Du er her

Livet som psykologisk argument

Først blir eg litt frustrert: Denne psykologen snakkar jo ikkje om psykologi! Men då ho kjem inn på kva som styrer menneska, skjønar eg det: For Hanne Haavind er psykologi ein grunnkategori, den er argumentasjonen som styrer våre val, i kjærleiken, i forplantinga, i omsorga.

Publisert
4. desember 2007

INSPIRERT: Professor Hanne Haavind sin (neste side) prisvinnande artikkel «Midt i tredje akt? Fedres deltakelse i det omsorgsfulle foreldreskap» bygger vidare på eit foredrag Åse Gruda Skard heldt i 1953.

– Då eg var ferdig med profesjonsstudiet i 1970, var det mange av lærarane som sa til meg at eg burde bli forskar, fortel Hanne Haavind.

Vi sit i forskarcella hennar på Psykologisk institutt i Oslo, der ho er professor. Ute bles ein sur vind som Haavind matte trossa for å koma seg opp her til Forskningsveien 3. Ikkje at det er så heroisk, men då eg kom frå trikken og såg henne med haustbrisen blafrande i frakkeslaga, slo det meg at ho kler det. Å vera i vinden, meiner eg.

Kvinneforskaren

– Eg søkte eit stipend frå Forskingsrådet og blei tilsett som stipendiat, men slutta allereie etter eit halvt år. Eg såg korleis medstudentane mine drog ut i den store verda og opplevde spanande ting som psykologar, og tenkte at «eg er jo også psykolog».

Hanne Haavind flytta til Tromsø for å jobba i barne- og ungdomspsykiatrien. Men sjølv om ho lika seg godt, blei karrieren innanfor psykisk helsevern kort. Allereie tidleg på 1970-talet hadde Haavind markert seg med ein artikkel i Myten om den gode mor (1973), ei tilsvarsbok til alle dei psykologiske lærebøkene som heldt varme tankane om at kvinna etter fødselen gjennomgår ein mental svangerskap, og at det bare var kontakten med mora som var avgjerande for barnet i den første tida. No fekk den frittalande og vidttenkande unge kvinna tilbod om å vera med på å blåsa liv i verdas nordlegaste alma mater: det tverrfaglege Universitetet i Tromsø.

I Tromsø blei ho opphavleg tilsett som del av ei gruppe som skulle arbeida med sosialpolitikk, men blei nokså raskt engasjert i kvinneforskinga.

– Du har vel alltid orientert deg på tvers av fagskilje og blitt minst like inspirert av samfunnsvitarar som av andre psykologar?

– Det har først og fremst vore alle damene, smilar Haavind, og fortel vidare om ei felles røynsle kvinner innanfor samfunnsvitskapane delte tidleg på 1970-talet: at det lærebøkene og fagtradisjonane formidla, ikkje samsvarte med deira eigne opplevingar.

– Eg stilte spørsmål ved psykologien si kraftige påpeiking av at foreldreskap var ein kvinneting, direkte avleia av amminga. I ettertid har eg fått meir rett i kritikken min enn eg kunne ana då. Det har vist seg at foreldreskap er ein eigen psykologisk modalitet som er knytt til det artsspesifikke og biologiske, og som både far og mor kan utvikla.

Ei lita greie

I 2005 blei Hanne Haavind – no frå posisjonen som ein krumtapp i det skandinaviske kjønnsforskingsmiljøet – oppfordra til å skriva «ei lita greie» i høve Tidsskriftet sitt temanummer om Åse Gruda Skard (12/2005). Haavind ville ta utgangspunkt i eit foredrag som Skard heldt i 1953, der ho skisserte eit nytt stadium i kvinnesaksarbeidet. Skard meinte for 54 år sidan at kvinnene si rørsle ut av heimen måtte møtast av ei motsett rørsle der menn gjekk inn i ei aktiv omsorgsrolle. Med ein metafor frå teaterverda kalla ho dette stadiet for tredje akt i kvinnekampen. Då Skard sitt foredrag blei trykt opp i ei bok i 1974, delte redaktøren Kari Skjønsberg med lesarane «en beklemmende følelse av at det ord for annet kunne holdes om igjen». Ingenting hadde skjedd.

Men i 2005 hadde det skjedd, og det er dette Hanne Haavind skriv om i artikkelen «Midt i tredje akt? Fedres deltakelse i det omsorgsfulle foreldreskap». «Den vesle greia» vaks ut av rammene for temanummeret og inn som ein fagartikkel i nummer 7/2006. Haavind dreg her fram nokre av dei psykologiske implikasjonane av at vi som kultur har bygd ein modell for moderne foreldreskap der to foreldre saman kan vera praktisk engasjerte og følsamt involverte. Og det gjer ho altså så godt at det er blitt pris.

