Du er her

Telefonsamtale om eit dødsfall

Publisert
5. juli 2011

Onkelen min døydde i natt, og sidan eg har eksamen om ei veke, freistar eg gjere så lite ut av det som mogleg. Eg lukkar auga når mor mi ringer, ho grin i telefonen, gjer stemma til ei uuthaldeleg blanding av tjukk grinerøyst og tapper mammarøyst. Ho snakkar om onkel Einar, om kona hans, som mor mi omtalar som tanta mi, endå det strengt tatt ikkje heiter tante når dei er inngifte, og om ungane hans, som er mine søskenbarn (det er ikkje noko å seie på), og ho fortel ein god del detaljar om kva dei driv med for tida som eg finn usmakeleg at ho har funne ut av i dag.

Eg høyrer korleis ho finn styrke og nærer seg på dei andre sine antatte sjokkfasar, korleis skjoldet hennar hardnar mellom medvitne tankar og hennar eigen forræderiske amygdala

Eg sit med auga igjen for å verje meg sjølv mot sanseopplevinga det er å sjå på skjermen med uferdig eksamensoppgåve samstundes som mor mi snakkar om dødsfall i nær familie, og eg har mobilen på handsfree, det er lov å tenke at ein ikkje vil ha hjernekreft, på same måte som det er lov å vaska seg på hendene når ein kjem heim, utan å bli oppfatta som hysterisk, og det er lov å ikkje vere lei seg når bror til mor mi døyr, sidan han trass i alt aldri snakka direkte til meg nokosinne.

Eg er meir lei meg for at tida går og eg ikkje veit korleis eg skal avslutte denne samtalen, mor mi snakkar jo direkte til meg, ho bryr seg, ho bryr seg intimiderande og intenst faktisk, om mine kjensler og tankar. Rett nok er interessa hennar akkurat no svært spesifikt retta mot alt som omhandlar bror hennar og familien hans, men ho spør meg gjentekne gonger om eg har det bra, om eg tenker på døden, om eg blir redd for at foreldra mine skal døy, om eg føler livet brått er ekstra skrøpeleg, og om ho skal sende ein blom til søskenborna mine frå meg, eller, om ho skal sende ein blom til «tante» frå oss alle, eller om det skal vere noko til kvar og ein av dei.

Det er vondt å miste partnaren sin, på mange måtar er det vel «tante» som har det verst, seier mor mi, ho har mista ein mann ho har førestilt seg å bli gamal saman med, ho har mista den ho søv og et og handlar og ser tv med, alle vanane i kvardagen hennar er liksom rivne i stykke, halvdelen av dei to er rive bort, ho kjem til å høyre skritta hans og lydane hans i huset i lang tid framover, slår mor mi fast.

Eg skal nesten til å seie at det kan godt vere, eller at det har ho sikkert rett i, men så tek eg meg i det, for eg høyrer før orda kjem ut, at det blir ein slags jabbing, ein slags jaha jaha det har du sikkert rett i, slik eg ofte svarar når mor mi ringer og legg ut om kvardagslege, uinteressante ting, medan eg sit og surfar på Internett og ikkje høyrer etter.

Eg kan ikkje svare slik no. Det vil vere respektlaust på ein måte som vil vere tydeleg for meg, for henne, og tydeleg for begge at me begge veit, og dermed vil det framstå som opposisjonelt og umoge og kan hende direkte vondskapsfullt, noko som ikkje er heilt min stil, og så vil mor mi tolke det fritt i retning av at eg stenger kjenslene mine inne og treng ein slags emosjonell fødselshjelpar for å komme i kontakt med kor lei meg eg eigentleg er for at onkel Einar er død.

Og så vil ho komme til å spørje om slike ting som ho trur vil setje meg i betre kontakt med kjenslene mine, til dømes om eg hugsar spesifikke minne frå barndommen, då onkel Einar var med. Ho vil først ramse opp eit par slike minne, og så vil ho velje seg eitt, som ho har særleg tru på, og så vil ho detaljere det for meg, invitere meg inn i å hugse korleis eg og onkel Einar hadde fine opplevingar saman, for han var onkelen min og dermed viktig for meg.

Det vil bli pinesamt for oss begge, sidan mor mi vil komme til å slite skikkeleg med å finne noko relevant og særleg sterkt minne. Ho vil heilt sikkert hugse den eine episoden etter den andre der me var samla, der onkel Einar sat og snakka med dei vaksne, der ho sjølv hugsar han som morosam og trettekjær og reflektert. Kanskje ho vil hugse då han hjelpte bror min å få den fisken opp i båten. Eller då onkel Einar tok alle ungane med på telttur, men ikkje meg, for eg gjorde noko anna den helga. Ho vil hugse alt det kjekke og fine og rare han gjorde og sa.

