Du er her

Norsk psykologpar får medisinsk prestisjepris

Høyrt om Louis-Jeantet-prisen i medisin? Ikkje? Heller ikkje May-Britt og Edvard Moser hadde det før dei blei oppringte med melding om at dei var årets vinnarar. Men Nobelprisen har du høyrt om? Fleire enn kvar tiande som har fått Louis-Jeantet-prisen, har seinare fått ein slik.

Edvard og May-Britt Moser får prisen for oppdaginga si av gittercellene i hjernen og for arbeidet med å kartlegga stadsansen, som er lik for alle pattedyr. Endeleg eit intervju der vi kan stilla det store spørsmålet:

– Kva føler du no, Edvard Moser?

Eg høyrer ein liten latter i andre enden av røyret.

– Då må eg først seia at det er ei stund sidan eg fekk beskjeden, så eg er komen ned att på bakken.

Det fekk han til å letta litt, altså.

Edvard Moser fortel at kona May-Britt og han, etter den litt pinlege telefonsamtalen i desember der dei fekk beskjed om at dei var vinnarane av ein pris dei aldri hadde høyrt om, har funne ut at det er snakk om ein av dei største europeiske medisinprisane. Ikkje minst er pengepremien som følgjer med æra, stor. Forskarekteparet må plussa over 600 000 kroner til den samla inntekta på likninga for 2011. Og, viktigare, Kavli Institute for Systems Neuroscience, som dei to leier, får 3,5 millionar ekstra å rutta med. Ifølgje Edvard Moser kan slike frie midlar vera gull verdt.

– Det gjev oss sjansen til å gambla meir enn vi gjer til vanleg. Vi kjem til å bruka desse pengane på forskingsprosjekt med stor risiko, som det er vanskeleg å finna ordinær finansiering til, men som òg har stor gevinst om dei lukkast.

Manna i audemarka

May-Britt og Edvard Moser har halde saman helt sidan studiedagane ved Universitetet i Oslo tidleg på 1980-talet. Like lenge har dei delt lidenskapen for nevrovitskap. Carl Erik Grenness, som underviste i læringspsykologi, viste dei eit spesialnummer av Scientific American frå 1979 som gjorde opp status for hjerneforskinga.

– Det var som manna frå himmelen på vandringa vår i den faglege audemarka, seier Moser i dag.

Framståande forskarar formidla i dette tidsskriftet dei enorme framstega i det framleis nokså marginale fagfeltet nevrovitskap. For May-Britt og Edvard Moser gav det støyten til ei fagleg ferd som enda i danninga av eit av verdas viktigaste forskingsmiljø innanfor nevrovitskap – Centre for the biology of memory ved NTNU i Trondheim.

Moser-ane byrja doktorgradsarbeidet sitt på labben saman med rottene som Terje Sagvolden nytta seg av i studiane av hyperaktivitet. Etter to år gjekk turen til professor Per Andersen ved det som den gongen heitte Nevrofysiologisk Institutt. I løpet av doktogradsstudiane drog dei òg fleire gongar til Storbritannia for å arbeide hos Richard Morris, og etter avlagt doktorgrad gjekk turane til John O’Keefe ved University College of London.

O’Keefe oppdaga tidlig på 1970-talet saman med John Dostrovsky stadceller i hippocampus. Sjølv om Louis-Jeantet-prisen aldri før har gått til Noreg, så har norsk nevropsykologisk forsking alltid vore langt framme. Til dømes var Per Andersen og stipendiaten hans, Terje Lømo, si kartlegging av oppbygginga i hippocampus ein føresetnad for O’Keefe si oppdaging av stadscellene.

(…)

Utdelinga av Louis-Jeantet-prisen gjekk føre seg i Genève tysdag 14. april. Ingen burde bli overraska om nye blenkande medaljar ventar det norske psykologekteparet litt lenger framme i løypa.

May-Britt og Edvard Moser intervjuet av Arne Olav L. Hageberg mai 2011

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 51, nummer 11, 2014, side 929

Kommenter denne artikkelen