Du er her

Ei eviglang venting

Eitt år? Ti år? Tjue? Dei veit ikkje kor lenge dei må venta. Dei veit ikkje kva dei har i vente. Dei har ofte ikkje bustad, får ikkje lov å jobba og får minimalt med helsehjelp.

Publisert
5. februar 2010

ANONYMT: Bak dette dørskiltet gøymer det seg ein liten revolusjon. For første gong kan menneske utan lovleg opphald i Noreg finna vegen til verdig helsehjelp.

– Å ikkje ha lovleg opphald i eit land kan opplevast som eit «ikkje-liv», eit liv som handlar om alt ein ikkje får, alt ein ikkje kan, og alt ein ikkje har rett til, seier Solveig Holmedal Ottesen. Ho leier det nyoppretta helsesenteret i Oslo for papirlause migrantar, eit pionerarbeid som blei starta i oktober 2009. Takk vera ein tverrfagleg velgjerdsdugnad frå legar, psykologar, sjukepleiarar, farmasøytar, bioingeniørar, fysioterapeutar, kiropraktorar og (foreløpig) ein tannlege, får denne særs utsette gruppa endeleg eit verdig helsetilbod. Verdig både brukarane og velferdsnasjonen Noreg.

Mange alvorlege plager

Bak sandblåste vindaugo i ein alminneleg bygard kan Ottesen visa fram fem behandlingsrom i nyoppussa lokale, der to er øyremerkte psykologar. Heimelaga papirskilt i A4 viser veg. Anonymiteten er viktig for migrantane. Mange går i konstant frykt for å bli oppdaga av politiet eller andre representantar for styresmaktene og sende ut av landet med tvang.

Dei papirlause har generelt ei dårleg fysisk helse og slit ofte med kroniske eller alvorlege smittsame sjukdomar – også tuberkulose og hiv – i tillegg til hovudverk, magesmerter og stive musklar og ledd. Dårlig og usunt kosthald er òg vanleg. Mange kvinner treng dessutan helsehjelp i samband med graviditet.

Men dårleg psykisk helse er eit endå større problem. Alvorlege psykiske lidingar er ikkje uvanleg, heller ikkje menneske i psykose og med sjølvmordstankar. På oppdrag frå Kirkens Bymisjon i Oslo skreiv Ottesen i 2008 rapporten «Papirløse migranter – En undersøkelse av situasjonen for mennesker uten lovlig opphold i Norge». Her siterer ho europeiske kjelder som fortel at mange papirlause opplever depresjon, handlingslamming og ekstremt stress, og at psykosomatiske plager er utbreidde. Tortur og krigstraume er heller ikkje uvanleg.

Har bare rett til akutt hjelp

Born har rett til både skulegang og fulle helsetenester, sjølv om dei ikkje har lovleg opphald i Noreg. Men vaksne har bare rett til akutt hjelp, og mange papirlause migrantar kvier seg for å nytta seg av dei rettane som finst, sidan dei er redde for å bli oppdaga og sende ut av landet.

INVESTERING: Som papirlaus får ein inga anerkjenning og blir ikkje investert i som menneske, seier Solveig Holmedal Ottesen. Ho leier det nyoppretta helsesenteret i Oslo for papirlause migrantar.

I dei fleste land i Europa har det lenge eksistert ei eller anna form for helsetilbod for dei papirlause. Men ikkje i Noreg. Styresmaktene si offisielle haldning er at ein ikkje skal laga tilbod som gjer at folk kan bli verande ulovleg i landet. Likevel har altså Kirkens Bymisjon og Oslo Røde Kors gått saman om å laga ei slik helsetenseste. Med eigne midlar finansierer dei ein styrar og ein sjukepleiar i full stilling og ein tilsynslege i tjue prosent. Senteret opererer etter helsevesenet sine alminnelege kvalitetskrav. Men dei rundt 60 fagfolka, som alle bidreg med minst ei vakt i månaden, jobbar altså gratis.

Svært god respons

– Vi har måtta laga inntaksstopp på frivillige, seier Ottesen. Responsen frå fagmiljøa har vore over all forventing.

Karl Eldar Evang er Psykologforeningen sin representant i helsesenteret si ressursgruppe. Han kan fortelja at tolv psykologar er med.

