Du er her

– Det finst sanningar å oppdaga

Høyr på dette: «Eit kvart tenkande vesen bør vera anarkist». «Du har eit ansvar for å snakka med dei som ikkje har makt, for saman å leita etter sanninga.» Det å møta Noam Chomsky er å få lufta hjernen.

Publisert
5. oktober 2011

FOTO: JEANBAPTISTEPARIS/FLICKR.COM

Chomsky er ei superstjerne, ein akademisk ekvivalent til Sean Connery eller Bono. Sjølv har eg brukt dei siste dagane til å lesa bøker, foredrag og intervju for om mogleg å unngå total blamering når eg seinare på dagen skal møta han til eit halvtimes intervju. Eg har vore på raddisbokhandelen Tronsmo i Oslo og handla for fleire hundre kroner, lasta ned artiklar i hopetal, og posta på Facebook at eg hadde fått i fanget ein av dei kulaste intervjuavtalane eg kunne tenka meg. «Fy søren da hadde jeg vært nervøs,» skreiv ein skribentven. Ein annan delte desse trøystande orda: «Han er kjent for å være ganske kontant hvis han synes spørsmål er dumme. (Ikke meninga å gjøre noen nervøse, altså.)» Jau, takk.

– Du har eit ansvar for å snakka med dei som ikkje har makt, for saman å leita etter sanninga så godt det lèt seg gjera. Det er noko heilt anna enn å snakka sanning til makta

Noam Chomsky

Oppvekst og språk

Her eg sit i salen på Plaza og ventar på foredraget, som har fått tittelen «Konflikt og dialog – dialogen som konfliktskapende eller konfliktløsende», har eg for eksempel ein artikkel i veska der Chomsky fortel om oppveksten sin i mellomkrigstidas USA, om korleis han i 1938, bare ti år gamal, skreiv ein leiarartikkel til skuleavisa om fascismen sin framvokster:

The article opened with the words: «Austria falls, Czechoslovakia falls, and now Barcelona falls» – and Spain with it, a few months later. The words have always stayed in my mind, along with the dread, the sense of the dark clouds of fascism gathering over Germany and then Europe and perhaps beyond, a growing force of unimaginable horror.

Frå talen The Radical Intellectual lasta ned frå www.chomsky.info 15.9.2011

Det jødiske immigrantmiljøet i Philadephia var intellektuelt, sjølv om dei færraste var akademikarar. Foreldra til Chomsky var hebraisklærarar. Den viktigaste inspirasjonskjelda hans i barndomen var ein onkel som ikkje kom lenger i skulegangen enn 4. klasse, men som dreiv ein aviskiosk og kunne bidra både med intellektuell og materiell kapital til familien.

I salen på Plaza blir Noam Chomsky presentert som den 8. mest siterte akademikaren i historia, og den aller mest siterte innan sosialvitskap av dei som endå lever. Til vanleg er han professor i lingvistikk ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i Los Angeles, USA, der han har vore tilsett sidan 1955.

Som språkvitar lanserte han tidleg teoriar som fekk stor innverknad også på psykologiske tankar om kommunikasjon og språkutvikling. Han revolusjonerte lingvistikken og tok faget vidare frå Skinner sine behavioristiske teoriar, som lenge rådde grunnen. For Chomsky er lingvistikken ei grein av kognitiv psykologi; reelle innsikter i lingvistikk krev ei forståing av hjernefunksjon og menneskenaturen. Kan henda er det dette han skal legga fram nå han om litt entrar talarstolen?

Akademisk anarkisme

Men like viktig som det språkvitskaplege engasjementet til Chomsky er det politiske engasjementet. Han har vore ein av dei mest framskotne kritikarane av amerikansk politikk dei siste 50 åra. Lingvistikken og verdspolitikken – dei to interesseområda renn som parallelle elver gjennom livet hans, med djupe kanalar som bind saman på tvers. Anthony Arnove (2008) seier det slik i forordet til boka The Essential Chomsky:

… his political and linguistic work have both built on the philosophical tradition that he has traced back from contemporary strains of anarchism through ‘classical liberalism’ to the Enlightenment and the early rationalists of the seventeenth century.

På midten av 1960-talet var Chomsky sterkt engasjert i opposisjonen mot USA si krigføring i Vietnam. Og han har halde fram med å kritisera USA sin vilje til å bruka militære intervensjonar for å fremja eiga makt og eigne kommersielle interesser, i Latin-Amerika, Midtausten, Asia og på Balkan. Han kallar til dømes invasjonen i Irak etter terroråtaka på USA 11. september 2001 for eit krigsbrotsverk, og skal ha sagt at ingen amerikansk president etter andre verdskrigen ville ha kome gjennom Nürnbergprosessane med æra i behald.