Men ho veit at dersom mimringa skal lokke fram den overveldande sorga ho trur eg stengjer inne bak skjold av vørdnadsløyse, må det vere direkte relevant for meg. Og ho kjem ikkje til å hugse noko. Det er ikkje noko å hugse. Onkel Einar hadde to born sjølv, tre niesar og to nevøar, pluss dei på hi sida, som han er «onkel» til. Me var ein flokk. Og eg var ikkje tettast på, me delte ingen interesser, eg gjorde på andre ting, sat med musikk på øyra og las teikneseriar, eg sykla der borte, eg var ein annan stad.

Ho kjem til å ha ein langt lettare jobb når ho om eit kvarters tid skal ringe bror min, ho har enno ikkje ringt bror min, for eg er eldst og eg er dotter hennar, så me bør ha den mest likeverdige relasjonen, for eg har trass i alt hatt min første sambuar og fått han til å flytte ut igjen, og slikt gjer meg meir vaksen enn bror min som bur i bufellesskap med to lange rekel med pannelugg ned i auga og aldri har smørbrød eller duk på bordet når mor mi kjem, endå eg og bror min er temmeleg likeverdige når det kjem til forståing av mor vår sine forventningar til korleis ein tek imot ei mor som vitjar fråflytta unge vaksne born i byen.

Ho nemner det berre innleiingsvis, som ei sjølvfølgje, at ho ikkje har snakka med bror min, og spør, heilt unødvendig, om han er hos meg, som om eg og bror min dreiv med kaffeslabberas og sat her hos meg ein vanleg ettermiddag rett før eksamen og utveksla høfleg interesse for kvarandre.

Ho vil berre sikre seg at eg ikkje sit her og ser lamslegen og gråtkvalt ut i telefonen mens bror min sit som eit like lamslege spørjeteikn i sofaen min, ho ser sikkert for seg at han då ville legge ei spørjande/trøystande hand på armen min, eller endå verre: kneet mitt, og sperre auga opp og formulere tause setningar som kven er det og kva har skjedd og er alt i orden, og så ville det sette meg i ein endå fryktelegare situasjon enn eg allereie er i, her eg sit og sikkert er overvelda av sjokk og fornekting.

Eventuelt kan ho ha hatt eit håp om at han nettopp sat her, vaglande med asjett og kakegaffel og så kunne me vere der for kvarandre, eg og bror min, slik ho og bror hennar ville ha vore der for kvarandre.

Ho er oppteken av det, mor mi, at eg skal ha eit nært og godt forhold til bror min, søsken er nemleg dei første venene ein har og dei einaste som held livet ut, om ein tar vare på kvarandre og ikkje gløymer at alle venskap må pleiast, også dei ein har fått tildelt gjennom å dele rom frå ein sjølv var seks år og van med å vere einebarn med eige rom og brått får rydda plass til ei grindseng av psykososialt kosmonautiske dimensjonar, slik at den fridomen ein etter kvart hadde tuska til seg gjennom å vere eit roleg og uproblematisk jentebarn som sjeldan treng tilsyn så lenge det er stille på rommet, blir sprengd i filler av konstant opning og lukking av dører på kveldstid, og nattevåk utløyst av skriking med påfølgande byssing og trasking på tøfleføter ute i gangen mens ein sjølv ligg så stille ein kan i senga si og ventar til det skal gå over så ein får sove igjen.

Venskap som etter kvart stort sett er bygd på ei fellesforståing av at dei vaksne skal innblandast minst mogleg sidan worst case scenario for dei vaksne er å måtte komme med tunge skritt opp trappa og fortelje oss korleis me skal løyse konfliktar dei vaksne aldri får vite kva handlar om.

Mor mi plar legge stemma i konspiratorisk og storesøsterfellesskapleg leie når ho snakkar om brør, ho omtalar barndommen min som om den er støypt i same form som hennar, berre at sekstitalsbarndommen hennar var ein modell, ein første prototype med færre gadgets, mens min åttitalsbarndom var den ferdige utgåva, komplett med innsiktsfulle og nære foreldre som visste kva dei dreiv med.

At onkel Einar berre er to år yngre enn henne, at hennar ansvar for han må ha vore meir avgrensa, og at deira eit utgangspunkt opplagt har vore annleis enn dei seks svimlande åra som fotfølgde søskenfellesskapen mellom meg og bror min heilt fram til han blei myndig og flytta heimefrå og mor mi erklærte at me no var å rekne som like gamle, vaksne og sjølvstendige, ser ut til å drukne i all den ønskte likskapen.

