Du er her

Pris til «han der psykologen»

Frode Thuen treng ingen pris for å bli ein kjent psykolog. Men han kan saktens fortena både ein og fleire fordi han er det. No har han fått den første – for å vera ein viktig formidlar av psykologi.

Publisert
1. september 2008

NÅR UT: Årets vinnar av Åse Gruda Skards pris, Frode Thuen, nyttar alle tilgjengelege kanalar for å formidla psykologisk kunnskap. Han har jamvel tonesett dikt av Inger Hagerup og lete bandet Yr spela dei inn på plata Alt er så nær meg, også dette med terapeutisk siktemål.

Då vi spør årets vinnar av Åse Gruda Skards pris for formidling av psykologisk kunnskap kven Frode Thuen er, svarar han: ein person som er engasjert i mykje, som er nysgjerrig på mykje og som er oppteken av å læra nye ting, men òg av å formidla det han har lært. Det siste har ført til at truleg hundretusenvis av nordmenn veit kven han er. Sjølv kallar han formidlinga ein viktig del av verksemda si. For oss som står utanfor og ser han dukka opp i vekeblad, i A-magasinet, i BT, lokalavisa og på TVskjermen, høyrest dette ut som eit klassisk døme på det britane kallar understatement; han tekk ikkje for hardt i.

Det blir jo til at eg sit nesten kvar kveld. Elles blir det litt nattarbeid. Og i helgene og feriane

Ikkje overraska

– Eg blir lite tilfreds med input utan output, seier prisvinnaren. Når vi spør om ikkje han som andre professorar får nok av det siste i auditoria, svarar han med ein latter full av sjølvinnsikt.

– Auditoriet er så lite. Dessutan er det noko med mine tema som vedkjem folk flest, og ikkje primært studentar. Det er meir relevant og gjevande å formidla til dei som står midt oppi utfordringane og kjenner dei på kroppen.

Å bli tildelt Åse Gruda Skard-prisen opplever han som veldig hyggeleg og ærefullt.

Det er knapt nokon som er overraska over at du får ein slik pris.

– Det er jo òg hyggeleg – at folk ikkje blir overraska. Eg har drive med dette meir enn mange andre, så sånn sett er eg ikkje overraska sjølv heller.

– Stemmer det at du ein periode hoppa av psykologistudiet og vurderte å bli journalist?

– Nei, men på 2. avdeling av profesjonsstudiet hadde eg ein periode lyst til å prøva andre ting, og snuste mellom anna på journalistikk. Eg søkte sommarjobb i aviser, men fekk det ikkje.

Kan hende er det nokre redaksjonssjefar der ute som i dag dreg seg i håret når dei høyrer dette, for ein viss medieteft må jo Thuen ha. Ein blir ikkje sitert eller omtalt om lag 350 gongar i året i norske media om ein ikkje gjev journalistane valuta for pengane. Eitt år i studentavisa Studvest må ha gitt eit godt grunnlag.

– Der lærte eg å tenka journalistisk, med overskrifter og ingress, noko eg har hatt nytte av i formidlinga etterpå.

Eit godt kasus

Når vi spør kvifor nett han har fått så stort gjennomslag i media, dreg han igjen fram feltet sitt, som vedkjem folk flest, og er evig aktuelt for media.

– Dessutan trur eg at eg har ei evne til tospråkligheit – å vera ein fagperson som snakkar alminneleg og omtalar faglege spørsmål med enkle omgrep. Og så har eg jo halde på med dette lenge. Eg byrja med tv-undervisning for 15 år sidan. Og eg har skrive bøker. Eg har dyrka tospråklegheita over lang tid. Det hjelper litt, det.

Intervjuet går føre seg på mobiltelefonen. Til no har Frode Thuen vore ute og gått i dei brusteinslagte bergensgatene. No høyrer eg den hole slamringa av universitetsdører og steg i korridorar. Thuen er komen på kontoret, der han (medan han les mail og ordnar i posten sin, for alt eg veit) held fram med å snakka med meg.

– All formidlinga du gjer, må innebera ein masse krevjande og ubetalt ekstraarbeid. Telefonar til alle tide, korte fristar, belastinga ved å vera den som må spissformulera seg … Kvifor orkar du å ta denne jobben? Og kvar finn du energi og tid?

– Tida er sjølvsagt eit problem. Eg klarar ikkje å følge opp alle som tek kontakt med meg så mykje som eg ønsker. Eg har rett og slett ikkje tid, men folk som les det eg skriv, sender ofte gripande historier. Det blir jo til at eg sit nesten kvar kveld. Elles blir det litt nattarbeid. Og i helgene og feriane. Eg har eit foredrag der eg snakkar om å leva to liv på ein gong og farane ved at jobb og fritid blir sausa for mykje saman. Slik sett er eg eit godt kasus sjølv.