Seg sjølv kallar han anarkist, ein ståstad som vaks fram gjennom at han i tolvårsalderen besøkte bruktbokhandlar drivne av anarkististar med røter i den spanske arbeidarrørsla. Då eg snakkar med han seinare på dagen, fortel han at han meiner alle akademikarar bør vera anarkistar.

– Det finst eit veldig viktig spørsmål, som eg reknar med blir diskutert i Noreg, og det er om det i heile tatt er riktig å henta opp olja, for den øydelegg miljøet

Noam Chomsky

– Eit grunnprinsipp i seriøs anarkisme er at dominerande maktstrukturar ikkje kan rettferdiggjera seg sjølve. Ein bør vera skeptisk til dei og utfordra dei til å bevisa at dei har livets rett. Om dei ikkje kan det, noko dei ofte ikkje kan, bør dei plukkast frå kvarandre og bli overvunne. Kan dei derimot rettferdiggjera seg – det finst døme på dette òg – kan ein godta dei. Ser ein slik på det, meiner eg at eit kvart tenkande vesen bør vera ein anarkist. Det er ingen grunnar til å akseptera dominerande maktstrukturar berre fordi dei finst.

På spørsmål om kor vidt akademikarar har eit særskilt ansvar for å utfordra eller motsetta seg den offisielle samfunnsmakta, svarar han at dette ansvaret ikkje bare gjeld utfordring av samfunnsmakta, men kvart eit rammeverk med autoritet eller dominans – også innanfor sitt eige felt. Det er dette det å vera akademikar handlar om. Kvar gong ein student kjem inn på kontoret hans på MIT, ventar Chomsky å bli utfordra eller måtta tenka noko nytt.

– Ein ventar av studentar ved seriøse universitet at dei skal stilla spørsmål som utfordrar det som blir hevda. Tar ein feil, endrar ein det. I fagsamanheng blir den kritiske haldninga ofte teken som sjølvsagt.

– Om du underviser det same no som du gjorde for fem år sidan, er anten faget ditt dødt, eller du sjølv er hjernedød. I vitskapane er dette rutine, det er difor dei endrar seg heile tida, seier han. Slik burde det vera også på andre områder, seier Chomsky.

Han understrekar at akademikarar har eit særskild ansvar av den enkle grunn at dei er privilegerte. Dei har fridom, og dei har, fortent eller ikkje, ein viss prestisje; dei har rikeleg med moglegheiter, og det å ha moglegheiter gjev ansvar.

Tru på sanning

Temaet for psykologikongressen, den åttande i rekka, er «Krig og fred og sånn – konflikt og dialog». Her eg sit i salen og ventar på at Chomsky skal koma seg opp trappene til scena, tenkjer eg tilbake på miljø- og utviklingsminister Erik Solheim si opning tjuefire timar tidlegare, der han understreka at det finst ein psykologisk komponent i kvar ei fredsløysing. Psykologforeininga sin president Tor Levin Hofgaard tok etterpå til orde for eit sterkare samfunnsengasjement blant psykologar.

Korleis vil Chomsky angripa krig/fred-problematikken? Er det lingvist-elva som skal strøyma, eller aktivistelva?

Under intervjuet seinare på dagen skal eg koma til å spørja Noam Chomsky om han i det heile trur at eit system med makt, som ei regjering, kan vera berar av sanning, og han skal koma til å avvisa spørsmålet mitt med å argumentera imot tanken på at nokon i det heile kan påropa seg å vera sendebod for sanninga. Men han skil skarpt mellom dette og den postmodernistiske tanken om at sanning ikkje finst, og at det bare er eit spørsmål om makt.

– Vi trur alle, og bør tru, at det finst sanningar å oppdaga. Men det betyr ikkje at vi nokon gong kjem til å finna dei.

– … som er eit modernistisk synspunkt.

– Ja, det er det. Det er eit synspunkt frå opplysningstida. Og det blir utfordra av det som kallast postmodernisme, men som eg personleg bare opplever som sjølvmotseiande.

På spørsmål om kor vidt akademikarar har ei plikt til å hjelpa politikarar til å leita etter sanning, blir svaret eit kontant nei. Chomsky ser ikkje noko spesielt poeng i å snakka med politikarar. Han siterer dissidentar, som han kjenner og respekterer, som meiner oppdraget deira er å tala sanning til makta.