– Eg skriv ikkje bare ein hyggeleg artikkel om at menn er blitt følsamt involverte i omsorga, understrekar Haavind. – Den er også ein gjennomgang av korleis psykologien i desse 35 åra, i beste fall, har halde seg nøytral og oversett denne utviklinga.

Psykologiske argument

– Eg har alltid vore oppteken av å binda saman det psykiske og det samfunnsmessige. Korleis skapar menneska seg i møte med samfunnet? Kvifor hevdar vi det og det så sterkt nett no? spør Haavind retorisk, og kallar seg sjølv ein kulturpsykolog før kulturpsykologien.

– Folk lever liva sine psykologisk. Personlege liv er også ein form for psykologiske argument.

For å få tak i desse argumenta har Haavind alltid helst nytta seg av kvalitative forskingsmetodar; ho har snakka med folk.

– Eg har ikkje noko imot kvantitative tilnærmingar, men ein treng utveksling mellom ulike tilnærmingar for å forstå korleis ting heng saman. Og det er farlig dersom ein følgjer bare den eine linja i forskinga si. Og særleg synest jo eg at eg er god til å sjå farane ved bare å nytta psykologiske metodar som er basert på operasjonaliseringar, ler Haavind, men blir raskt alvorleg att då ho kjem inn på forvekslingane av analysenivå som forskarar ofte gjer seg skuldige i.

– Det er alminneleg å snakka om at folk blir påverka av dei og dei faktorane. Men faktorar verkar ikkje inn på noko som helst. Dei er noko som finst i modellar, der ein kan finna at faktor A samsvarar med faktor B, men individ blir ikkje påverka av faktorar i det heile teke.

Hjelper til

I jubileumsutgåva av psykologitidsskriftet Impuls har Haavind nett skrive ein artikkel der ho hevdar at den største utfordringa for psykologisk forsking nett no er å framleis klara å utvikla faget gjennom innsats langs to spor: studium av individ, forstått som ei eiga eining, som ein organisme med eit uttrykk, og studium av personar, forstått som subjekt som handlar i relasjon til andre subjekt.

– Det handlar om å finna den beste tilnærminga til eit problem. Det er dette som skil ei vitskapleg tilnærming frå andre: ein er ikkje bare oppteken av kva ein ser, men også av korleis ein ser det.

Mange har peika på Hanne Haavind si uvanlege evne til å skapa eit miljø rundt seg, same kor ho kjem. Ho har betydd svært mykje for svært mange som inspirator, motivator, nettverksbyggar og fagleg mentor. Rettleiing av doktorgradsstipendiatar har ho halde på med sidan ho tidleg på 1980-talet blei forskingsleiar ved Forskingsrådet sitt sekretariat for kvinneforsking.

– Dette er det eg er aller mest nøgd med og synest har vore mest morosamt. Gjennom stillinga i Forskingsrådet trefte eg kvinner som hadde som personleg prosjekt å gjera noko innanfor kjønnsforskinga, men som kan henda mangla ei tydeleg lei for arbeidet sitt, og som møtte ei mengd åtvaringar. Då blei eg ei som kunne hjelpa til.

Først var det mange sosiologar og sosialantropologar som fann ein mentor i Hanne Haavind, men etter kvart blei det fleire psykologar, og her vi sit i den celulosefylte cella hennar på Psykologisk institutt, kjem ho etter litt hovudrekning fram til at i dag er det bare psykologar ho rettleier.

Nye familieformer

– Om vi ser for oss at akt tre går mot slutten, og at det går mot ei fjerde akt i kvinnesaka og omsorgsdelinga, trur du psykologar vil få ei meir sentral rolle i denne enn dei har hatt så langt i spelet?

– Psykologien kan, som fag som kommenterer samfunnsutviklinga, posisjonera seg ulikt. Ofte kjem ein med åtvaringar, presenterer seg som den som veit, og åtvarar mot det folk sjølve gjer. Men ein kan òg velja ein annan veg og spørja: Kva er det folk prøver å få til? Då lyer ein til den psykologiske argumentasjonen. Ta skilsmål: Ein kan velja å sjå på det som at folk handlar feil, noko eg kan forstå. Men når folk gjer noko, så gjer dei det fordi dei vil noko, ikkje fordi dei bare «får no’ inn i hue’». Å skilja seg er ikkje det same som å bli påkøyrd. Det er ein måte å handla på.

