Du er her

Fagleg treffpunkt i utvikling

Med meir enn 650 deltakarar og over 40 vitskaplege bidragsytarar stadfesta Norsk Psykologikongress 2007 posisjonen sin som den viktigaste faglege møtestaden for psykologar i Noreg.

Publisert
2. oktober 2007

NY REKORD: Deltakarar, arrangørar og faglege bidragsytarar gjorde at årets psykologikongress blei eit stort og vellukka arrangement.

Oslo Kongressenter sin største sal summa av ivrige samtalar, forventing og gjensynsglede då kongressen skulle sparkast i gang torsdag 30. august. For femte år på rad arrangerte Norsk Psykologforening ein nasjonal psykologikongress i Oslo.

«Her skulle det vera mogleg å få seg psykologtime»

Inga Marte Torkildsen

– Her skulle det vera mogleg å få seg psykologtime, var Inga Marte Thorkildsen sin lakoniske kommentar då ho såg utover dei 650 deltakarane før ho heldt opningsforedraget sitt. Deltakarrekorden frå i fjor blei slått med meir enn 50 prosent.

Samspel og utvikling

Temaet i år var Utvikling – Endring – Livsløp, og etter at SV-politikaren Thorkildsen og humoristen Rigmor Galtung hadde sørgd for eit bakteppe av høvesvis engasjert alvor og lettliva tull, var det tid for det som nok blei eit høgdepunkt for mange av dei frammøtte: verdsstjernene Jerome Bruner og Daniel Stern sin særmerkte sesjon (sjå eiga sak).

Etter lunsj tok den austerrikske professoren Christiane Spiel dei frammøtte med på ein forsøksvis grenseoppgang for fagfeltet pedagogisk psykologi, eksemplifisert ved to døme frå studium utført ved Universitetet i Wien, der ho sjølv er tilsett.

Hva: Norsk Psykologikongress

Når: 30. og 31. august 2007.

Hvor: Oslo Kongressenter.

Hvem: Over 600 psykologar og ca. 50 andre personar med tilknyting til psykisk helse-feltet

Første nordmann på scenen var Lars Smith frå Universitetet i Oslo (UiO). Han tok opp tråden frå Bruener og Stern og gav ei innføring i viktige teoriar kring spedbarn si utvikling og stoda innanfor forskingsfeltet sitt.

Inger Hilde Nordhus fortalde i sitt plenumsforedrag om arbeidet ved Nasjonalt kunnskapssenter for søvnsykdommer i Bergen, og førte vitskapleg prov for at psykologar har ein viktig plass i behandlinga av insomni og andre søvnlidingar.

Åse Gruda Skards pris for popularisering av psykologisk kunnskap blei i år delt ut for tredje gong, og gjekk til psykolog og forfattar Arnhild Lauveng. Overrekkinga av prisen, som er på 20 000 kroner, fann stad på tampen av første kongressdag. Songaren Jannicke Kruse og pianisten Arve Furset sette eit vakkert punktum for ein innhaldsrik dag.

Unge, tvillingar og spedborn

Dag to av konferansen starta med eit plenumsforedrag av Lars Wickstrøm frå Norsk Teknisk og Naturvitenskapelig Universitet (NTNU) kalla «Endring og stabilitet i internaliserende vansker fra ungdomstid til voksenalder». Han viste tilhøyrarane korleis ein med utgangspunkt i data henta frå den longitudinelle Ung i Norge-undersøkinga, ein trettanårig prospektiv landsrepresentativ studie av norske ungdomar og unge vaksne med i alt fire datainnsamlingar, hadde makta å forstå litt meir av kva faktorar som betyr noko for sjølvmord, angst og depresjon blant unge. Og det er ikkje så dårlig, som han sjølv sa det.

Audrey van der Meer, også ho frå NTNU, viste resultat frå banebrytande norsk spedbarnsforsking som på sikt kan gjera det mogleg å føreseia hjerneskadar som autisme og cerebral parese allereie på nyfødtstadiet, mellom anna gjennom monitorering av sugemønster.

Årets doktorgrad var Margrethe Seeger Halvorsen (UiO) sitt arbeid om kva tyding pasientar sitt sjølvbilde har for endring i psykoterapi. Den neste bidragsytaren, Anne Mari Torgersen, presenterte data frå sin longitudinelle tvillingstudie om temperament og personlegdom hos tvillingar følgt frå 0 til 30 år. Ho kunne mellom anna fortelja at arv aukar med alderen. Einegga tvillingar er aldri så ulike som dei første to månadene av liva sine, både når det gjeld vekt og temperament.

Møtestad nummer ein

Kongressen inneheldt 15 ulike workshops og symposium. Utanom dette var kaffipausane og lunsjane òg viktige arenaer for sosialt og fagleg påfyll. Fleire fagbokforlag hadde tradisjonen tru salsbord i foajeen, og der var ei eiga lita avdeling for vitskaplege posterar.

Borna skapar seg sjølve til ungdomar no, og noet er alltid historisk og i endring, sa Hanne Haavind då ho førelas om Personlige utviklingsbaner og historiske forandringer – Når jenter og gutter går fra barn til ungdom i en kompleks kulturell kontekst. Ho fortalde korleis innvandringa i dag er ein viktig faktor som endrar korleis det er å veksa opp i Noreg.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 44, nummer 10, 2007, side 1259-1260

Kommenter denne artikkelen