Du er her

Gæmlispsykologen

Ordet gerontologi kjem av dei greske orda geron (gamling) og logia (kunnskap). Heilt sidan Svein Olav Daatland var fersk psykolog tidleg på 1970-talet har han vore oppteken av den friske alderdomen, og av å bygga bru mellom psykologien og sosiologien.

Publisert
5. desember 2011

VEDKJEM ALLE: Aldring er ein kontinuerleg prosess, understrekar Svein Olav Daatland. Vi aldrast frå første dag vi lever. I gerontologien freistar ein å finna svar på kva aldringa betyr for oss.

Kvifor blei du psykolog?

Då eg tok førebuande under militærtjenesta, bestod kurset av tre hovudemne: filosofi, logikk og psykologi. Her las eg Harald Schjelderup si bok Innføring i psykologi, som var grei å skjøna og meir logisk enn logikken. Dette var òg ei tid då samfunnsfaga vaks. Eg surfa inn på tidsanden kan du seia – både psykologien og sosiologien opplevde ei bølgje av framgang rundt 1967–1968. På grunnfag hadde vi boka Contemporary schools in psychology av Robert S. Woodworth, som var ein munnfull, så du kan òg seia at eg gjekk vidare på rein trass. Dessutan; hadde ein først kome gjennom nåleauga og fått laud, var det bare å takka ja.

– Eg vil slå eit slag for poetpsykologen. Livet er så spanande, psykologiske skrifter så keisame

Drømmetydning av Freud var ein inspirasjon, og kjekk å sjekka jenter med. Eg var elles på eitt av dei siste kulla som kunne studera sosialpsykologi utan tanke for klinisk arbeid. Då eg blei uteksaminert midt på 1970-talet fekk eg rett nok papir til å verka som klinikar, men eg har aldri gjort det.

Internasjonalt er sosiologien den leiande greina innan det tverrfaglege feltet gerontologi. For Daatland, som alltid har oppfatta Norsk Psykologforening som ei foreining mest for praktiserande klinikarar, var det difor eit naturleg val å bli medlem i Sosiologforeininga, som hadde open dør også for sosialpsykologar og medlemer av LO.

– Grensene er flytande. Eg kallar meg gjerne sosialpsykolog. Psykologien har sjølvsagt forska mykje på born og unge sitt sjølvbilete, men det er gjort besynderleg lite på same tematikk knytt opp til aldring. Det er like utfordrande å forvalta identiteten i møte med endringar når ein er 60, 70, 80 år, men hovudstraumen i norsk psykologi har vore lite interessert i den andre halvdelen av livet.

Norsk gerontologisk institutt, der Daatland byrja på 1970-talet, gjekk i 2006 inn i det vi i dag kjenner som NOVA. Eva Beverfelt, den første leiaren ved gerontologisk institutt, var psykolog, med det resultatet at det alltid har vore ein del psykologar som har søkt seg til feltet her til lands, fortel Daatland.

Kva for fagperson har betydd mest for deg?

– Eg har ikkje hatt ein som var eit fyrtårn, sjølv om det er mange som har hatt det. Om eg må trekke fram ein fagperson, så må det bli Harriet Holter, i alle høve då eg var student. Eg hugsar ho sa at om du etter eit langt forskarliv etablerer eitt omgrep som blir ståande, så har det ikkje vore forgjeves. Seinare har arbeidskollegar vore den største inspirasjonen, og Berit Ås, Dagfinn Ås, Per Olav Tiller, Torleif Lund … Internasjonalt har eg samarbeidd med Ariela Lowenstein og Simon Biggs.

Kva er den beste fagartikkelen du har lese det siste året?

– Eg har teke fram og lese om igjen ein artikkel frå 2003 av Becka Levy, «Mind Matters: Cognitive and Physical Effects of Aging Self-Stereotypes», om sosiale effektar av stereotypiar og fordommar. Den har eg brukt mykje, og eg har sjølv tenkt i dei banar.

Kva er din faglege favoritt-kjepphest?

– Eg skreiv noko ein gong om viktigheita av å bygga bru mellom sosiologien og psykologien. Begge fagområda blir litt nærsynte kvar for seg. Det er ikkje tilfeldig at eg jobbar her ved NOVA.

Daatland nyttar også høvet til å åtvara mot å bli for oppteken av snittverdiar når ein held på med sosialvitskap.

– Om ein majoritet går til høgre og ein annan til venstre, betyr ikkje det at resten går rett fram, gestikulerer han. – Statistikarar er flinke til å bryta ned, men dei set sjeldnare saman igjen. Alle variablar møtest under huda til enkeltmenneske, påpeikar han, og siterer sin eigen artikkel frå 2003: «From variables to lives: Inputs to a fresh agenda for psychological ageing research in Norway».