– Alt frå nyutdanna til nyslåtte pensjonistar har meldt seg til teneste. Dette er psykologar som er villige til å gjera ein frivillig humanitær innsats, seier han.

Sjølv kom han med i ein tidleg fase, etter å ha høyrt Libe Rieber-Mohn (Ap), Erna Solberg (H) og Per Sandberg (FrP) gå hardt ut på Dagsrevyen mot Kirkens Bymisjon då desse ymta frampå om at dei papirlause trong sårt til helsetenester og andre sosiale åtgjerder.

– Eg reagerte på fagetisk ryggmargsrefleks, seier Evang, som kontakta Psykologforeningen med det same, og slik sette i gang prosessen som leidde fram til eit sentralstyrevedtak om at foreininga støtta medlemer som ville gå på tvers av styresmaktene i dette spørsmålet. Fagforeiningane til både sjukepleiarane, legane og andre helsearbeidarar har gjort det same.

Barfotpsykologar

– Dette er eit nytt arbeid for mange psykologar, forklarar Evang.

Nokre av dei som har meldt seg, har jobba med flyktningar tidlegare, men her går ein inn i eit uoversiktleg arbeid og utviklar det undervegs. Evang kallar det ein arena for barfotpsykologar. Både dei institusjonelle rammene, finansieringa og bestillinga frå pasientane er uvanleg. Terapeutane kan ikkje på vanleg vis spela på dei uike nivåa i helsevesenet. Dessutan er mange av pasientane òg uvande med psykologar og kva dei kan tilby. Nokre spør om hjelp til å skaffa papir, medan andre ønskjer ein stad å bu. I slike situasjonar må psykologane sjølvsagt seia nei, men samstundes må dei la kontakten halda fram slik at dei kan koma i posisjon til å arbeida med andre problem pasienten måtte ha.

Uvissa pasientane lever under, smittar på eit vis over på terapeutane. Det er vanskeleg å planlegga lange behandlingløp, og ein kan koma i situasjonar der ein tenker at pasienten hadde hatt best av å reisa til heimlandet sitt. Andre kan ein meina burde få bli i Noreg. I visse situasjonar vil det kanskje vera fagleg korrekt å dokumentera skader eller traume som kan gje rett til endring av pasienten sin juridiske status. Men ein må passa seg så ein ikkje blir rådgjevar eller advokat for dei papirlause migrantane.

– Dette arbeidet krev at ein reflekterer over kva som er psykologen si rolle, understrekar Evang.

– Det kan bli mange vanskelege avvegingar.

Møtet med håpløysa

Behandlarane kan lett kjenna på ei stor håpløyse, fortel Evang. For håpløysa heng ved nesten alle pasiantane dei møter. Dei ytre rammene er ikkje i orden. Dei er utstøytte av Noreg. Når ein ikkje kan gjera noko med det tyngste pasientane går og ber på – samfunnet si avvising og mangelen på tryggleik og avklaring – kva betyr arbeidet då? Å takla håpløysa er ei stor utfordring for dei frivillige helsearbeidarane. Vi spør Solveig Holmedal Ottesen om stemninga på arbeidsplassen, om korleis ho kan motivera dei frivillige. Ho smiler litt og innrømmer at det ikkje er heilt enkelt. Å møta menneske i ein så håplaus situasjon kan gå innpå sjølv den sterkaste.

– Motivasjonen ligg vel i at det i det heile tatt finst eit slikt profesjonelt tilbod. Vi har bra med utstyr, høg kompetanse og er godt organiserte. Det gjer at vi kan seia: Yes! Her får vi verkeleg gjort noko!

LIK HJELP: – Eg reagerte på fagetisk ryggmargsrefleks, seier psykologen Karl Eldar Evang, som tidleg engasjerte seg for å gje papirlause migrantar terapeuthjelp.

Samstundes er det ikkje uvanleg at dei papirlause migrantane har vore utsette for tortur og andre overgrep. Bevisa ber dei med seg på eigen kropp. Ottesen veit at dei mange tunge sakene kan opplevast heftig for dei frivillige.

– Det er kanskje lettare for legane enn for psykologane. Det somatiske kan ein ofte enklare gjera noko konkret med, seier leiaren.