Når ho ringer bror min om eit kvarter vil ho nemleg ikkje forvente nokon emosjonell reaksjon, ho vil tolke han like hemningslaust som ho alltid har gjort, sidan kvar skrukk i panna hans som spedbarn var teikn på ei brei vifte av kjensler og nær grenselaus førspråkleg innsikt og kommunikasjon.

Ho vil ikkje spørje han om kven som skal få blomar frå kven, ho vil berre fortelje han kva eg og ho har bestemt, og spørje kva han meiner om det, slik at han slepp unna med å svare at det er greitt, og så kan ho ringe tilbake til meg etterpå og seie at ho har diskutert det med bror min og at han var heilt einig, og få høve til å formidle hans reaksjon på at onkel Einar er død, som han altså ikkje vil ha uttrykt med ord, men som ho intuitivt forstår, slik mødre intuitivt forstår at det elska objektet fløymer over av klokskap og sterke kjensler som berre dei kan tolke og forstå, og komme med formaningar om at no må me ta vare på kvarandre, og så vil ho verbalisere heile den underliggande forståinga hennar av kva vennskap mellom søsken er, bør og kan vere.

Eg veit ikkje korleis eg skal unngå å svare flåsete eller tåpeleg, samstundes som det ligg som ein føresetnad i denne samtalen at det er umogleg å lyge, det er umogleg å gøyme seg, det er umogleg å verje seg mot mor si når bror hennar er død.

Mens ho snakkar vidare om onkel Einars born sine sannsynlege reaksjonar, grip eg meg i å irritere meg i aukande grad, det snik seg liksom på, ei utolmodig kjensle av at det er ho som jabbar. Søskenborna mine ville kanskje ikkje likt å overhøyre den medlidande og sjølvsikre analysen hennar, det er som om ho fastslår korleis dei er inni seg, korleis dei har det, og korleis dei vil komme til å reagere, endå ho faktisk ikkje har noko særskilt fortruleg forhold til dei.

Sjølv om dei alltid kjem om sommaren to veker og okkuperer naustet og ligg utover brygga og fiskar frå båten vår og får servert dampa sommarkål og grillkjøt og no etter kvart er blitt gamle nok til å drikke opp all pilsen til foreldra mine, er det ikkje slik at ho har god nok innsikt i kvar og ein av dei sin personlegdom til å kunne vite, i ein slik bastant detaljrikdom, korleis dei har det akkurat no. Ho forsøker ikkje eingong å avgrense seg, ho jabbar, ja, ho jabbar faktisk. Det er ho, ikkje eg, som bablar seg bort frå sine eigne reaksjonar.

Eg høyrer korleis ho finn styrke og nærer seg på dei andre sine antatte sjokkfasar, korleis skjoldet hennar hardnar mellom medvitne tankar og hennar eigen forræderiske amygdala, hennar eigne aktiverte binyrebarkar. Ho er ikkje gråtkvalt lenger, den tapre dirringa i stemma er erstatta med stø omsorg.

Dette kan ho. Heilt utan at eg ferska henne, har ho luska tilbake på eigen banehalvdel, og står der og triksar med ballen, utan å delta i spelet. Ho er ikkje der ute, ho er ikkje ei søster som faktisk merker at bror hennar er død. Ho er Store Mor no, ho er Maria, ho er det varme fanget, det gode brystet, verdas styrande prinsipp, herskarinne over elementa, den rolla ho kan best av alle, som ho har øvd på, jamt og trutt, lenger enn eg har kjent henne.

Når tanken først har slått meg, er det umogleg å høyre etter kva ho seier, umogleg å liksom fade ut i apatisk stirring på skjermen framfor meg. Eg kjenner spyttet samle seg under tunga, beina blir urolege, eg høyrer min eigen pust, tyngre og på hogget, eg må anstrenge meg for å ikkje seie det til henne. Eg kan ikkje det. Eg kan på ingen måte skjere igjennom og seie høyr no, mamma, eg veit du er lei deg, og eg veit at det er lettare for deg å drive fjernterapi på søskenborna mine mens eg sit som taust sanningsvitne i andre enden og legitimerer det du seier så lenge eg ikkje seier imot, men veit du kva, mamma, no seier eg deg imot.

Eg kan faktisk ikkje det, det er ikkje feigt eller undertrykt eller umoge, det er ikkje fordi eg er barnlaus og singel student midt i tjueåra og strevar med å finne ein måte å vere vaksen på når mor mi ringer. Det er fordi ho kjem til å bryte saman.

Og ho kjem til å ha bruk for gjenklang.

Eg kan ikkje gjere henne merksam på korleis ho intellektualiserer seg bort frå smerta, eg kan ikkje opne den døra mellom oss, for då må ho sjå meg. Eg kan ikkje rive vekk skjoldet hennar og la all kjærleiken hennar til onkel Einar komme veltande ut i det vakuumet som er meg. Ho vil merke det.