TRU TENESTE: Store delar av livet har Svein Olav Daatland opphalde seg på dette kontoret ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), i spennet mellom gerontologibøkene i hylla og barnehagen utanfor glaset.

– Ein må gå til større einingar enn variablar og heller sjå på folk sine liv.

Kva sak bør psykologar gå i bresjen for?

– Det same som alle andre: likeverd og rettferd. Men psykologar har kanskje eit større ansvar enn andre for å peika på at grafar over førekomst av psykiske problem ofte får ein hengekøyefasong, med mange tilfelle tidleg og seint i livet. Dette heng i stor grad saman med identitetsproblematikken eg peika på tidlegare. Vi kjem derfrå og skal dit igjen.

Kva for norsk psykolog fortener meir merksemd?

– Hadde du spurt om ein svensk, så hadde eg sagt Thomas Tranströmer, som er psykolog og poet og nett fekk Nobelprisen i litteratur. Det er mange norske lyrikarar òg som er psykologar, som Helge Torvund, Einar Økland, Erling Indreeide og Kjersti Ericsson. Eg vil slå eit slag for den poetiske vendinga i psykologien, for poetpsykologen. Livet er så spanande, psykologiske skrifter så keisame. Også Freud var ein stor skribent, men over tid er fagskribentane blitt meir og meir firkanta. Dette handlar også om å gå frå variablar til liv. Den gode forfattaren og poeten ser på nye måtar og hjelper oss til å sjå. Ei meir poetisk vending i fagskrifter kan gjera at tekstane rører oss, og kan hjelpa oss til ikkje å gøyma oss bak typar og fagtermar.

Kva ville du gjort om du var minister for ein dag?

– Eg ville satsa på det som stimulerer folk, og aller mest born, til å læra å sjå, med eigne augo og nye ting, det som skapar ny og kritisk erkjenning: kunst, kultur, utdanning og forsking.

Kva er din største skrekk?

– Klaus, høgd og isolasjon. Eg er glad eg ikkje må krypa gjennom tunellane i Palestina eller bli fanga i ei samanrast gruve i Chile, seier forskaren, som opphavleg kom frå frittliggande Flekkefjord, men som har tilbrakt store delar av livet sitt på nokre få overfylte kvadratmeter på NOVA-kontoret i Oslo. Men kontorlivet blir visst nok balansert med fjellturar.

Kva irriterer deg med psykologien?

– At den kan vera nærsynt. Eg veit ikkje om dette gjeld meir for psykologi enn for andre fag, men det er fort å framstå som sjølvoppteken. Om fagfolk hadde blitt mindre sjølvhøgtidelege, hadde faget blitt meir morosamt også. Det er viktig for eksempel når ein skal ut i avisa, at ein ikkje blir smitta av pompøsitet – noko som ikkje er morosamt. Komikarar kan mykje om psykologi. Vittigheit er ein psykologisk leik. Dei som driv med den, veit ikkje kva dei gjer, men dei gjer det.

Korleis kan psykologi bli eit meir morosamt fag?

– Det handlar kanskje ikkje så mykje om psykologien i seg sjølv som om det å få lov til å føla at ein har løfta seg sjølv, eller fått tilbakemelding om at det ein har gjort, ikkje er så dumt. Det handlar vel om det same for meg som for dei på reality-tv, om å bli sett. Ein kan ofte vera i tvil om det ein held på med, er verdt noko. Då er det veldig viktig med ein klapp på kinnet eller aksla. Dette er ekstra viktig no når forsking meir og meir handlar om å springa etter pengane. Det er ikkje morosamt.

– Om nokon kikka ned frå Mars og såg meg sitta store delar av livet her på desse ti kvadratmetrane og tilsynelatande halda på med ingen ting, så hadde dei nok begynt å lura. Ein tenkjer jo at ein skapar ei indre verd, men det kan vera mykje sjølvbedrag i det. Men støtte – og utfordringar – frå kollegar er viktig. Støtte og og utfordringar – det gjer faget meir morosamt.

Har du ein psykologvits på lager?

– Eg kunne ingen, så eg måtte finna på ein sjølv:

Godt vaksen pasient med angstproblem kjem til psykologen.

– Eg er så redd for å døy …

Slapp av, det går over med åra.

SVEIN OLAV DAATLAND (65)

Utdanning: Cand.psychol.

Stilling: Forskar 1 ved Norsk institutt for forsking om oppvekst og aldring (NOVA). Redaktør for tidsskriftet Aldring og livsløp

Aktuell med ny 2. utgåve av boka Aldring og samfunn – En innføring i sosialgerontologi

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 12, 2011, side 1193-1195

Kommenter denne artikkelen