Du er her

60 år og like naiv

Psykologistudentar ved Universitetet i Oslo nyttar naiviteten sin for alt den er verdt. Til no har det resultert i 60 innhaldsrike årgangar av tidsskriftet Impuls.

Publisert
3. november 2007

STOLT JUBILANT: Psykologstudent og redaktør Guri Vindegg viser fram nokre av utgåvene av studenttidsskriftet Impuls som er blitt laga gjennom 60 år.

– Vi blir imponerte når vi ser tilbake, seier redaktør Guri Vindegg. I samband med jubileet har ho bladd gjennom 60 årgangar av Impuls – eit tidsskrift for psykologi, laga av studentar ved psykologisk institutt i Oslo, som kvart år kjem med tre utgåver på rundt 100 sider. Innhaldet er orientert mot så vel klinisk psykologi som mot forsking, noko som viser seg både i val av tema og dekkinga av desse.

– No jobbar vi for eksempel med eit nummer om traume, fortel Vindegg, som saman med Stephan Neuhaus utgjer redaktørduoen for tida.

– Der går vi inn i det kliniske rundt traumer, men òg ulike vitenskaplege innfallsvinklar. I begge høve ser vi etter det som er kontroversielt.

For store spørsmål

– Kva har Impuls betydd for norsk psykologi?

– Vi prøver å løfta fram kontroversielle og prinsipielle spørsmål, noko vi opplever at mange set pris på. Og det har vel eigentleg vore tidsskriftet sitt kjenneteikn heilt sidan stiftinga i 1947. Vi har alltid vore eit forum for overordna spørsmål innanfor faget, seier Vindegg.

– Nokon vil kan henda kalla oss pretensiøse, men det er greitt, for det er heilt sant, supplerer Stephan Neuhaus, og fortel at posisjonen som studenttidsskrift gjev ein eigen fridom.

– Vi er eit forum for det som er utanfor «mainstream», og kjenner oss frie til å dekka faget litt kritisk, fortel Vindegg.

–Vi stiller ofte spørsmål som eigentleg er for store til å svara på. Og vi tør å vera naive. Det kjem eigentleg heilt naturleg – det er ein del av det å vera student. Vi er litt overmodige, og vi skal vera det.

– Uansett kva for tema vi behandlar, så spør vi: Kor går skillelinjene, og kor er usemja? heller enn: Kor langt er forskinga komen? seier Guri Vindegg

Stephan Neuhaus fortel at Impuls alltid har hatt ein tendens til å trekka til seg folk som er opptekne av teoretiske spørsmål og kritikk.

Stafett

– Vi har ein flat struktur der vi byter på å vera redaktør, alt etter kven som har tema dei brenn nok for til å forsaka lesing og kanskje òg eksamen i eit semester. Vi jobbar eitt halvt til eitt år med kvart temanummer, og gjerne med fleire samstundes, fortel Vindegg.

Impuls-redaksjonen er ein stad der dei får diskutert faget og brynt seg på kvarandre. – I Impuls kjem vi borti andre problemstillingar enn dei som blir lagt mest vekt på i lærebøkene, seier Neuhaus.

Jubileet blir markert med stor fest og eige nummer. – I jubileumsutgåva har vi stilt ei rekke norske fagautoritetar same spørsmålet: «Kva er dei viktigaste utfordringane i psykologien akkurat no?» Dei mangearta svara summerar på eit vis opp det vi ønsker å fokusera på, avsluttar Neuhaus.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 11, 2007, side 1419

Kommenter denne artikkelen