapeut, etter å ha funne ut korleis amerikanske ungdommar for eit tiår sidan skildra gud: Ein diffus ven som støttar deg, men som ikkje krev noko av deg. Målet i livet er ifølgje ungdommane å kjenne lukke og ha det godt. Med seg sjølve. Gud hjelpe og trøyste Meg, kan ein då seie.

Ole Jacob Madsen er ein av fleire psykologar som har delteke på Utstein Refleksjonsforum på Utstein kloster ved Stavanger, der fagfolk innanfor helsevesenet har hatt viktige grunnlagsdebattar gjennom fleire år. Teologen Arnfinn Fiskå er ein av hovudpersonane bak grunnlagsdebattane på Utstein. Han snakkar om at då Gud, den eksterne instans, blei avvikla i renessansen, tok kjenslene over. Han parafraserer idéhistorikar Trond Berg Eriksen. Mennesket blei fritt og heimlaust, alltid på jakt etter det faste punktet, som forsvann. Den plassen har kjenslene teke over.

Mennesket blei fritt og heimlaust, alltid på jakt etter det faste punktet, som forsvann. Den plassen har kjenslene teke over

No kjem muslimane. Blir det meir religion eller meir kjensler framover? I religiøse rørsler over heile Europa finn me ei stadig aukande rørsle av sjølvmedvitne unge muslimar, jenter fremst, som stolte står fram i offentlegheita med sine eigne religiøse symbol og meiningar på tvers av det foreldra deira har lært dei, og samstundes på tvers av den sekulære kulturen. Innanfor dei protestantiske kyrkjene finn ein ikkje dette på same måten. Dei muslimske unge står fram av religiøse grunnar. Dei meiner at det er dei som er dei rette berarane av den religiøse arven. Dei er på same tid autonome og heteronome. Dei står fram som sjølvstendige individ, men gøymer ikkje trua vekk. Det er trua som er deira viktigaste verdigrunnlag. Karakteren Sana i NRK-serien Skam spegla denne rørsla.

Ei rekkje muslimske forskarar var i Hamar i fjor. Culture, Context and Existential Challenges var tema for ein religionspsykologisk konferanse i regi av The International Association for the Psychology of Religion (IAPR). Den norske arrangøren melde om eit aukande tal på bidrag frå muslimske forskarar. Dei kom særleg frå Tyrkia og Iran. Psykologen Mohammad Khodayarifard frå Teheran heldt eitt av hovudforedraga på Hamar. Fanatisme og fundamentalisme var eitt av mange tema på konferansen. Framtida vil vise om den internasjonale religionspsykologien med eitt kan bli relevant og verke samlande i ei splitta verd.

Emotion Revolution – det var namnet på «en av verdens største psykologikongresser om emosjoner i psykoterapi» i Bergen i vår. Prosjektet var ifølgje Psykologisk.no ambisiøst: «å forene de emosjonsfokuserte perspektivene i en felles forståelse av følelsenes rolle i psykoterapi». «Tanken om en følelsesrevolusjon spiller på tendenser man allerede ser i faget. Dette ønsker vi å forsterke og fremme», sa psykolog Jan Reidar Stiegler om kongressen. «Vi ønsker å bidra til en mer emosjonsvennlig verden», sa arrangør og psykolog Anne Hilde Vassbø Hagen, ifølgje forfattar Kathrine Aspaas. Aspaas rapporterte sjølv slik frå dag éin av kongressen: «Jeg sitter i salen og kjenner på kroppen hvor stort dette er. At dette skjer i Norge. I Bergen. En emosjonell revolusjon!» Håra reiste seg på armane hennar, og tårene trilla, fortalde ho på bloggen sin.

Det kjennes (sic) rett å la forfattar Milan Kundera få siste ord, frå kapittelet «Følelsenes domstol» i boka Forrådte testamenter (1993):

Og hvordan kunne han være så sikker på at hjertet er hjernen etisk overlegen? Begår man ikke nedrigheter like gjerne med hjertets deltagelse som uten? Kan ikke fanatikerne, med sine blodflekkede hender, skryte av stor «følelsesaktivitet»? Skal vi kanskje bli ferdige med denne tåpelige følelsenes inkvisisjon en vakker dag, med denne hjertets terror?

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 56, nummer 7, 2018, side 618-619

Kommenter denne artikkelen