Du er her

Invitasjon til samfunnspsykologi

Publisert
7. mai 2013

«Klinikk og laboratorium. Psykologi i hundre år» var tittelen på jubileumsboka da Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo runda 100 år i 2009. Tittelen var nok vald for å vise breidde og indre spenning i faglege tilnærmingar. Realiteten er imidlertid at både klinikk og laboratorium i norsk og internasjonal psykologi i det vesentlege opererer langt inne på individualpsykologiens banehalvdel. Når individet går inn i psykologens klinikk eller laboratorium, må samfunnet oftast stå att utafor døra. Det rådande perspektivet og den individorienterte opplæringa i faget vårt fører til at mange av våre kollegaer ikkje eingong registrerer at samfunnet bankar på døra når dei sit inne i klinikken eller laboratoriet med individet sitt.

Dette er uforståeleg av både akademiske og praktiske grunnar. For å ta det siste først: I dei siste tiåra – i stadig akselererande tempo – har det skjedd endringar i samfunnet med så openberre implikasjonar for kvart eit individ at ein skulle tru kvar ein psykologisk klinikk og kvart eit psykologisk laboratorium inviterte makronivået og samfunnet inn, for slik å forstå individet og individets utvikling best mogleg. Det norske samfunnet har på kort tid vorte transformert frå homogent til meir multikulturelt. Forbrukarsamfunnet som formar oss dagleg, når stadig nye høgder. Lyfter vi blikket frå oljesmurt norsk økonomi ser vi at i mange land i Europa er arbeidsløysa blant ungdom ekstremt høg. Velferdssamfunna i Europa er under press, og den nordiske velferdsmodellen vaklar i skuggen av internasjonale finanskriser. Dette og mykje meir gjer samfunnet til både ei utfordring og ein spennande horisont for psykologien.

Når individet går inn i psykologens klinikk eller laboratorium, må samfunnet oftast stå att utafor døra

Akademisk er det fleire tiår sidan dei økologiske system‑inne‑i‑system-modellane med siktemål å integrere dei ulike nivåa og få fram samspelet mellom individet på den eine og samfunn, kultur og historie på den andre sida vart lanserte. Den økologiske modellen til Bronfenbrenner, der individet og individets utvikling er innebygd i mikro-, meso-, exo- og makrosystemet, etter kvart supplert med chronosystemet som ivaretar historisk utvikling, har lenge stått på agendaen for alle som studerer psykologi. Men trass i at slike integrerande modellar lenge har vore tilgjengelege for å forstå mennesket i sin kompleksitet, har psykologi ein lei tendens til å fokusere på individet isolert frå kontekst. Særleg vert makro-, altså samfunns- og kulturnivået, neglisjert.

Av dei klassiske disiplinane er det sosialpsykologien som primært burde ha ansvar for å trekke inn samfunnet. I boka «The roots of modern social psychology» frå 1996 gjev den kjende europeiske sosialpsykologen Robert M. Farr ein glimrande analyse av sosialpsykologiens to retningar: den psykologiske og individorienterte, og den samfunns- eller sosiologisk orienterte. Moderne sosialpsykologi vart etablert i Nord‑Amerika i ei positivistisk etterkrigstid og utvikla seg til ein eksperimentell disiplin. Det var individet eller små grupper av individ som var studieobjekt i det sosialpsykologiske laboratorium. Den individualpsykologiske retninga vart totalt dominerande og den sosiologiske eller samfunnsorienterte marginalisert. Den amerikanske sosialpsykologien dominerte også den europeiske, men den europeiske var likevel meir open for samfunnet og makronivået (Doise, 1986). Det skuldast nok at andre verdskrig påverka Europa langt sterkare enn Amerika. Målet om å skape betre samfunn og unngå nye Holocaust sto sentralt i etableringa av sosialpsykologien i etterkrigstidas Europa, jf. sentrale europeiske sosialpsykologar som Tajfel og Moscovici. Også i etableringa av norsk sosialpsykologi ved Institutt for samfunnsforsking i Oslo etter krigen stod det å skape eit betre samfunn og unngå nye krigar sentralt. Her fekk folk som Ragnar Rommetveit, Harriet Holter, Bjørn Christiansen og Per-Olav Tiller si første innføring i sosialpsykologi (Nafstad & Blakar, 1982). Sjølv om det individualpsykologiske perspektivet har dominert også i europeisk sosialpsykologi, har det vore fleire initiativ for å lansere genuin samfunnspsykologi. Det viktigaste er samleverket «Societal psychology» i 1990 (redigert av Himmelweit & Gaskell. London: Sage). Så seint som i 2012 kom ei europeisk artikkelsamling med tittelen «Societal approaches in social psychology» (redigert av Valentim. Bern: Peter Lang Publishing). I Norge var Harriet Holter og Berit Ås gode advokatar for faglege tilnærmingar som sette individet inn i ein samfunnsmessig kontekst.

