Du er her

Støtter kritikken frå Holte

STØTTER KRITIKK Innspela frå Arne Holte er gode og vil bli lytta til, ifølgje instituttleiar Magne Arve Flaten ved NTNU i Trondheim. Foto: Kristoffer Furberg

Psykologar kan ikkje førebygging, meiner helsepsykologiprofessor Arne Holte. Han har nokre gode poeng, svarer instituttleiaren ved NTNU i Trondheim.

Publisert
4. august 2017

I JULIUTGÅVA av Psykologtidsskriftet vart stortingsvedtaket om kommunepsykologar omtalt. Målet er at dei kommunale psykologane i større grad skal arbeide meir system- og samfunnsretta i tillegg til helsefremjande og førebyggande.

– Ikkje kompetanse

Men norske psykologar har ikkje den kompetansen som skal til for å gjere jobben politikarane tar for gitt at dei kan, ifølgje Arne Holte, professor emeritus i helsepsykologi ved Universitetet i Oslo.

– Dei fleste psykologar kan knapt definere førebygging, sa Holte i juliutgåva.

Han fekk ikkje støtte verken frå Pål Kraft, innstituttleiar ved Universitetet i Oslo, instituttleiar Ingunn Skre eller Rannveig Grøm Sæle, nestleiar for utdanninga ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Tromsø.

– Gode innspel

Instituttleiar Magne Arve Flaten ved NTNU i Trondheim er ikkje like avvisande til den sterke kritikken frå Holte i juliutgåva.

– Først ei saksopplysing som Arne Holte ikkje nemner: Institutt for psykologi, NTNU, har to emne i samfunnspsykologi, eit teoriemne og eit i anvendt og klinisk samfunnspsykologi. Bortsett frå det har Arne Holte nokre gode poeng.

Flaten skriv i ein e-post til Psykologtidsskriftet at den gjeldande nasjonale planen for profesjonsutdanninga i psykologi legg hovudvekta på den terapeutiske og individfokuserte utforminga av psykologrollen. Der står det at «studiet skal kvalifisere studentene til å kunne stille diagnose samt å tilby psykologisk behandling for psykiske lidelser. I tillegg trengs det både samfunns-, sosialpsykologiske, og folkehelseperspektiv på forebygging og helsefremming på lokalt og nasjonalt plan.»

– Dette er særleg viktig ettersom kommunepsykologane skal arbeide i kommunane. Det Holte vidare har rett i, er at psykologutdanninga slik den er i dag, kan bli betre når det gjeld å kvalifisere for arbeid som kommunepsykolog.

Studentane har ifølgje Flaten for lite kunnskap om førebygging og omgrep knytt til dette, og han meiner at ei revidering av Nasjonal plan for profesjonsutdanning i psykologi bør legge større vekt på førebygging og helsefremming. Nasjonalt profesjonsråd for psykologiutdanning har starta eit arbeid for å revidere den nasjonale planen.

– Innspela frå Arne Holte er gode og vil bli lytta til i denne revisjonen, skriv Flaten.

KRITIKK AV PSYKOLOGUTDANNINGA Professor emeritus Arne Holte sa til Psykologtidsskriftet i juli at psykologar ikkje kan førebygging.

Vil styrke utdanninga

Professor Jarle Eid er dekan ved Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen og leier Universitets- og høgskolerådet sitt nasjonale profesjonsråd for psykologi. Han skriv i ein e-post at han er samd med Arne Holte i at det er viktig å ha eit kontinuerlig fokus på fagleg innhald, ferdighetstrening og praksisinnhald i psykologutdanninga.

Kunnskapsdepartementet si planlagde gjennomgang av alle dei 19 norske helse- og sosialfagutdanningane vil også bety at brukarane i større grad enn tidlegare kan stille krav til korleis psykologutdanningar i Noreg skal vere i framtida, påpeiker Eid.

– Når psykologane får større ansvar og nye oppgåver innanfor førebygging og primærhelse, vil det vere naturleg å styrke utdanning, praksis og ferdighetstrening ytterligare på dette området, slik Arne Holte er inne på.

Samfunnspsykologi

Eid framhevar at psykologar lenge har arbeidd som kommunepsykologar, i skuleverket, barnevern og primærhelsefeltet.

– Ved UiB har psykologutdanninga heilt sidan 1980-talet hatt tunge innslag av samfunnspsykologi, ikkje minst med teori og praksis frå PP-tenesta – førebyggande og systemorientert arbeid nettopp retta mot barn i barnehage og skule. Sjølv om studieplanen ved UiB i dag har eit sterkt fokus på klinisk psykologi, har vi også funne plass til å styrke undervisning og praksis i samfunnspsykologi. Studentane møter samfunnspsykologiske emnar og problemstillingar fleire stader i det 6-årige studiet, skriv dekanen.

Psykologar i kommunane

  • Stortinget har vedteke at det frå 2020 skal vere lovpliktig å ha psykologkompetanse i kommunale helse- og omsorgstenester.
  • Om lag 60 prosent av kommunane har psykologkompetanse i dag.
  • Det er i dag 377 psykologstillingar hos dei 255 kommunane/bydelane som fekk tilskot i 2016.
  • I tillegg seier 224 medlemer i Psykologforeningen at dei jobber i PP-tenesta i skulen.
  • 95 prosent av kommunepsykologane inngår i forpliktande tverrfagleg samarbeid.

Kilder: Stortinget.no, Norsk psykologforening

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 55, nummer 8, 2017, side 720-721

Kommenter denne artikkelen