– Eg er ikkje einig i det. For det første: Makta er ikkje det rette publikummet, det er dei som ikkje har makt, ein må venda seg til. Og for det andre: Verken eg eller andre har rett til å hevda at vi snakkar sanning. Dessutan bør ein ikkje snakka til folk, ein bør snakka med dei. Så den rette formelen burde etter mi meining vera: Du har eit ansvar for å snakka med dei som ikkje har makt, for saman å leita etter sanninga så godt det lèt seg gjera. Det er noko heilt anna enn å snakka sanning til makta. Eg treng ikkje fortelja Henry Kissinger korleis verda heng saman. Han veit det utmerkt godt. Eg likar ikkje måten han styrer den på, men det er greitt, det er hans val.

DIALOGMØTE: Statssekretær i Utanriksdepartementet, Espen Barth Eide, Steinar Bryn frå Nansen Dialog og Noam Chomsky møttest til samtale om psykologiske og politiske verkemiddel for konfliktløysing. Foto: Pål Audestad

Fagforeininga

Gjennom heile livet, heilt frå oppveksten i dei harde 30-åra, har Noam Chomsky vore oppteken av fagforeiningssystemet som ein arena for motmakt og ein kanal for rettferd. Norsk Psykologforening er ei fagforeining i privat sektor, så eg tenkjer at han kan henda har ei meining om det at Psykologforeininga har klart å forhandla psykologar si løn opp til eit heilt nytt nivå, dels gjennom å fokusera på individuelle lønsforhandlingar. Meiner han dette er ein god måte å bruka fagforeiningssystemet på?

– Eg veit jo ikkje heilt korleis det verkar her, men om det er som du skildrar, så stør eg ikkje det. Om ein bygger eit system der kvar enkelt arbeidstakar forhandlar om sin posisjon, får ein uheldige haldningar og eigenskapar med på kjøpet. Av og til får det store følgjer, som at folk gøymer resultata for kvarandre på biologilabben. Eg har sett det skje meir enn ofte nok.

På 1950-talet var dette noko ein ikkje skulle gjera, men no har forretningslogikken vunne fram i den akademiske verda, noko som ikkje er sunt, seier Chomsky, og nemner jakta på patentar som døme. Lovverket er jamvel endra for å koma dette i møte. Fram til 1980 kunne ikkje eit universitetslaboratorium søka om patentar. Slik sikra ein at resultata blei ålment tilgjengelege.

– No er situasjonen ein annan, seier han, og fortel om ein verkeleg skandale som for eit par år sidan kom heilt til førstesida på Wall Street Journal. Ein student ved eit universitet nekta å svara på eit spørsmål på eksamen. Då professoren spurte kvifor, sa studenten at han visste svaret, men at han jobba på eit prosjekt for ein annan ved fakultetet, og at han hadde svore å ikkje røpa hemmelegheita fordi dei to gjekk med planar om å starta eit føretak og ta patent på svaret.

Olje og moral

Eg fortel Chomsky at Norge i 15 år no har investert oljefortenesta i eit pensjonsfond, som med sine rundt 3100 milliardar kroner er verdast største statseigde fond. Eg tenkjer at han sikkert har noko saftig å seia om ei slik nedsylting av verdiar. Først er han overraskande positiv, seier at det verkar fornuftig sidan alle veit at olje er ein ikkjefornybar ressurs som vil vera borte ein dag. Eg kan høyra på opptaket frå intervjuet kor skuffa eg blir over svaret. «Å …,» seier eg, så blir det ein lang pause, før eg seier det som eigentleg ligg meg på hjarta (og som det hadde vore veldig kult å få støtte frå sjefsraddisen Noam Chomsky på).

– Men vi er jo så utruleg heldige her i Noreg. Vi er under fem millionar menneske og har desse enorme ressursane. Hadde ikkje vore betre å

– Å kollektivisera det? For verda?

– Ja! For verda, ja!

– Jau, sjølvsagt, seier Noam Chomsky, med den same tilbakelente stemma som han har brukt i alt eg har høyrt han seia.

– Ein kan seia det same endå sterkare om USA. Dei har enorme ressursar: kan henda verdas beste jordbruksland, enorme mineralressursar … men det blir ikkje brukt til å forbetra verda. Det er slik statssystemet verkar. Det burde ikkje verka slik, men det gjer det. Det er som med kommersielle selskap som heile tida forsøker å oppnå maksimal profitt, seier han.

