Du er her

Fleire psykologar til kommunane

Psykologforeningen har lenge sagt dei vil ha fleire psykologar i kommunene. Som eit steg på vegen samlast 50 personar til erfaringskonferanse i Oslo 12. juni.

Publisert
1. juni 2006

SATS AR: Anne Kari Hoel er prosjektleiar for Psykologforeningen si nye kommunesatsing.

Ifølgje prosjektleiar Anne Kari Hoel vil det møta representantar frå kommunar, brukarorganisasjonar, psykologar og andre yrkesgrupper som arbeider med utviklingstiltak innanfor psykisk helse. Målet er at erfaringane og ideane som deltakarane har med seg, skal hjelpa prosjektgruppa å utvikla modellar for psykologarbeid i kommunane som deretter kan prøvast ut i eit hovudprosjekt. Hoel håpar på midlar frå Sosial- og helsedirektoratet og oppstart januar neste år.

Gamal kamp

Det er ikkje første gong kommunepsykologane si rolle er oppe til debatt. Òg i førre landsmøteperiode var dette eit satsingsområde for Psykologforeningen, og folk har vore tilsett i prosjektstillingar før. Likevel har talet på kommunepsykologar halde seg stabilt lågt gjennom to tiår.

– Profesjonen som kommunepsykolog har forankring i skulefeltet gjennom pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), fortel fagsjefen i Norsk Psykologforening, Anders Skuterud.

– Denne var opphavleg ein viktig arbeidsgjevar for psykologar, men etter kvart er det komen inn fleire og fleire pedagogar i staden. For 25 år sidan blei PPT ofte definert som ei førstelineteneste for born med psykiske plager. Men den pedagogiske dreiinga har gjort at det kommunale førstelinjetilbodet innanfor psykisk helsevern til born og unge har minka. Nord-Trøndelag hadde tidlegare flest psykologar i PPT av alle, men i dag har dei ingen att.

– Tanken om eigne kommunepsykologar dukka opp på 1980-talet. Vi makta raskt å oppretta 20–30 stillingar øyremerkt arbeid med større grupper av menneske i kommunane.

Ifølgje Skuterud er det fleire grunnar til at satsinga har vist seg vanskeleg og stillingar har forsvunne:

  • Kommunane har ikkje makta å konkurrera med spesialisthelsetenesta når det gjeld løns- og arbeidsvilkår
  • Generell sentralisering av akademisk kompetanse, og ønskje frå psykologar om eit fagmiljø, noko som ofte er vanskeleg å få til ute i kommunane
  • Fokuset på spesialisering har ført til at fleire siktar mot arbeid innan psykisk helsevern
  • For liten tilvekst av nye psykologar til å dekka alle behov

Store mål

Så, i 1998, kom opptrappingsplanen for psykisk helse, og med den store midlar og endå større mål og visjonar. Det blir snakka om nye stillingar til psykisk helsearbeid i kommunane. 800 er uspesifisert eller sett opp innanfor skulehelse (tala seier ikkje kor mange av desse som skal vera psykologar), og 184 psykologar skal jobba med vaksne. Her ligg mykje av bakgrunnen for at Psykologforeningen framleis vågar tru på fleire kommunepsykologar.

– Både born og vaksne lever og bur i kommunane. Det er viktig å møta dei der, og å møta så mange som råd tidleg og i normale omgivnader, understrekar Skuterud.

– Vi i Psykologforeningen er redde for uballanse i helsetilbodet. I dag ser vi ei overopphoping i spesialisthelsetenesta. Sett på spissen: ein kan laga så stor spesialisthelseteneste ein berre vil, men det vil ikkje hjelpa om ein ikkje kjem inn tidleg og førebyggjer.

Skuterud innrømmer at det så langt har skjedd relativt lite av endringar i kommunane. 65–70 nye psykologstillingar er komt til som følge av opptrappingsplanen, men i forhold til sentrale styresmakter har det skjedd lite konkret. Psykologforeningen har oppnådd forståing, og har fått godt gjennomslag i fine ord, men det er òg det.

– Kommunane må velja psykologar og psykologar må velja kommunane, seier fagsjefen, og nyttar høvet til å dra fram det han trur er nytt i dagens situasjon:

  • Politikarane har vedteke opptrappingsplanen, noko gjev ønskje om å innfri eigne lovnadar
  • Opptrappingsplanen har ført til stor aktivisering og etablering av omgrepet psykisk helsearbeid i kommunane
  • Det er nett kome ein vegleiar for psykisk helsearbeid i kommunane
  • Fylkesmannskontora har hatt rådgjevarar i kommunane, noko som har ført til auka medvit om saka
  • Mykje av det som har halde att er dårleg kommuneøkonomi. Dette har den nye regjeringa sett seg føre å gjera noko med.

– Det er riktig tid no, konkluderar Anders Skuterud.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 43, nummer 6, 2006, side 629-630

Kommenter denne artikkelen