Men det er stimulerande og gjevande, og eg opplever at eg kan gjera ein forskjell. Og det gjev støre mangfald i livet mitt.

Stort sett ros

Prisvinnaren meiner det absolutt er plass til fleire psykologar i norske media.

– Det er mange som sit på veldig mykje kompetanse om psykologiske tema som vedkjem folk. Det gjeld bare å bruka riktig språk og kanalar. Det er jo allereie kome ein del som er i media og snakkar til eit allment publikum.

– Har du møtt jante?

Thuen dreg litt på det før han svarar:

– Nja … eg opplever ikkje det. Eg har stort sett fått ros i fagmiljøet, noko eg set pris på. Men det finst alltid andre meiningar. Og folk er ikkje alltid like saklege. Ein må finna seg i ufine tilbakemeldingar. Dette gjeld især det som kjem av reaksjonar på den faste spalta mi i A-magasinet. Dagen etter at eit innlegg har stått på trykk, kan det vera ganske heftige diskusjonar.

Nettsjikane har han òg møtt litt av, men seier det stort sett går greitt.

– Folk er ueinige og har klare standpunkt mot det du står for. Det er noko ein må tenka igjennom når ein går ut i media. Det skal ofte lite til før folk kjenner seg støtt. Og det er så mange posisjonar. Skal ein vera litt tydeleg, er det nesten umogleg å unngå at nokon blir fornærma eller støtt. Eg blir mange gongar overraska over kor nære folk er seg sjølve. Når ein seier noko dei ikkje er hundre prosent einige i, tek dei det ofte som frontalangrep.

Thuen, som er ein røynd familieterapeut, ser få likskapar mellom det å snakka til folk i media og det å driva terapi. Til terapi kjem folk fordi dei i utgangspunktet har ei tiltru til terapeuten, dessutan går den føre seg som ein dialog.

– Det er mykje lettare å sikra seg at ein har folk med seg når ein er i ein dialog enn når ein ytrar seg som tekst.

Samarbeid med media

I telefonen opplevest Frode Thuen foretningsmessig imøtekomande, direkte og effektiv. Han går med på kontrakten: Eg gjer jobben min og spør. Han gjer jobben sin og svarar. Så har òg mange journalistar gode erfaringar med han. Og han har stort sett bare positive erfaringar med journalistar, sjølv om ikkje alle er like erfarne eller godt informerte om det dei spør om.

– Eg får ein del telefonar får unge journalistar som bare er sett på ei sak og veit ingenting. Då kan eg bli litt oppgitt. Men stort sett er det positivt å samarbeida med journalistar.

I studentavisa lærte eg å tenka journalistisk, med overskrifter og ingress, noko eg sidan har hatt nytte av i formidlinga

– Du kallar det eit samarbeid?

– Ja, ofte er det det. Til dømes når eg har gjort nye undersøkingar som eg vil ha ut. Då har det hendt eg har ringt journalistar eg kjenner, og diskutert korleis vi kan gjera dette på ein god måte. Eg har til dømes ein VG-journalist her i Bergen som eg har ein del kontakt med. Vi blir i fellesskap einige om forma på stoffet, og eg les alltid igjennom sakene før dei blir trykt. Dette er eit klart samarbeid om eit produkt, der journalisten skriv, men der eg er aktivt med på å forma stoffet.

Slikt samarbeid kan vera svært viktig. Som då Thuen hadde forskingsresultat som viste at born som bur med far etter skilsmål, har større sjanse for å få problem enn dei som bur med mor.

– Dette kunne lett misbrukast. Eg såg for meg typisk tabloide overskrifter som: «Farlig å bo hos far». Men gjennom samarbeidet med journalisten blei avispresentasjonen nyansert og fekk fram bodskapen på ein fin måte. Samarbeid gjer stoffet betre, konkluderer Thuen.

Rakettpsykologen

Han har fått ein del rare spørsmål gjennom åra, men har lært seg å seia nei til å snakka om det som ikkje vedkjem det faglege kjerneområdet hans.

– For nokre år sidan var eg med i eit radioprogram rundt nyttår der dei hadde samla eit panel som skulle diskutera kvifor det bare er menn som skyt opp rakettar. Eg fall for freistinga til å vera morosam og seia noko litt søkt om Jung sine arketypar og utfaldinga av energi. Eg fekk ein del reaksjonar etterpå. Det er jo ikkje akkurat slik eg ville bli hugsa – som rakettpsykologen Frode Thuen.

Ein annan gang blei han ringt opp av ein journalist som snakka litt laust om at kaptein Sabeltann kanskje var ein dårleg rollemodell for ungar.

