Du er her

Kva ligg øvst i bunken av fagstoff?

Vi har spurt Eirik Glambek Bøe, psykolog og musikar i pop-duoen Kings of Convenience, om litteratur og lesevanar.

Foto: Tone Georgsen, Scanpix

Hovudinteressa mi er arkitekturpsykologi, så eg les mykje om arkitektur. A Pattern Language av Christopher Alexander prøver å dechiffrera dei fysiske strukturane i ein by. Hypotesen er at menneske bevisst eller ubevisst les bodskapar i alle strukturar. Høghus kommuniserer «du er liten og har ingen tilgang her», medan ein benk ved ein behageleg plass kommuniserer «her kan du slå deg ned og møte andre menneske».

Interessa mi for feltet kjem av at eg har turnert hundre byar over heile verda og sett at det er ein del som går feil i modernistisk byutvikling.

Ei anna interessant bok er antologien Architecture of fear, som er redigert av Nan Ellin. Denne handlar om korleis frykt er i ferd med å bli eit hovudproblem som arkitekturen skal løysa. Amerikansk byutvikling er i stor grad basert på å skilja innbyggarane frå farane i byen. Eg ser det same her i Noreg. Reurbaniserte hamneområde og renoverte bygardar får ofte eit festningspreg, men slik arkitektur blir sjølvoppfyllande. Gatene blir farlege fordi det ikkje finst store vindauge, butikkar eller kafear på gateplan, men bare ein murvegg.

Kva tidsskrift held du?

Eg held ingen tidsskrift, men er så heldig å bu bare nokre få steinkast frå biblioteket på Psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Er det noko du kastar deg over så snart du kjem inn døra?

Journal of Environmental Psychology.

Er dei ei fagbok du saknar på norsk?

– Eg er så vant til å lese engelsk at eg ikkje hugsar språket i bøkene eg har lese, bare innhaldet. Men det finst veldig lite på norsk om arkitekturpsykologi. Det var ein av grunnane til at eg valte å skriva hovudoppgåva mi på norsk, med tanke på at den kunne omgjerast til kronikkar og publiserast på andre måtar her.

Kva les du av skjønnlitteratur?

– Eg er ein utypisk kunstnar slik, for eg les mest fag og lite skjønnlitteratur. Det handlar om prioritering. Eg har ikkje hatt tid dei siste åra. Men eg er veldig glad i Hermann Hesse. Han er ein favoritt. I det siste har eg dessutan kost meg med ei fantastisk bok av svensken Roy Andersson, Frys. Det er ei foto- og tekstbok som gjer djupdykk i randsona av vår moderne sivilisasjon og viser den mørke krafta i menneskesinnet.

Kva med poesi?

– Eg har ein bror som er poet, Are Glambek Bøe. Eg les det han skriv. Og så likar eg Stein Mehren. Eg brukar ofte dikta hans som inspirasjon for eigne tekstar. Og Henning H. Bergsvåg.

Kva slags lesevanar har du?

– Eg les veldig i rykk og napp. På grunn av det ekstreme programmet mitt går det lange tider der eg ikkje les i det heile. Men når prosjekta er inne i rolege fasar, får eg lese litt, heime og når eg reiser med kollektivtrafikk. Eg er veldig glad i kollektivtrafikk. Det å køyra bil krev stor mental energi. Eg tenkjer at dersom 100 menneske køyrer bil i staden for kollektivt, går ein glipp av 100 nye tankar som kunne oppstå.

Ein vakker tanke …

– Det er ein pragmatisk tanke.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 11, 2006, side 1189

Kommenter denne artikkelen