Du er her

Fra arkivet: 1992

Helsedirektoratet åtvarer mot telefon-psykologi

Etter at teletorg-tenestene kom i drift på 020-nummer, har det vore legar og psykologar som har annonsert sine tenester til ein pris opp til 25–30 kroner per minutt for telefonisk konsultasjon. Helsedirektoratet har ikkje fullstendig oversyn kor utbreid slik verksemd er, men til no er to tilfelle meldt til direktoratet. Helsedirektoratet skal no i samarbeid med Teletorget sjå nærare på denne delen av teletorg-tilbodet og undersøke omfang og innhald i slik rådgjeving. Underdirektør Sønderland er generelt skeptisk til slik bruk av Teletorget, og meiner det reiser fleire spørsmål av fagleg og etisk karakter.

Helsedirektoratet finn det høgst tvilsomt om det er mogeleg å drive forsvarleg psykolog-verksemd berre gjennom telefonisk kontakt med klientane. – Eg kan vanskeleg sjå at alvorlege problem som alkoholvanskar, barnevern, livskriser eller andre nødsituasjoner kan få faglig forsvarleg handsaming i ein telefon-samtale seier Kari Sønderland.

Ho peiker og på at teletorg-systemet kan føre til at personar som på førehand er i ein vanskeleg situasjon kjem i eit økonomisk uføre på grunn av dei høge takstane på teletorg-tenester. Ein minuttpris på 25kroner er tre-fire gonger meir enn det ein til vanleg betaler for ein psykolog-konsultasjon, og Kari Sønderland meiner dette er særs uheldig.

Helsedirektoratet vil no vurdere om psykologi og rådgjeving på Teletorget kan vere i strid med Psykologlovens §8 som omhandlar tilhøve som er uforenlege med utøvinga av psykolog-verksemd. Direktoratet skal dessutan vurdere om Legelovens §29, som pålegg legen å påse at pasientar ikjje vert utsett for unødige kostnader eller tidsbruk, er aktuell i høve til psykologitenester på teletorget.

Pressemelding fra Helsedirektoratet, publisert i seksjonen «Stand og Forening», november 1992

– Helsedirektoratet finn det høgst tvilsomt om det er mogeleg å drive forsvarleg psykolog-verksemd berre gjennom telefonisk kontakt med klientane

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 52, nummer 8, 2015, side 699

Kommenter denne artikkelen