Du er her

Farvel til ein bastard

Psykologtidsskriftet vil aldri bli ein reinrasa publikasjon. Til det er psykologifaget for mangslungent og det norske fagmiljøet for lite.

Publisert
5. august 2015

Etter nær ti år som journalist og redaksjonssekretær i Tidsskrift for Norsk psykologforening takkar eg for meg. Som alltid er det verst å forlata folk ein har blitt glad i. Men eg feller også nokre tårer for tidsskriftet, denne bastarden av eit blad.

Ei av dei første større sakene eg skreiv, var eit intervju med biografen Ivo de Figueiredo. Band nummer ein av biografien hans om Henrik Ibsen hadde nett kome ut. Som litteraturvitar nyleg tilsett i Psykologtidsskriftet (og med friskt i minnet debatten rundt Sigmund Karterud si utarbeiding av ein psykobigrafisk profil av ein annan død forfattar, Knut Hamsun), fekk eg ein tanke om at det måtte vera relevant å snakka med Figueiredo om identitet, sjølv, litteraturen som inngang til sinnet, sjølvrepresentasjon og sånne ting. Redaktøren gav grønt lys, og intervjuet kom på trykk i oktober 2006. Var det eit intervju som ikkje kunne stått andre stadar enn i Tidsskrift for Norsk psykologforening? Det kunne nok stått i Bokvennen, for eksempel. Men spørsmålet er om det hadde blitt laga eit slikt intervju om ikkje nokon frå denne redaksjonen gjorde det.

I utgåva du no les, har eg på trykk mi siste sak. Det er eit intervju med Ellen Sofie Hovland, psykolog og spellemannprisvinnande songar og låtskrivar. Dette er endå eit con amore-prosjekt for meg, eg er sjølv songar og låtskrivar. Det var stemmer i redaksjonen som meinte eit slikt intervju ikkje burde prioriterast framom andre saker knytt nærare til psykologifaget. Det er ikkje eit poeng å intervjua ein psykolog bare fordi denne er over snittet flink til å skriva songar. Eg er heilt einig, men eg kjende på meg at det var noko her. Det kan ha med tekstane og det musikalske uttrykket til Hovland å gjera; eg høyrte ein lovnad om refleksjon og intellekt. Og eg var oppriktig interessert i tilhøvet mellom psykologen sitt perspektiv og kunstnaren sitt perspektiv. Les gjerne intervjuet på side 714. Kunne det intervjuet stått på trykk nokon annan stad enn i Tidsskrift for Norsk psykologforening? Eg er faktisk i tvil.

Tidsskrift for Norsk psykologforening, TNPF, Psykologen, Psykologtidsskriftet, Tidsskriftet, Psykologi; kvart av namna dekker ein del av alt det denne merkelege publikasjonen er, har vore og ønskjer å vera. Med åra får visst kjær kjøter mange namn. Denne er over 50 år no, men lyder likevel ingen av dei veldig godt, om den nokon gong har gjort det.

Eg har ikkje gløymt at Psykologtidsskiftet er eit vitskapleg tidsskrift. Men det er samstundes så mykje meir. Det er mindre og mindre eit fagforeiningstidsskrift – i dag har Psykologforeininga eiga informasjonsavdeling som forvaltar desse behova, men det er ikkje mindre og mindre eit vitskapleg tidsskrift. Det er bare meir andre ting samstundes. Der intervjuet med Figueiredo i 2006 representerte noko litt nytt og uvant, vurderer vi i dag seriøst fram og tilbake om vi skal prioritera å intervjua ein psykolog som har vunne Spellemann. Vi endte opp med å gjera det, fordi biografane og visesongarane og diktarane og målarane balar med det felles menneskelege. Dei er ikkje utanfor psykologien sitt felt. Faktisk er det nær sagt uråd å koma utanfor psykologien sitt felt, og det er sjølvsagt faget sin styrke, og faget sin akilleshæl. Og midt i feltet står denne bastarden av eit tidsskrift og bjeffar og bit, lograr (minst mogleg) og markerer.

Lesarar av Tidsskrift for Norsk psykologforening får kvar månad eit blad utan kommersielle interesser, utan faglege bindingar, utan sterke eigeninteresser, utan ideologisk skuldskap, men like fullt med ein tydeleg ståstad: midt i psykologien. Det er det vel verdt å avla vidare på.

Tidsskriftet prøver å plassera seg ein stad midt i feltet. Det har eit mangslungent mandat, ei mangslungen målgruppe og eit mangslunge tema: Psykologien kan vera hard eller mjuk, funksjonell eller vakker. Men det er ikkje eit anten/eller. Det finst skjønnheit i ein stringent gjennomførst regresjonsanalyse, og hard, firkanta konsekvens i ærleg narrativ utforsking av eit liv. Det finst rett som det er innsikt i forsking, men truleg finst det òg innsikt i tankane til ein biograf eller visesongar. Om ikkje anna kan det jo vera litt gøy å lesa kva dei meiner. Alternativet er jo ofte bare kriminallitteratur.

Eg vil takka alle eg har fått møta og snakka med, intervjua eller lese tekstane til desse åra. Takk for kjøtbeina de har kasta for å hjelpa oss å halda liv i denne bastarden.

Ei siste helsing til alle nynorskelskarar der ute som fortviler over utsiktene til færre korleis-ar og ikkje-ar i spaltene: Stay subsidiert!

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 8, 2015, side 706

Kommenter denne artikkelen