Språkbruken i temanummeret varierer:

Frå ?samfunnspsykologi’ og ‘klinisk samfunnspsykologi’ til ‘community-psykologi’. Dette reflekterer at språket i internasjonal psykologi er engelsk, og engelsk og norsk samsvarar ikkje alltid. I norsk finst ikkje noko ord som dekker ?community’ og dermed ‘community psychology’. Enkelte importerer ’community? i fagspråket sitt, medan andre held fast på ?samfunnspsykologi’ og tar i bruk det relativt nyskapte ‘klinisk samfunnspsykologi?. Dette er uproblematisk. Og kliniske samfunnspsykologar frå Norge deltar på internasjonale konferansar i ?community?. Når vi skriv om ?samfunnspsykologi? på engelsk, heiter det ?societal psychology’ (jf. Himmelweit og Gaskell, ovafor). Som ein liten minoritet i internasjonal psykologi har norsk psykologi lange tradisjonar for å gjere litt ulike val i forhold til anglisimar i fagspråket. Aktørane i feltet er klar over at slik fungerer språket. Bibbi Schjødt tydeleggjer det når ho i omtalen av spesialiteten klinisk samfunnspsykologi retorisk spør om dei er samfunns-, allmenn- eller kommunepsykologar, og samtidig i abstract reservasjonslaust omtalar spesialiteten som ?community psychology’.

‘Community-psykologi’, som i dag framstår i ulike utgåver rundt om i verda (sjå Nafstad & Blakars artikkel), vart opprinneleg lansert i USA ; dels som reaksjon på den sterkt individorienterte psykologien, dels som forsøk på å utnytte psykologien meir effektivt i eit land som ikkje har dei sosiale tryggingsnett vi finn i europeiske velferdssamfunn, for ikkje å snakke om i dei nordiske velferdsstatane. Som den historiske analysen til Schjødt og Skutle viser, var utgangspunktet og grunngjevinga for utvikling av ‘klinisk samfunnspsykologi? i Norge annleis, men inspirasjonen frå den amerikanske ?community-psykologien’ vert understreka.

I kanskje enda større grad enn i andre delar av psykologien er det i samfunnspsykologien både samrøre og spenning mellom det anvendte eller kliniske på den eine og akademia på den andre sida. Balansen i temanummeret er sikra ved at det er tre universitetsbaserte forskarar i den faglege gjesteredaksjonen, medan fleire av artiklane er skrivne av folk med beina solid planta i anvendt samfunnspsykologi.

Gjesteredaksjonen sitt mål var å invitere, for ikkje å seie provosere, til å trekke inn samfunnsnivået. At interessa er der, fekk vi bekrefta da vi annonserte temanummeret og bad interesserte bidragsytarar melde seg. Om vi har lykkast, må lesarane vurdere. Men sikkert er det at vi har fått inn bidrag som samla sett gjev ein presentasjon av samfunnspsykologi, klinisk samfunnspsykologi og/eller community-psykologi som vi neppe har sett maken til i norsk psykologi. For oss i gjesteredaksjonen, som ikkje akkurat er i vår første ungdom, er det spesielt gledeleg at heilt unge bidragsytarar er med: Enoch Teye‑Kwadjo har nyleg avlagt mastergrad i Trondheim, og Stefan Skår og hans medforfattarar er ennå studentar i profesjonsstudiet i Oslo.

I profesjonstudiet i Oslo er det svært lite samfunnspsykologi. Men det er eit masterstudium i Kultur- og samfunnspykologi (community‑psykologi). Ved Universitetet i Bergen har samfunnspsykologien (community‑psykologi) fått utvida plass i den nye studieplanen. Emnet skal utgjere eit halvt semester (15 studiepoeng) og omfattar ei korttids praksisordning (5 av dei 15). I Trondheim, derimot, som er det universitetet som tradisjonelt har hatt det best utbygde samfunnspsykologimiljøet, bygger den nåverande instituttleiinga radikalt ned samfunnspsykologien.

Heggland et al. etterlyser «spesialiseringsløp » for framtidige kommunepsykologar. Men fleire studieløp til mastergraden ved våre universitet inneheld samfunns- og community‑psykologi som gjer kandidatane derifrå godt kvalifiserte til førebyggjande arbeid i kommunane.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 50, nummer 5, 2013, side 410-411

Kommenter denne artikkelen

Referansar

Nafstad, H. E. & Blakar, R. M. (1982) Current trends in Norwegian social psychology: a brief review. European Journal of Social Psychology, 12, 195–212.

Doise, W. (1986). Levels of explanation in social psychology. Cambridge: Cambridge University Press.