Du er her

Kva ligg øvst i bunken av fagstoff?

Vi har spurt Tor Johan Ekeland, professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, om litteratur og lesevanar.

– Philsofical foundations of Neuroscience av Bennett og Hacker. Nevrovitskap er kome for fullt det siste tiåret, og den nye biologiske kunnskapen kjem sterkt inn i psykologien også. Mykje av denne nye forskinga er isolert sett imponerande, men tenkinga om kva den tyder er ofte dårleg. Det nye biologiinspirerte språket er i ferd med å gi «offerforklaringar» på det meste og underminere heilt nødvendige omgrep som ansvar og vilje.

Er bunken din veldig høg?

– Her på kontoret er det mange bøker i hylla og fire stablar. Den høgste stabelen er vel på circa ein meter. Det er mykje som ligg på vent. Nyleg hadde eg eit kraftig bokras som eg måtte ordne opp i … Då fekk eg sortert og silt.

Kva les du mest, artiklar eller bøker?

– Vanskeleg å seie. Artiklar blir dagleg scanning. Eg ser gjennom trailerar og teaserar frå ulike forlag. Så les eg nokre abstracts, medan andre artiklar blir lesne fullt ut. Og så les eg jamt sju fagtidsskrift, fire internasjonale og tre norske. I tillegg les eg Samtiden, Tidsskrift for Velferdsforskning, Nytt Norsk Tidsskrift og Prosa.

Er det noko du kastar deg over så snart det kjem inn døra?

– Theory & Psychology, eit overgripande tidsskrift som held høgt nivå og treffer mine interesser.

Er dei ei fagbok du saknar på norsk?

– Akkurat no kunne det vere ei bok om psykologien si rolle i samfunnet. Internasjonalt veks det fram ein kritisk faglitteratur på psykologifaga si samfunnsmessige rolle. Dette er ein debatt som burde vore tatt i større grad også i Noreg.

Kva les du av skjønnlitteratur?

– Eg har stablar med det òg. Nokre ligg til dei blir lesne, andre til dei heilt sikkert ikkje bli lesne. No held eg på med Seierherrene av Roy Jacobsen, som har ligge i kø i fleire år. Og så har eg så vidt begynt på Uranophilia av Thure Erik Lund. Eg les sjeldan oppatt, men romanen om Gymnaslærer Pedersen er eit unntak. Ved nylesing vart Solstad sin underfundige humor meir synleg for meg.

Kva med poesi?

– Eg las nok meir poesi før, men eg har framleis ei lita opning mot det. Som Stein Mehren, sidan han fekk det til å bruse i meg i gymnastida, og eg sjølv skreiv dikt også. Og eg har eit forhold til Olav H. Hauge sine dikt.

Mange er redde for at norsk fagspråk skal tape for engelsk – kva syn har du på det?

– Faren med det nye systemet er stor; ein knyter dette opp mot nye finansieringsmodellar på universiteta, og dermed blir det berre bortkasta å skrive på norsk. Forarminga av nasjonalt fagspråk er heilt nødvendig å ta fatt i. Dette er utslag av husmannsånd, og kjem til å svekke den norske fagkulturen.

Burde psykologar vere meir opptatt av filosofi?

– Psykologar burde lese langt meir enn psykologi for å bli gode psykologar. Det gjeld både filosofi, grunnlagstenking og det teoretiske grunnlaget for det vi driv med, men også samfunnsfaga. Eg har ein fot i sosialpsykologien, og syns psykologien har dreia mot meir snever individualisme, i takt med samfunnsånda elles.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 10, 2006, side 1057

Kommenter denne artikkelen