I staden for å sjå det som at folk feilar, kan ein sjå det som at kjærleiken har vunne. Og foreldreskap etter skilsmål skapar sjølvsagt konfliktar som kan vera negative. Men samstundes er desse konfliktane eit uttrykk for at vi har funne opp ein ny type far som ønskjer å ha ei aktiv omsorgsrolle i forhold til eigne born.

«Å skilja seg er ikkje det same som å bli påkøyrd. Det er ein måte å handla på»

Fasit eller undring

Hanne Haavind trur at fjerde akt vil pregast mykje av nye familieformer og av korleis vi som samfunn møter desse.

– Skal vi møta desse med ein fasit, eller med undring? spør ho, og nemner som døme lesbiske par som har eit felles barn og pleier jamleg kontakt med den homofile barnefaren som gjerne òg har ein partnar.

– Desse nye familieformene med born er underlege kopiar av kjernefamilien og blandingar av både nytt og gamalt, seier Haavind interessert. – Ein kan ikkje nærma seg dei bare deskriptivt, men både lyande og talande. Det er noko viktig psykologisk å læra av menneske som lever liv som er i brot med det alminnelege. Psykologien må ikkje stivna i oppfattinga av at det vanlege er psykologisk bevist.

Ein viktig likskap mellom gamle og nye familieformer er ifølgje prisvinnaren engasjementet i borna.

– Det verkar som det i dag er fleire menneske enn nokon gong i vår kultur som ønskjer å ha ein omsorgsposisjon i høve til eit lite barn. Og då tenkjer eg – ein tanke som er både fagleg og normativ – at det å ha omsorg for ein av eigen sort er noko som ikkje kan erstattast, verken av ein interessant karriere, reiser og opplevingar, partilhøve eller noko anna.

INNVOLVERT: I følge Hanne Haavind opplever fedrar som tek aktivt del i omsorg for born ikkje at dette går ut over maskuliniteten deira.

Illustrasjon: Kristin Berg Johnsen

Intervjuet snur

Eg har lurt på om eg skal nemna det eller ikkje. Eg sit og snakkar med ein av Skandinavias viktigaste kjønnsforskarar, så det er jo nokså sjølvsentrert å få intervjuet til å handla om meg:

– Sjølv skal eg om tre veker ut i omsorgspermisjon med nummer tre. Eg skal vera vekke frå jobben fram til august neste år. Og eg gjorde det same med nummer to. Då var eg òg heime i åtte månader.

– Det er utruleg interessant! seier intervjuobjektet og lener seg fram i stolen.

– Kva for psykologiske argument nyttar du når du vel slik? Kjønnssegregeringa er jo blitt mindre, men du blir jo ikkje dame. Det viser seg jo at kjønnsidentiteten står svært sterkt sjølv om folk gjer andre val enn før. Eg har tenkt på det: Kva tid såg eg første gong to menn som laga seg ein fellesskap saman med babyane sine?

Det var i 1995. Eg var i USA og spelte tennis saman med ei veninne som også er kjønnsforskar. På nabobanen såg vi to mannlege bestevener som tydeleg skapte seg ein fellesskap rundt borna sine. Den eine hadde eit barn og den andre ein hund. No ser eg det av og til, men det er veldig sjeldan. Hadde du ein slik fellesskap sist du var heime?

Intervjuet har snudd. No er det forskaren som spør og reporteren som svarar.

– Svært lite. Eg hadde ein tur på Bygdøy. Den har sett sterke minnespor. Eg hugsar at eg var veldig merksam på at det eg gjorde, var uvanleg. Då var eg saman med den homofile venen min som var frilansar, så han hadde høve til å disponera tida si fritt.

– Ja, du opplevde det som uvanleg, men den psykologiske argumentasjonen i ein slik situasjon er at er ikkje dette vanleg, så får det bli det, seier Haavind, og fortel vidare at hennar eigen mann var heime med sonen deira Jonas tidleg på 1970-talet.

– Når han tok fly, sverma vertinnene rundt han og den brune berebagen. Han blei dagens helt, og dei gjorde alt dei kunne for å legga til rette for han. Men når eg var i same situasjon, måtte eg fint klara meg sjølv. Det du gjer når du vel å gå inn i ei aktiv omsorgsrolle, er ikkje kjempestort eller heroisk. Men samstundes gjer du ikkje bare det du blir beden om. Du gjer det som kjennest riktig for deg og dine ungar.

Omvendt

– Bevisbyrden har tippa når det gjeld omsorg, understrekar Haavind. – Om ein høyrer ein mann som seier «Æsj! Bleier og mating er bare ekkelt.», vil vi i dag tenka: stakkars mora til borna hans. Men ein høyrer ingen seia slikt i dag. Han vil eventuelt argumentera med omstende som han tilsynelatande ikkje kan noko for, som at han har fått tilbod om ein veldig god jobb.

