Du er her

Den første samtalen

Vi let ein profesjonsstudent og ein masterstudent møtast til ein liten prat om det som er felles og det som skil. Dei smilte til kvarandre, snakka godt på tvers, og gjekk kvar til sitt vel forlikte.

Publisert
5. august 2010

Krig?: Masterstudenten Hanne Borgersen og psykologstudenten Endre Visted er tydelege på sin eigen posisjon, men ingen av dei likar eigentleg krigsspelet sjakk. Dei vil heller spela på lag.

– Har de møtt kvarandre før?

– Nei, aldri, svarar dei to på andre sida av bordet.

Vi låner eit kontor på psykologisk fakultet i Bergen. Ovanfor meg til venstre sit Endre Visted frå Stavanger, profesjonsstudent på åttande semester. Til høgre sit Hanne Borgersen frå Oslo, om to timar master i arbeids- og organisasjonspsykologi. Då er ho ferdig med siste munnlege eksamen.

Mykje felles

Kvart år utdannar Universitetet i Bergen 20 masterar i arbeids- og organisasjonspsykologi og 36 psykologar. Dei brukar dei same seminarromma, den same kantina, dei same auditoria, har dels dei same lærarane, går i dei same korridorane og les òg nokre av dei same bøkene. Men etter fire felles år i Christiesgate 12 har dei to psykologistudentane altså ikkje veksla eitt einaste ord før.

– Eg har etterlyst det i fakultetsstyret, der eg sit som studentrepresentant, seier Borgersen. – Det ville kunna gje ressurssparing og føra til refleksjon.

Dei to er samde om at det ville vera rasjonelt å utnytta kompetansen på tvers også under studia.

Men den kliniske identiteten er veldig viktig for mange på profesjonsstudiet, fortel Visted.

– Dei fleste ønskjer å jobba innanfor helsevesenet, seier han.

Viktig breidd

Psykologistudenten ser det som veldig viktig at ein tek vare på breidda i psykologutdanninga. Om ein ikkje gjer det, kan ein stå i fare for å mista blikket på konteksten i det kliniske arbeidet. Dessutan er det alltid nokre på kvart kull som orienterer seg meir mot organisasjonspsykologi eller forsking.

Hanne Borgersen seier seg heilt einig i at det er naturleg at ei klinisk utdanning er eit profesjonsløp med integrert praksis. Sjølv om masterar og psykologar har samanfallande emne, er det òg mykje som skil. Profesjonsstudentane jobbar mellom anna tett på både eigne og andre sine kjensler. Dei har praksis og observasjon av kvarandre med tilbakemelding frå medstudentar og rettleiarar. I ein slik situasjon er det avgjerande at ein kjenner seg trygg på dei ein er saman med.

Psykologklassen

Men er denne kullkjensla annleis på profesjonsstudiet enn på andre studium? Utan tvil, meiner Endre Visted. Før han kom til profesjonsstudiet i Bergen, tok han ein bachelor i psykologi i Oslo.

– Det var noko heilt anna. Fleksibiliteten var stor, og folk tok veldig mange ulike fag, fortel han. Sjølv var han litt i villreie om kva lei han skulle ta, og enda mellom anna opp med fire emne i sosiologi. Hanne Borgersen supplerer med å fortelja om andre som har ein bachelor i psykologi som inneheld både filmvitskap og andre perifere fag.

Samstundes vil ikkje Endre Visted overdriva tydinga av å gå i ein klasse.

– Arbeidslivet krev jo at du samarbeider med mange ulike folk, poengterer han.

Blir gjerne medlem

Vi spør Hanne Borgersen om ho kunne tenka seg å bli medlem i Norsk Psykologforeining, dersom det blei mogleg og gjorde at ho kunne få følgja spesialistutdanninga i organisasjonspsykologi.

– Definitivt, svarar ho.

– Tilgang til spesialistopplegget ville vera ei naturleg forlenging av dei fem åra med spesialisering som eg allereie har. Om denne utdanninga ligg hos Psykologforeininga, så ville det vera heilt naturleg for meg å søkja medlemskap der.

Namnet psykologforeining ser ho på ingen måte på som avskrekkande, så lenge det er avklara for alle at nokon har ein slik tittel og andre ein sånn.

– Det får heller vera ein a-klasse og b-klasse. For meg er ikkje det noko problem. På eit vis ville ei tilknyting til Psykologforeininga for meg som ikkje har psykologtittel, styrka kjensla av å vera profesjonell. Det ville vist at eg var godkjent av dei som har endå meir utdanning enn meg sjølv, seier masteren.

Ønskjer anerkjenning

All den tid det ikkje er eit alternativ, har ikkje masterstudentane vore så opptekne av å snakka om kor vidt dei kunne tenka seg å vera medlemer i Psykologforeininga.

– Men det vi masterar er opptekne av, er å bli anerkjente for det vi har, og då er kvar ein ting som skapar rørsle i retning av å få formalisert anerkjenninga bra. Vi har ikkje noko agg mot psykologane, men meir ei oppfatning av at dei lurar litt på kor dei skal plassera oss.

Vi fortel at tanken om å synkronisera namnet på foreininga med det engelske, Norwegian Psychological Association, og kalla den Norsk Psykologiforeining, for tida vakar rundt i organisasjonen. Borgersen ser veldig positivt på dette.

– Eg ser det som ein indikasjon på at ein opnar for tanken om at det kan finnast fleire slags psykologar, og at psykologi er meir enn profesjonsstudiet.

arneolav@psykologforeningen.no

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 8, 2010, side 768-769

Kommenter denne artikkelen