Men psykologane har ein fordel med at ressursen er dei sjølve, og at denne ressursen er tilgjengeleg. Ottesen fortel om fleire psykologar som følger opp brukarar utanfor helsesenteret gjennom å ta dei som sine eigne klientar.

Det er ein arena for barfotpsykologar. Både dei institusjonelle rammene, finansieringa og bestillinga frå pasientane er uvanleg

Mange av dei som kjem til behandling, har eit utvisingsvedtak hengande over seg.

– Sjølv om behandlinga kan bli kortvarig, er den uansett ikkje bortkasta, understrekar Ottesen. Vi investerer i menneske, og det dei har fått her, kan dei ta med seg same kor dei fer.

Kvifor blir dei?

Men kvifor reiser dei ikkje bare heim? Mange ser nok Noreg og livet her som eit betre alternativ, sjølv om det er vanskeleg. Det blir eit val mellom pest og kolera, skriv Ottesen i rapporten sin, og fortel om ein ung homofil papirlaus mann som fortalde at han ikkje kunne reisa heim fordi han ikkje kunne vera homofil i heimlandet. Men i Noreg var han heller ikkje lukkeleg. «Eg ser lukkeleg ut, men er det ikkje. Eg søv ikkje om natta. Eg fortel sanninga, men får ikkje opphald. Det kjennest urettferdig. Eg veit ikkje kva eg skal gjera.»

Nokre månader seinare hadde han fått saka opp på nytt i Utlendingsnemnda, fordi det var kome fram nye element i saka. Han hadde fått nytt håp. Slik lever mange med ei stadig von om at ei ny regjering eller politiske tøvêr skal føra til lovendringar som gjer at dei blir innvilga opphald. Slik går dei og ventar år ut og år inn. Mellom dei som har vore innom helsesenteret, er det òg ein mann som har vore i landet som papirlaus i 21 år – til no.

Tilhardnande politisk klima

Kor lenge må så det midlertidige helsesenteret oppretthaldast for at dei papirlause migrantane skal få eit minimum av helsetenester? Karl Eldar Evang er usikker. Han understrekar at både Legeforeningen, Psykologforeningen og Helsedirektoratet ser behovet for eit slikt tilbod og støttar det.

– Så spørs det kor tungt dette veg i forhold til eit politisk klima som eg opplever som tilhardnande når det gjeld gode for asylsøkarar og papirlause migrantar, seier psykologen.

Solveig Holmedal Ottesen trur heller ikkje ho blir arbeidsledig med det første, sjølv om både Raudekrossen, Kirkens bymisjon og andre driv eit aktivt påverkingsarbeid overfor styresmaktene.

– Målet vårt er jo å leggast ned, men det er ingenting som tyder på at det blir under denne regjeringa. Og då blir det heller ikkje under den neste, for den blir vel blåare, seier ho lakonisk.

Men signala er ikkje eintydige. I 2010 får helsesenteret dekt rundt 25 prosent av utgiftene sine med midlar frå Helse og rehabilitering, ei stifting som består av 27 helse- og rehabiliteringsorganisasjonar som fordeler overskotet frå TV-spelet Extra. Mykje tyder på at dette er ei sak der politikarane er i utakt med majoriteten av aktørane i Helse-Noreg, kan henda òg i resten av folket.

PAPIRLAUSE MIGRANTAR

Menneske som er i Noreg utan lovlege opphaldspapir

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det rundt 18 000 her i landet

Har rett til akutt hjelp på lik linje med andre som oppheld seg i landet. Andre rettar til helsehjelp finst ikkje for vaksne i denne gruppa

Borna har rett til skulegang og full helsehjelp uansett

Alle som er i Noreg, har rett til gratis behandling for smittsame sjukdomar, uavhengig av opphaldsstatus. Òg for tuberkulose (seks månaders behandling) og hiv (livslang behandling)

Påbegynt behandling for ei psykisk liding, gjev ikkje rett til opphald

Det er mogleg å få opphald på humanitært grunnlag etter ei vurdering av helse, familietilhøve, omsynet til born, tilhøva i heimlandet, butid og innvandringspolitiske omsyn

Kjelde: Papirløse migranter (Ottesen 2008)

Teksten sto på trykk første gang i Tidsskrift for Norsk psykologforening, Vol 47, nummer 2, 2010, side 124-127

Kommenter denne artikkelen