Haavind lurar på korleis menn i omsorg vil organisera fellesskapen sin, om dei vil skapa sine eigne arenaer. Men eg merkar at det ikkje høyrest forlokkande ut. Dette må eg finna ut av. For eg er vel ikkje så spesiell?

– Du skriv i artikkelen din om korleis menn kan organisera slikt samvær rundt idrett, men for oss som ikkje er opptekne av idrett, så blir jo dette heilt unaturleg. I tillegg hugsar eg frå sist eg var heime, at eg heller ikkje kjente så stort behov for ein fellesskap der eg kan snakka om bleiemerke og barnevogner. Eg vil mykje heller bruka den ekstra tida til å lesa ei bok enn å trilla tur på kjøpesenter.

Hanne Haavind lyttar opent til det eg har å seia. Eg merkar at ho blir litt nøytral og svarar med einstavingsord til ho skjønar at eg har snakka frå meg. Det er nok terapeuten som tek over, tenkjer eg. Gjennom heile forskarkarrieren sin har ho halde fast ved dei kliniske møta med enkeltmenneske, så det er òg ei rolle ho beherskar. Eller kan henda er det den kvalitative forskaren, ho som er vidgjeten for si evne til å få tak i folk sine forteljingar. No får ho òg tak i mi forteljing, meir detaljert enn eg er villig til å dela med deg som les.

Kva betyr det?

Samtalen går vidare. Vi er innom Ishockey-fedrer på Vålerenga, som Haavind har møtt i feltstudium, som skapar ein felles mannsarena rundt borna frå dei er to og eit halvt til dei er tenåringar. Og vi snakkar om korleis ungen som av far blir sendt i bursdagsselskap med grøn strikkebukse og utan gåve. Far kan trekka på skuldrene og tenkja at det ikkje er så viktig, medan mor tar det kjempetungt – for til sjuande og sist så peikar det attende på henne. Vi snakkar om at mor kan læra noko av far, og at far kan læra av mor. Begge foreldra kan ta seg like godt av borna, og far skal gå inn i omsorgsroller. Men kva for roller? Dei kvinnelege? Eller nye mannlege? For ein kan jo ikkje underkjenna at det er stor forskjell på kvinne og mann?

– Ein ting eg ofte synest forsvinn i kjønns- og likestillingsdiskursen, er den kjensgjerninga at det opplevest kvalitativt annleis for meg å vera i verda – med utovertiss og utan bryst – enn det opplevest for ei kvinne.

– Ja, seier Haavind, og fortel om den amerikanske psykologen Sandra Web, som meinte ein skulle oppdra born til å sjå fullstendig bort frå kjønnsatributtane. Når ei lita jente såg ein gut som hadde noko annleis enn henne, skulle ein bagatellisera det: «Å? Kva då? Den tutten der? Nei, den har eg aldri lagt merke til. Det betyr ingen ting.»

– Det er sjølvsagt bare tullete og unødvendig. Det er umogleg å tenka seg eit samfunn utan kjønnskategoriar. Små born skil mellom han og ho frå dei er mellom halvtanna og to år gamle, lenge før dei har ei intellektuell forståing av forskjellane. Kjønn er ein grunnleggande kategori i kulturen, som stor og liten, høg og lav og skitten og rein. At kjønn betyr, er sjølvsagt. Men det viktige spørsmålet er: Kva betyr det? Kva får vi ut av det?

Bjørn Christiansens minnepris

  • Oppkalt etter mannen som bygget opp profesjonsutdanningen i psykologi ved Universitetet i Bergen, og som var en pådriver under etableringen av landets eneste psykologiske fakultet. Bjørn Christiansen var opptatt av grunnforskningens betydning, men også av behovet for en praktisk og samfunnsmessig orientering i psykologien
  • Deles ut utdeles hvert år som en anerkjennelse for et betydningsfullt faglig bidrag publisert i Tidsskrift for Norsk Psykologforenings sist forutgående årgang
  • Kan tildeles for arbeider av teoretisk, metodisk eller faglig substansiell art. Det kan like gjerne dreie seg om arbeid innenfor et allerede etablert fagområde som om et arbeid innenfor et område under oppbygging
  • Det stilles strenge krav til arbeidets komposisjon, språklige utforming og faglige stringens

– Eg er full av beundring for arbeidet hennar. Alt ho har skrive, er inspirerande. Ingen fortener prisen meir enn henne!

Det var tett mellom doktorgradene i den tidlegare herreklubben Oslo Militære Samfund då Hanne Haavind blei tildelt Psykologforeningen sin eigen minnepris 8. november.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 12, 2007, side 1492-1499

Kommenter denne artikkelen