– Det beskriv systemet, men eg meiner ikkje det er rett. Det finst eit veldig viktig spørsmål, som eg reknar med blir diskutert i Noreg, og det er om det i heile tatt er riktig å henta opp olja, for den øydelegg miljøet.

Nei, herr Chomsky. Det blir ikkje diskutert i Noreg. Ikkje i det heile. Rundt dette er det øyredøyvande stilt. Eg kan ikkje hugsa ein einaste debatt, verken i tidsskrift, tv, radio eller avis der dette er blitt seriøst diskutert. Dette skulle eg gjerne sagt til deg. Og eg skulle ha sagt at det er nettopp fordi du stiller slike sokratiske spørsmål som det der, at eg er ein djup beundrar av din intellektuelle oevre. Men i det du stilte det omkastande spørsmålet, var halvtimen min over, Les Mond var allereie i gang med å presentera seg og finna fram kamera og journalistblokker, og eg var på veg ut. Som eg hugsar det, var eg faktisk litt skuffa. Eg kjente på meg at svara dine ikkje var så gode, at dei var litt flate, og at du svarte litt på sida av det eg spurte om. Men det var då, i tomrommet etter. No har eg har skrive intervjuet ut og ser at du som alltid balanserer svara dine på ein knivsegg, bryt med forventingar, unngår å mala deg inn i eit hjørne, held deg på alerten.

På talarstolen

Det er forventing i lufta i det åttitoåringen stavrar seg opp på podiet. Kva vil han snakka om? Vil han bruka språkteorien sin til å analysera og kontekstualisera dialogbegrepet? Og korleis vil han kopla dette til psykologien?

Han går fram til mikrofonen. Salen stussar. Stemma er så roleg og udramatisk at det verkar som han ikkje er oppteken av å bli høyrt. Har han begynt, eller er dette ei innleiing, leitar han i papira? Men han har begynt.

Eller rettere sagt: Han held fram. For ein som har brukt dei siste dagane til å lesa bøker, intervju og artiklar om og med Chomsky, er det fascinerande å oppleva det kjente i stemma som sildrar frå høgtalarane. Ein kan plukka opp kva det skal vera, byrja å lesa eller lytta, og det passar inn med det ein høyrte sist. Som ein lågmælt Wagneropera: motiva som veks og fell, skapar gjenkjenning og variasjon, klangane skapar struktur og samanheng; til saman blir dei ein vegg, ein foss, ei veldig kraft som skubbar mot sinnet:

– Dialog blir alt frå meiningslaus til djupt skadeleg om forholdet mellom partane er asymmetrisk … Osloprosessen var eit vendepunkt i konflikten i Midtausten og etablerte Oslo som verdas fredshovudstad, men USA og Israel hadde inga interesse av å ta omsyn til Palestina … dei snakkar gjerne med palestinarane, men overtek stadig større delar av Vestbreidda gjennom busettingane … av alle konfliktar i verda burde denne vera den lettaste å løysa, men Israel og USA set seg imot opprettinga av ein ny stat med grensene frå før 1967 …

Det blei politikk, ja. Det er greitt, herr Chomsky. Psykologien kan vi halda på med ein annan gong.

*

Seinare på dagen, under panelsamtalen mellom Chomsky, Steinar Bryn frå Nansen Dialog og statssekretær i Utanriksdepartementet, Espen Barth Eide, slår det meg: Chomsky fører ein kontinuerleg monolog, gjennom over 100 bøker, hundrevis av intervju, tusenvis av artiklar og foredrag. Alltid oppdatert av sitt eige verdsomspennande nettverk av informantar. Alltid dagsaktuell og gjerne i forkant. Alltid krass, alltid i opposisjon tilbyr han sjeldan eller aldri løysingar. Men ein skjønar at han snakka sant då han tidlegare i år sa dette til det tyske tidsskriftet ZEIT Campus:

– My views and attitudes have not changed in the course of the decades. I still believe what I believed as a teenager.

– Is that good – to still believe what you believed almost 70 years ago?

– Yes, when fundamental principles are involved. Obviously I have changed my opinions in many questions – but my ideals are the same!

PSYKOLOGIKONGRESSEN 2011

  • Radisson Blu Hotel Plaza 6.–7. september
  • Tema: Krig og fred og sånn … konflikt og dialog
  • Deltakere: 452 fagpersoner fra hele landet

arne.olav@psykologforeningen.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 10, 2011, side 998-1002

Kommenter denne artikkelen