– Eg oppfatta det ikkje som eit intervju, og sa noko laust om at han kan henda ikkje var verdas beste ideal. Dagen etter hadde Dagbladet ei svær dobbeltside om at fagfolk åtvarar mot Sabeltann. Det viste seg at journalisten hadde gjort meir eller mindre det same med fleire fagpersonar og fått dei til å ymta om at kaptein Sabeltann var ein skummel type. Så konstruerte han ei sak som gav inntrykk av eit Sabeltann- opprør blant fagfolk! Då følte eg meg misbrukt.

På gata

Det slamrar igjen i universitetsdøra, og gatelydane tek over i bakgrunnen. Frode Thuen er på veg til eit produksjonsstudio for å legga siste hand på ein ny TV-serie som skal gå på NRK i 2009. Det handlar om fire ferske episodar av den populære serien Vendepunkt, som i førre runde hadde heile 600 000 sjåarar på det meste.

– Ein skal halda utruleg mange foredrag for å koma i nærleiken av det, seier Thuen.

– Det er etter kvart svært mange som veit kven du er. Har det å bli kjendis verka inn på livet ditt? Blir du til dømes stoppa på gata av folk som vil ha råd for parforholdet sitt?

– I noen samanhengar blir eg gjenkjent, men det er ikkje påtrengande. Stort sett er det veldig hyggeleg. Eg er jo ikkje den typen kjendis som kjem i Se og hør. Det hender eg blir stoppa på gata, men ikkje av folk som treng hjelp. Det er heller personar som vil fortelja at dei har lese ei av bøkene mine og fann den svært nyttig. Slike kommentarar har eg i sær fått på Utro.

– Har du nokon gong tenkt på at du kan stå i fare for å bli oppbrukt i media?

– Ja, det er alltid ein fare for det. Så no for tida uttalar eg meg nesten ikkje om anna enn familiespørsmål. Eg er medveten på ikkje å bli ein som meiner noko om alt, og kjenner meg ukomfortabel med å uttala meg om noko eg ikkje har greie på.

Ny jobb

Dei neste åra kjem Frode Thuen heller ikkje til å bli oppbrukt ved Universitetet i Bergen. 15. august, om lag samstundes med at dette intervjuet gjekk i trykken, byrja han i ny jobb ved Høgskulen i Bergen. Målet er å bygga opp ei eiga vidareutdanning i parterapi. Innanfor familieterapi finst det alt slike tilbod, gjerne med vekt på å hjelpa familiar der born er blitt sjuke. Men denne utdanninga fokuserer på paret. Noko slikt har aldri vore prøvd før, og Frode Thuen ser fram til å få etablert denne nye kanalen for fagleg output.

– Psykologar er ei sjølvsagt målgruppe for studiet. Elles ønsker vi å nå alle relevante terapeutar, til dømes innanfor familievernet og dei som jobbar i barne- og ungdomspsykiatrien.

– Kvifor er kjærleiksrelasjonane verdt å kjempa for?

– I undersøkingar svarar 80–90 prosent at dei ønskjer eit livslangt kjærleikstilhøve. Det er ein grunnleggande verdi hos oss. Når eg i praksisen min møter så mange folk som slit, og samstundes veit at det mange gongar er så lite som skal til for at situasjonen skal snu, er det ikkje vanskeleg å finna motivasjon for å jobba med par. Trivsel i partilhøvet er for dei fleste ein føresetnad for å ha det bra. Eg har òg forska mykje på skilsmisser og sett kva det gjer med folk. Då er det gjevande å kunna bidra til at folk får det til, konkluderer Thuen, i nok eit intervju.

arne.olav@psykologforeningen.no

FRODE THUEN

  • Fødd 1961
  • Cand. psychol frå Universitetet i Bergen 1989. Dr. psychol same stad 1993
  • Professor i psykologi ved Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen, og spesialpsykolog ved Modum Bad
  • Jobbar primært med familiepsykologi, både som terapeut og forskar
  • Eiga spørjespalte i A-magasinet
  • Har mellom anna skrive bøkene Utro: om kjærlighetens bakgater (2006), Livet som deltidsforeldre (2004) og Vårt indre liv: En reise i menneskesinnet (1999)
  • Årets vinnar av Åse Gruda Skards pris

ÅSE GRUDA SKARDS PRIS

  • Blir kvart år delt ut av Norsk Psykologforening
  • Ei påskjøning til psykologar som bidreg til å gjera psykologisk kunnskap tilgjengeleg og nyttig
  • Blei første gong delt ut i 2005, ved hundreårsjubileet for Åse Gruda Skards fødsel
  • Tidlegare vinnarar: Sissel Gran (2005), Torkil Berge (2006) og Arnhild Lauveng (2007)
Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 45, nummer 9, 2008, side 1189-1191

Kommenter denne artikkelen