Ho vil merke og sjå og grufullt vite kor lite kjærleik det er i dotter hennar.

Det vil ikkje vere til å halde ut for henne. Ikkje i dag. Ikkje no. Ho har mista bror sin.

Mor mi er intimiderande og analyserande og brøytar seg veg inn i eksamenslesinga mi med røynd og smerte og fornekting og intellektualisering fordi ho verkeleg elskar familien sin. Ho elskar meg, ho elskar bror min, ho elskar onkel Einar. Og om me skal opne opp for alt det inneber, vil ho ha bruk for eit menneske som er like intenst og kjenslevart og til stades som henne.

Det siste mor mi har bruk for akkurat no, er å snakke med meg. Eg likte ikkje onkel Einar spesielt godt. Eg har så lite kontakt med bror min som mogleg.

Eg vil helst lese til eksamen slik at eg kan få ein god nok karakter til å få litt mindre vondt i magen, og kunne reise heim på ferie og avfeie at karakteren betyr noko for meg med innadvendt og litt sur stemme, og sitte i skuggen og lese romanar mens søskenborna mine og bror min klumpar seg saman ute i sola og skvettar vatn på kvarandre og fiskar og snakkar om onkel Einar og den gongen bror min fekk ein diger torsk i kronologisk aukande vektklasse for kvar sommar historia blir fortalt og onkel Einar hjelpte han med å få den opp i båten, men var så oppteken av at bror min skulle bli fotografert med den digre torsken om bord og på dramatisk vis at han overtalte bror min til å halde den utanfor ripa og skjere grimasar og rekonstruere korleis han skulle ha løfta den opp i båten sjølv, og så kan dei le av det no, men bror min kunne ikkje le av det då, den gongen han mista fisken sin.

Eg vil helst lese til eksamen slik at eg slepp å lese til konteeksamen heile sommaren, og eg vil helst sleppe å vite at onkel Einar er død. Han kunne latt vere å døy, det var verst tenkelege tidspunkt, å døy rett før eksamen, eg forstår slike legar som vil ha fødslane i kontortida, eg likar konfirmasjonar og brudlaup og dåp som er føreseielege og kan planleggast, eg kan ikkje forstå at me ikkje har komme så langt no at dødsfall kan bli berre nokolunde føreseielege, nokolunde planlagte.

Framfor kvar einaste ferie, kvar einaste familiesamkome, må ein bygge seg opp, halde seg saman, sørge for å vere nokolunde budd på spørsmål, ha håret nokolunde nyfarga, ha vore på biblioteket og skaffa bøker med korte og treffande tekstar som kan ligge i veska, ein får som regel lang tids varsling, heile livet er ei lang varslingsrekke, ei uendeleg bølgjerekke av førebuingar, samankomster og påfølgjande utmatting og lette før ein må førebu seg på neste familiesamankome.

Gravferda til onkel Einar blir sannsynlegvis på tirsdag, seier mor mi, og det er ikkje mange dagane til, men i det minste dagar, i det minste sømnlause netter. Men dette, denne telefonsamtalen, dette stormåtaket her eg sit komplett ubudd og verjelaus på hybelen min, og heilt uventa må forhalde meg til ei mor som sig ut i alle tenkelege retningar, det er som eit oljeutslepp, og lensene mine er latterlege og udugelege.

Så eg seier ikkje at det har ho sikkert rett i, eg vil ikkje utløyse meir av dette, eg vil ikkje avsløre for mor mi det ho eigentleg veit frå før: Bror hennar og dotter hennar hadde ingen nær relasjon. Me hadde knapt nokon relasjon i det heile. Dotter hennar er ein kald, nevrotisk drittsekk som skjermar seg mot å vere saman med dei andre, og heller sit på avstand og tenker nedlatande tankar om dei mens ho er redd for at dei skal komme og audmjuke henne med nærgåande spørsmål om korleis ho har det, kva ho driv med, kva ho vil, kven ho er.

Eg seier ikkje at ho må skjerpe seg eller at ho har lov å tenke på seg sjølv også, at det trass alt er hennar eigen bror og no har ho ingen igjen og at eg forstår at det må vere eit forferdeleg, svart hol å vere i som menneske.

Eg kan ikkje seie det, for eg vil helst berre få vere i fred litt, så eg kan kvie og førebu meg til gravferda.

Til sist blir ho ferdig. Ho seier ho må ringe bror min. Ho legg på. Om ein halvtime kjem ho til å ringe tilbake. Markøren står og blinkar på skjermen og eg vurderer å grine litt likevel. Vanskeleg å seie kva som er verst av skam og statistisk metode, eigentleg.

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 48, nummer 7, 2011, side 667-669

Kommenter denne artikkelen