Du er her

Rot mot fascisme

Publisert
5. september 2011

«Det var nettopp et enormt smell i sentrum. Vet ikke ennå hva det var. Noen sier det kom fra regjeringskvartalet. Jeg har det bra, litt skjelven bare.»

Men kan vi ikkje også svara med meir rot? Vaska bort fasadepussen og nasegrusen og vera ærlegare, tola fleire feilsteg og visa barn og unge at overmenneske ikkje finst

Klokka 15.29 fredag den 22. juli 2011 tikka meldinga frå son vår inn, og eg veit kvar eg var. Fjernsynets direktesendingar blei skrudd på i kafeen, og sakte gjekk det opp for mannen min og meg at butikken der son vår arbeider, låg inne i det avsperra området. Der det brann. Der gatene var fulle av glas og skadde.

Det eg ikkje oppdaga før etterpå, var at det som hadde vore ein hyggeleg samtale rundt kafébordet, gradvis kjendest som min einetale. Hektisk. Skingrande. Meir og meir ukonsentrert.

Vennene våre gjekk. Vi blei sitjande. Andre kom til. Vi ringde til sonen. Han var evakuert og kommen heim til sambuaren og det tre veker gamle barnet sitt. Eg gret visst.

Så tikka det inn meldingar om at kusina hans gøymde seg livredd på Utøya. Utpå kvelden kom endeleg beskjeden om at også ho var kommen heilskinna heim, men hadde sett forferdelege ting.

Vekene som er gått etter denne dagen og dei vonde dagane etterpå, har vore fulle av sjokk, lette, sorg, forsøk på å orientera seg i mediedekninga. Alt har teke så lang tid i desse vekene. Eg gjev ut resultatet av eit stort arbeid i haust og skulle fortelja om boka i hyggelege bokbad og sommarlege diktardagar. Men tankane var tunge å samla. Små gjeremål har blitt lange prosessar. Igjen og igjen har eg distré måtta gå tilbake for endå ein gong å sjekka at eg har låst dører eller skrudd av kokeplater eller strykejern.

Noreg består prøven, heiter det. Vi svarar på terror og hat med meir openheit og mengder av kjærleik.

Kor mange gløymer at han som retta ei bombe mot hovudstaden vår og med kaldt blod skaut ned unge, opne menneske, var ein av oss? Frå den mest ressurssterke delen av landet vårt. Dei hjartelause handlingane var produkt av det beste nasjonen Noreg skulle by på.

Eg har lese i dokumenta hans. Studert sjølvportretta og glimta av han på veg til det første rettsmøtet. Dei heroiske posisjonane. Haka, panna og den rette nasen. Det reinskorne ansiktet dreg blikket. Detaljar i teksten truar med å vekkja beundring.

Påstandar om venleik, suksess, meistring og kontroll. Kunne ein bit av svaret liggja der? I beundring av det perfekte? Ifølgje sjåar- og lesartal likar vi nordmenn glansbilde og styrke. Å ikkje sjå godt ut, ikkje meistra, ikkje utføra bragder, er skamfullt i vårt land.

Tabuet kjem dagleg til syne i den manglande toleransen vår for tilkortkomming i offentlege tenester eller private forhold. Manglande audmjukheit, usympatisk overdriven rikdom, at vi tek alle goda våre for gitt. Tabuet kjem også til syne i NAVs reglar om at sorg ikkje er grunn til sjukmelding.

Vi har ei hardheit i kulturen vår. Ein forakt som må bli synleg nå.

Desse haldningane kom, paradoksalt nok, også fram i den raske mobiliseringa av motsvar etter aksjonen. Det gjekk ikkje mange dagane med kaotisk smerte før det norske folket sto rankt, rett og usårleg og vifta med roser medan vi song.

At statsministeren, regjeringa, kongen og stortingspresidenten måtte visa styrke og styringskraft, er naudsynt. Også eg takkar dei varmt for det.

Men må vi andre retta oss opp så raskt? Må ofra sendast rett i terapeutiske samtalar? Orkar vi ikkje kjenslekaoset?

Og kvifor skriv avisene side opp og ned om kor vanskelege terroristens kodar er å knekka? Om det utrulege i at han gjennomførte desse handlingane heilt åleine på ein dag.

«Vår forakt for svakheit». Slik formulerte filosofen Harald Ofstad grunnideen i fascismen. Ein mangel på empati. Ei avvising av det som klarar seg dårleg. Ei ringeakt også for tilkortkomminga og sårbarheita i oss sjølve.

Er folk flest i Noreg drivne av dei same verdiane som terroristen overdreiv til det bestialske?

Ein fascist har herja oss, ein som trur på overmenneskets rett til å rydda bort alt han foraktar. Vi skal svara med meir openheit, kjærleik og demokrati.

Men kan vi ikkje også svara med meir rot? Vaska bort fasadepussen og nasegrusen og vera ærlegare, tola fleire feilsteg og visa barn og unge at overmenneske ikkje finst. At menneske har både svakheiter og styrkar.

I huset vårt er det endå meir rot enn vanleg. Endå meir vasing. Fleire udanna samtalar. Og irritasjonen stig, før han sakte vik for fryd over kaos og skingrande stemmer. Over det uendeleg menneskelege.

Søl mot fascismen, ropar eg – altfor høgt. Før eg begynner å leita etter støvsugaren.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 9, 2011, side 921

Kommenter denne artikkelen