Du er her

Fra arkivet: 2004

Tankens kraft

– Ein dogmatisk naturvitskapleg psykologi er ein vitskap om mennesket utanfrå, ein «tredjepersons-psykologi». Når eg har brukt ordet «andrepersonspsykologi «er det i refleksjon over grunnlagsproblem i humanistisk orientert psykologisk forsking. Eit heilt vesentleg aspekt ved slik forsking er ein subjekt–subjekt-relasjon mellom forskar og informant. Samtala dei imellom er ein dialog mellom eit «eg» og ei «du», og kunnskap basert på slik samtale har som føresetnad at dei to talar same språk. Det er kunnskap «innanfrå» i den forstand at forskaren si eiga intuitive meistring av språket og subjektivt forankra innsikt i det menneskeleg meiningsfylte er ein naudsynleg ressurs, ja sjølve innfallsporten til – og fundamentet for – humanistisk-psykologisk kunnskap.

– I så måte deler eg langt på veg Jan Smedslunds syn på relasjonen mellom «common sense»-psykologisk terminologi og humanistisk-psykologisk fagspråk. Folkelege ord som «glede», «sinne», «tiltru» kan og må tena som innfallsportar til kunnskap om informanten som eit «du». Men humanistisk-psykologisk teori er noko anna og meir enn tolking og stringent logisk kartlegging av visdomen innebygd i vår intuitive meistring av eit felles språk. Han er basert på, men innsikta mot overskriding av vår subjektivt forankra innsikt i det menneskeleg meiningsfylte.

– Er ikkje dette eit etisk perspektiv, som handlar om likeverd og dialog?

– Jo, kanskje det. I og med at forskaren møter informanten som eit «du» blir informanten på eit vis medforfattar av humanistisk-psykologisk teori. Og fordi teorien har ei forankring i lekmannsspråk om psykologiske fenomen, kan han i prinsippet formidlast til lekfolk i eit språk dei kan forstå. Dette er i sin tur ein føresetnad for emansipatorisk verknad: At formidling av humanistiskpsykologisk teori kan føra til større sjølvinnsikt og auka kontroll over eige liv. Men eg har lita tru på formidling av psykologisk innsikt «ovanfrå og ned». Den beste popularisator av psykologisk fagkunnskap er den som kan få lesaren til å engasjera seg og ta del i forskaran si undring.

Ragnar Rommetveit intervjuet i februar 2004

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 53, nummer 3, 2016, side 220

Kommenter denne artikkelen