Du er her

Grenselaust engasjement

Engasjementet deira kryssar nasjonale, politiske, religiøse og profesjonelle grenser. I haust kjem organisasjonen Leger uten grenser til å bryta medielydmuren òg.

Publisert
10. oktober 2006

KARRIEREHOPP: Etter mange år som dataingeniør byrja Patrice Vastel i Leger uten grenser. Først i felten – i dag som daglig leiar i organisasjonen si noregsavdeling.

Foto: Arne Olav L. Hageberg

På ein skinnfell lengst inne i dei krunglete kontorkorridorane på Youngstorget møter vi ein som må vera den blidaste franskmannen som har vitja kongeriket sidan kroverten René frekventerte TV-skjermane i ‘Allo ‘Allo. Men ser ein bort frå den daglege leiaren sitt lynne og talemål, er det ikkje mykje som minner om fransk kroliv og tempererte vinflasker. Skinnfellen ligg i ein alminneleg kontorstol som står på eit alminneleg kontor der den einaste veggpryden er eit ualminneleg falma kart over verda. Heile verda. For det er dette som er arbeidsstaden til Patrice Vastel og dei andre i Médecins Sans Frontières (MSF), som er blitt tildelt NRK sin TV-aksjon no i oktober.

Hjelper og seier frå

– Vi prøver å vera til stades i perioden med vanskeleg tilgjengelegheit og dårleg tryggleik som alltid oppstår i byrjinga av konfliktar og katastrofar, seier Vastel.

Katastrofar er eit viktig stikkord i arbeidet til MSF. Arbeidet er retta inn mot akutte situasjonar, og dei er ofte dei første til å rykka inn i krigs- og katastrofeområde, seinast i Libanon under krigen mellom Hisbollah og Israel. Dei satsar på nært samarbeid med medisinsk personell og andre nasjonale ressursgrupper, og har ifølgje Vastel i dag ni nasjonale medarbeidarar for kvar utlending. Medisinsk og psykologisk bistand er sjølvsagt viktig, men i tillegg gjev dei folk i kriseramma områder vatn, mat, tak over hovudet og ordna sanitære tilhøve.

Heilt sidan legar og journalistar i 1971 gjekk saman om å starta organisasjonen, har MSF òg vore oppteken av å formidla augnevitneutsegner til omverda. Organisasjonen publiserer kvart år ei liste over dei ti mest underrapporterte krisane i verda. I 2005 inneheldt denne mellom anna Somalia, Haiti, hiv/aids-krisen og Sør-Sudan.

– Det hjelper å ha vitne frå utlandet til stades i ein krisesituasjon. Det kan bidra til at media gjev situasjonen større merksemd, og det har òg ein effekt overfor dei lokale styresmaktene. Om vi til dømes kan visa at 80 prosent av pasientane ikkje responderer på ei behandling, fører det ofte til endringar i medisinske protokollar, fortel Vastel.

Treng fleire psykologar

Leger uten grenser har nytta psykologisk ekspertise lenge, og har i dag fire norske psykologar i stallen. Ein normal reaksjon på ein unormal situasjon i ein katastrofe eller konflikt krev spesiell merksemd. Kring ein tredel av pasientane MSF møter, treng behandling for å unngå meir alvorlege lidingar som PTSD. Organisasjonen gjev til dømes psykososial assistanse til gateborn i Guatemala og heimlause i Romania, er aktive innanfor psykisk helsevern på sjukehus i Armenia, hjelper traumatiserte kvinner og familiane deira i Rwanda og kvinner som er offer for seksuelle overgrep i Kongo-Brazzaville.

TIL STADES: Legen Ingrid Herer undersøkjer eit somalisk barn.

Foto: Espen Rasmussen/Leger uten grenser

– Vi har ein visjon om at ulik ekspertise skal brukast på tvers i alle programma våre. I krigsområde er psykologar mest involverte i etterkant av konfliktar, men i operasjonar etter naturkatastrofar er dei med frå dag ein. Norske psykologar var til dømes engasjert på Sumatra i samband med tsunamien.

Psykologar har òg ansvar for andre personar i MSF. Dei har eit eige kriseteam som står klart til å rykka ut dersom organisasjonen sine utsendingar blir angripne eller kjem opp i andre traumatiske situasjonar.

– Og når folk kjem heim att, får dei debrifing av psykologar rundt i Noreg, fortel Vastel.

Organisasjonen har eit nettverk av psykologar som tek seg av den biten, men fleire stader er ikkje dekte opp. Patrice Vastel tek gjerne imot fleire psykologar, både til dette og til lengre eller kortare oppdrag i felten. Organisasjonen tilbyr det den daglege leiaren kallar ei «beskjeden løn». Dei fleste utsendingane vel i tillegg å leiga ut heimen sin medan dei er borte, noko som gjev ei god ekstrainntekt.

Viktig TV-aksjon

No for tida er det uvanleg hektisk på kontoret til Leger uten grenser. Grunna ekstraarbeidet i samband med TV-aksjonen 2006 er staben utvida med fire personar. MSF vil nytta sendetida si for alt den er verdt.

– Noreg kan vera stolt av denne tradisjonen, seier den blide franskmannen.

Han er veldig oppteken av at innsamlingsaksjonen gjev organisasjonane eit unikt høve til å fortelja om arbeidet sitt og, mest av alt, til å setja fokus på kvar og kvifor folk lid.

– Pengane er sjølvsagt viktige den konkrete dagen, men langtidsperspektivet er minst like viktig. TV-aksjonen kan hjelpa oss til å få moralsk stønad som eg håpar vil vara lenge, avsluttar Patrice Vastel.

LEGER UTEN GRENSER

  • Skipa i 1971, i etterkant av Biafra-krisen, av ei lita gruppe franske legar og journalistar
  • Best kjent under det franske namnet Médecins sans frontières (MSF)
  • Norsk avdeling oppretta i 1996
  • Gjev medisinsk, psykologisk og humanitær hjelp til kriseramma, uavhengig av religion, politikk eller tilknyting
  • Aktive i meir enn 70 land
  • Fekk Nobels Fredspris i 1999
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 10, 2006, side 1058-1059

Kommenter denne artikkelen